Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er fullt klar over at politiutdanninga i Alta ligg konstitusjonelt under justisministeren. Det er likevel slik at spørsmålet mitt handlar om det prinsipielle, nemleg om når det er kompetanse som vert etterspurd, og som me treng. I regjeringa sin eigen nordområdestrategi vert det peika på både tryggleik, beredskap og desentralisert utdanning, og ein må seie at politiutdanninga i Alta har vore ein braksuksess. Eg tenkjer at viss regjeringa har ei felles tilnærming til høgare utdanning og utdanning av kompetanse som me treng, burde regjeringa ha vidareført tilbodet med politiutdanning i Alta, for dette er kompetanse som landsdelen treng. Då stiller eg spørsmålet på ny: Er det ikkje ein god idé å oppretthalda populære studieplassar i distrikta, som bl.a. politiutdanninga i Alta?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
