Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 5 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. jan 2026

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 13. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Senterpartiet meiner at skulefritidsordninga er ein viktig arena for både leik, tryggleik og fellesskap for dei yngste elevane i skulen. Me har ei regjering som har bidrege til gratis kjernetid for 1. til 3. trinn, og Senterpartiet var med då det blei lagt på plass. Me har òg styrkt kommuneøkonomien slik at bemanninga i SFO kan aukast. Det har òg skjedd med vår hjelp. Representantforslaget me behandlar i dag, inneber ei lovfesting av den retten til tolv timar gratis SFO per veke me har innført. Det er eit forslag som Senterpartiet støttar heilhjarta opp om. Samstundes er det viktig å peika på at kommunane i stor grad er sikra at SFO er eit frivillig tilbod til alle. Regjeringa slår sjølv fast at det ikkje er kjende tilfelle av at elevar som ønskjer plass, ikkje får det. Det er viktig at tilbodet er frivillig og opent for alle som ønskjer det. Samtidig er det viktigaste grepet for å sikra eit godt SFO-tilbod at kommuneøkonomien blir styrkt, sånn at ein kan fylla dette tilbodet med meiningsfylt innhald. Senterpartiet fekk gjennomslag i budsjettforliket for ei betydeleg styrking av kommuneøkonomien, og då får me til dette. Det er avgjerande at det ligg i botn viss ein skal få god kvalitet, fleire tilsette og eit godt lokalt SFO-tilbod. For Senterpartiet er det viktig at SFO framleis skal vera eit frivillig tilbod, og at tilbodet blir utforma i tråd med ønska til både elevar og foreldre, men òg ut frå dei ulike behova som er i ulike lokalsamfunn rundt omkring i heile landet. Me har prioritert midlar til bemanning og kompetanseheving, og me meiner det er viktig for å byggja vidare opp under dette tilbodet. Lovfestinga er difor i stor grad ei stadfesting av dagens praksis, og det kan òg vera nødvendig for å sikra grunnleggjande rettar til folk. Det er sånn me tradisjonelt sett har bygd velferdsstaten, med dei offentlege fellesskapstilboda som me høyrer at enkelte representantar ikkje ønskjer at me skal ta i lag. Eg meiner det er viktig at me har ei lovfesting. Det er verken for staten sin del eller for kommunane sin del – det er for ungane sin del. Det er heller ikkje for foreldra sin del at me gjer dette, men det er for å sikra eit tilbod og ein meiningsfull kvardag, noko eg òg trur kan avlasta dei offentlege budsjetta på ei rekke andre område, ved at ein får mindre fråfall og mindre skilnader mellom ungane i tidleg alder. Så det å koma tidleg i inngrep, sikra ei meiningsfull tid mellom skule og fritid, der foreldra kanskje ikkje er til stades, trur eg er ei billig investering for å sikra at me får med oss heile laget, og at det ikkje blir større forskjellar blant folk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat