Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 5 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg takkar for svaret, men det er jo ein stor bekymring no i desse lokalsamfunna knytt til både det at ein fjernar eit viktig tenestetilbod lokalt, og at dette gjeld ein stor del av drifta på dei aktuelle sjukehusa, og at det som då blir igjen, er eit mykje mindre tilbod og ein svekt beredskap. Det går òg ut over moglegheita for å kunna yta akutte tenester i ein alvorleg situasjon. Me har altså eit område her no mellom Hønefoss og Voss som blir utan ortopedisk beredskap. Det er eit område som òg samferdselsministeren bør vera kjent med at har lange tunnelar og krevjande topografi, og det har skjedd og skjer hendingar på dette vegnettet som gjer at det er behov for ein sterk beredskap. Er det noko som samferdselsministeren i diskusjonane i regjeringa òg vil vektleggja? At dette er eit noko spesielt område med fleire av verdas lengste tunnelar – det blir sett stadig nye rekordar på det – vil han vektleggja det i dei diskusjonane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
