Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I juni i fjor la Maskinentreprenørenes Forbund, MEF, fram ein rapport som viser at anleggsdrift med nullutsleppsmaskinar er 89 pst. dyrare enn med konvensjonelt drivstoff. Kostnadsnivået innanfor bygg og anlegg og transport har gått til himmels dei siste åra med tanke på både drivstoff, stål og prisar på alle område. Statsråden sa i svar til Bård Hoksrud at storsamfunnet må ta kostnadane med den kostnadsveksten på nullutslepp og det andre. Då er spørsmålet eigentleg: Når har regjeringa tenkt å satse på samferdsel og auke løyvingane? Både transport- og bygg- og anleggsbransjen slit med at prisane har gått til himmels, og viss ein skal bruke nullutslepp, vert det 89 pst. dyrare – på beredskap, på brøyting, på anleggsdrift, som er viktig både for beredskap og for å halde Noreg oppe. Har statsråden tenkt å finansiere dette og ta dei kostnadane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
