Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 14. jan 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 14. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg ferdast dessverre ganske mykje på vegane. Eg køyrer ca. 1 100 kilometer i veka og ser veldig mykje rart. Både på E6 nordover, på rv. 15 osv. er det ganske mykje vegarbeid. For eksempel på Tretten, der det er eit par hundre meter kor det har stått eit 50-skilt i ei 80-sone. Det var jo vegarbeid på Tretten då dei bygde ny bru der, og vegen er altså akkurat like brei der som resten av vegen, men det er nedskilta frå 80 til 50 i to hundre meter. Det er ganske så uforståeleg, og det har etter mitt skjøn ingenting med vegarbeid å gjere. Det same gjeld på rv. 15 lenger nord. Der har det vore akkurat same opplegget. Dei mest farlege er jo desse skilta som vert sett igjen, og gløymt igjen. Når ein kjem på glatt føre og det plutseleg i 110-sona står eit 70-skilt, då skjønar alle kva som skjer med nye, moderne bilar. Spørsmålet vidare er: Har Statens vegvesen tenkt å ha system som fangar opp dette betre? Det må vere sånn at det er folk i Statens vegvesen som ferdast på desse vegane og klarar å fange opp dette betre?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat