Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg hadde eit spørsmål tidlegare til statsråden angåande det med digital skilting, som er veldig fornuftig i forhold til anleggsarbeid som går i veka, men der det er opphald i helgane. I dagens verd ville det vore ei enkel sak med digital skilting å gå frå å nedskilte til 50-60-70 og opp att på 80 når det ikkje er anleggsarbeid. Det var eit positivt svar frå statsråden, eigentleg. Eg har fått veldig mange meldingar om at dette er noko som ein eigentleg burde vurdere. Er dette noko som statsråden vil sjå litt nærare på? Digital skilting vil ta vekk ganske mykje av utfordringa innanfor skilting, på veldig mange område.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
