Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 14. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 14. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Då trur eg at eg går vidare til næringsministeren, som har det overordna ansvaret for å koordinera arbeidet til departementa med forsyningssikkerheit – ei oppgåve som ifølgje Næringsdepartementet sjølv skal bidra til at arbeidet med forsyningssikkerheit og samfunnssikkerheit vert meir samanhengande og heilskapleg. Når butikkane er tomme, kan ein vel neppe seia at arbeidet er vellykka. At det er tomme hyller i daglegvarebutikken på Svalbard, har årsak i at ein har slutta å fly inn, og at den båten som fraktar varer, ligg i dokk eller er til reparasjon. Då er mitt spørsmål: Kva vil næringsministeren gjera for å sikra forsyningssikkerheita til Svalbard? Er næringsministeren fornøgd med at det er tomme butikkhyller på Svalbard?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat