Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 14. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 14. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg trur dette svaret seier mykje om grunnen til at butikkhyllene på Svalbard er tomme. Samferdselsministeren, med ansvar for Posten som har slutta å fly, peiker på næringsministeren. Næringsministeren, som har det koordinerande ansvaret, peiker på Sysselmeisteren. Det er veldig rart, all den tid ein ifølgje departementet har det overordna ansvaret for å koordinera arbeidet til departementa med forsyningssikkerheit. Det er ingen tvil om at Stortinget ikkje kan forhalda seg til Sysselmeisteren, men må forhalda seg til regjeringa, og at regjeringa må forhalda seg til Stortinget. I november 2024 gjorde Stortinget følgjande vedtak: «Stortinget ber regjeringen sørge for at flyfraktkapasitet mellom fastlandet og Svalbard opprettholdes inntil en permanent løsning er på plass.» Dette flytilbodet har ein no kutta ut. Butikkhyllene er tomme. Har ein ei permanent løysing for matforsyning til Svalbard?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Pollestad (Senterpartiet) — Replikk · 14. jan 2026 — OverStortinget