Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Statsråden viser til at regjeringa legg til rette for omstilling, men mange aktørar i næringslivet opplever at ein ikkje merkar dette i praksis. Ein heilt avgjerande føresetnad for å lykkast med omstilling av norsk industri er innovasjon. Samtidig peiker investorar, bedrifter og organisasjonar på at uføreseielege og særnorske rammevilkår gjer det vanskelegare å satse i Noreg, og ein åtvarar om at både kapital og kompetanse blir trekt ut. Investinor og Shifter viser til at tilgangen på kapital for oppstartsselskap er halvert sidan 2023, at antal inngåtte avtalar har falle kraftig, og at investorar vurderer tilgangen på kapital som forverra. Spørsmålet blir: Korleis kan statsråden påstå at regjeringa legg til rette for innovasjon i Noreg når aktørar i marknaden, investorar og Innovasjon Noreg seier noko heilt anna?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
