18. jun 202613:59· Replikk
Møte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10
Takk for spørsmålet. Eg
tenkjer at dette er ei sak som vi må få fram meir fakta rundt. Det
er iallfall det eg som representant for KrF har lagt i å gå inn
i dette, å sjå på om det går an å få fram meir fleksible løysingar
som gjer det lettare for et breiare antal potensielle bønder å verte
bønder. Det er svaret mitt på det.
18. jun 202613:53· Innlegg
Møte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10
Eg tenkte eg skulle starte
med litt ros i innlegget mitt no. 16. mai vart det inngått ein god
jordbruksavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og
Småbrukarlag, og eg hadde tenkt å seie gratulerer. Vi skal behandle
det no, og det vert sikkert vedteke. Så tenkte eg at eg ville gje
litt kred til saksordføraren for denne saka. Eg er jo fersk, men
eg tenkjer det er eit stort arbeid å vere saksordførar for ein sånn
type sak, så det er godt jobba, Geir Pollestad!
Denne avtalen gjev eit solid inntektsløft for
norske bønder, og har ei ramme på 3,66 mrd. kr, som gjev grunnlag
for auka inntektsmoglegheiter på 91 341 kr per årsverk. Det gjer at
målet for økonomisk jamstilling kan nåast i 2027. Det er eit resultat
partane kan vere stolte av, og Kristeleg Folkeparti stemmer for
avtalen.
Men det eg vil bruke mest tid på i dette innlegget,
er ikkje kronebeløpet, men modellen som ligg til grunn for denne
avtalen.
Noreg er det einaste landet i verda der bønder
har ein lovfesta forhandlingsrett med staten om sine eigne inntektsvilkår.
Det har vi hatt sidan 1950. I ei tid med aukande internasjonal uro
er dette ikkje ein formalitet vi skal leggje bort når det passar.
Det er berebjelken i den norske landbruksmodellen. Det gjev bonden
ein reell motpart, og det gjev den føreseielegheita som trengst
når investeringar i fjøs, jord og maskiner skal betalast ned over
eit bondeliv.
Det sikrar at vi har bønder i heile landet.
Difor synest eg det er litt urovekkjande at FrP og Høgre i innstillinga
i saka seier noko om å integrere jordbruksoppgjeret tettare i den økonomiske
politikken elles. Det er eit sitat frå den merknaden. Det er urovekkande.
Den enkle oversettinga av dette er at bondens
forhandlingsrett skal byggjast ned. Slik oppfattar Kristeleg Folkeparti dette.
Det er ikkje ei modernisering, nei, det er eit linjeskift som Kristeleg
Folkeparti ikkje vil vere med på. For oss handlar landbrukspolitikk
om forvaltaransvar. Vi forvaltar matjorda til fellesskapet på vegner
av dei som kjem etter oss. Det er bakgrunnen for at terskelen for
nedbygging av dyrka og dyrkbar mark må vere svært høg, og at bu-
og driveplikta må handhevast i praksis, ikkje berre stå i lova.
Vi meiner at familielandbruket er berebjelken i norsk matproduksjon.
Den sjølveigande bonden gjev lokal kunnskap, kontinuitet og levande bygder
i heile landet.
Difor har vi i vår merknad teke til orde for
gardssparing for unge bønder, med skattefrådrag etter modell av
BSU-ordninga. Vi har ein jordbrukskonto som forslag, som gjer det mogleg
å fordele inntekt og skatt over fleire år. Det er konkrete verkemiddel
for eit generasjonsskifte vi veit kjem, særleg for bruk i mellomsjiktet
som verken har stordriftsfordelar eller fangast opp av særordningar
for dei minste.
Vi er òg glade for at avtalen fjernar samordninga
for avløysartilskot ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking
for samtlege inntekter. Det er nettopp slike grep som avgjer om
vi får ny rekruttering til næringa, særleg blant kvinner.
Gjødselprisane har stege markant i kjølvatnet
av krigen i Iran. Det er ei påminning om at matberedskap ikkje er
ei øving vi gjer på papiret, men noko som byggjast kvar dag gjennom
korn, gras og mat, utmarksressursar i heile landet. For KrF ligg
målet om 50 pst. sjølvforsyning innan 2030 fast.
Når det gjeld klima, må jordbruket ha ein del
av ansvaret, men omstillinga må skje i samarbeid med næringa, ikkje
ved at vi i denne salen legg nye særavgifter på dei norske bønder og
det dei produserer. Kristeleg Folkeparti går imot særskilde avgifter
på raudt kjøt.
Denne avtalen er god fordi den styrkjer bondens
inntekt utan å svekkje modellen som forhandlingane byggjer på. Det er
den kombinasjonen KrF vil fortsetje å forsvare. Jordbruket skal
vite at det finst eitt parti på borgarleg side som står last og
brast med forhandlingsinstituttet, uansett kva fleirtal som styrer
landet.
10. jun 202613:36· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Inge Lien, Geir Pollestad og Siv Sætran om kompensasjonsordning for bedrifter utan høve til omstilling (Innst. 405 S (2025–2026), jf. Dokument 8:198 S (2025–2026))
KrF er for det grøne skiftet.
Vi trur på omstilling, vi vil ha lågare utslepp, og vi meiner næringslivet
er ein stor del av løysinga. Men omstilling føreset at det faktisk
er mogleg. Eit eksempel som også var nemnt av førre talar, er Vartdal
Plast på Sunnmøre. Det er ei over 60 år gamal bedrift, ei veldriven
bedrift med engasjerte eigarar og lokale samfunnsbyggjarar. Dei
vil gjerne leggje om produksjonen bort frå fossile energiberarar.
Dei har planar, og dei har vilje. Det dei ikkje har, er tilgang
på nok straum. Nettet er fullt. Alternativa er utilstrekkelege,
og mens dei står klare og ventar, trappar staten CO2-avgifta
opp – kvart år. Det er ikkje god klimapolitikk. Det er straff for noko
bedrifter ikkje har kontroll over.
Prinsippet om at forureinar betalar, er rett,
men det føreset at forureinar faktisk har eit val. Når staten ikkje
har bygd ut nettet, ikkje sørgt for kapasitet, ikkje tilgjengeleggjort
alternativ, er det ikkje er bedrifta som sviktar. Då er det staten som
sviktar bedrifta.
Regjeringa svarer at Enova finst, at handlingsplanen
for nettutbygging er på plass, og at biobrensel kan brukast i mellomtida.
Det er gode ord, men for Vartdal Plast og andre bedrifter i same
situasjon er det ikkje nok. Dei treng straum no. Dei har ikkje tid
til å vente på at politikken tek igjen verkelegheita.
Difor er vi med på å be regjeringa innan våren
2027 kome tilbake med forslag om kompensasjon for CO2-avgift
for bedrifter som ikkje har reelle høve til omstilling. Det handlar ikkje
om å undergrave klimapolitikken. Det handlar om rimelegheit. Ein
kan ikkje krevje av folk noko som praktisk talt er umogleg, og deretter
sende rekninga.
Eg har ei klar oppfordring til regjeringa om
å byggje ut straumnettet, gjere det raskare og gjere det kraftigare,
og prioritere det. Den beste løysinga er ikkje kompensasjon. Den beste
løysinga er at bedriftene faktisk får evne til å gjennomføre dei
kutta som er tenkt, og det næringsaktørane ønskjer.
10. jun 202613:19· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius om helhetlige næringspolitiske rammer for ideelle gjenbruksaktører (Innst. 435 S (2025–2026), jf. Dokument 8:215 S (2025–2026))
Over heile Noreg sorterer
frivillige pensjonistar genserar. Innvandrarar øver på norsk bak
kassa, og folk som slit med å kome seg tilbake i jobb, får ein meiningsfylt
kvardag i ein gjenbruksbutikk. Det skjer ikkje fordi staten har
lagt til rette for det. Det skjer trass i at staten ikkje har gjort
det. KrF fremjar difor eit forslag om heilskaplege næringspolitiske
rammer for gjenbruksdelen av næringslivet. Det er eg stolt av.
Gjenbruksaktørane vert drivne av donerte varer
og frivillig arbeidskraft, og overskotet går tilbake til samfunnet.
Det er ikkje kommersielle butikkjeder, men dei vert handsama som
om dei er det. Ta f.eks. meirverdiavgifta. Ein vanleg butikk kjøper
inn varer og trekkjer frå moms på innkjøpet. Det kan ikkje ein gjenbruksbutikk
gjere. Varene er donerte gratis. Resultatet er at dei betalar moms
utan frådrag. I praksis er meirverdiavgifta ein ekstraskatt på miljø-
og inkluderingsarbeid. Dette er løyst i Sverige og Danmark, men
ikkje i Noreg.
Sektoren manglar dessutan det aller mest grunnleggjande rammevilkåret.
Det er ingen næringskode, inga kvalifiseringsordning og ikkje noko
heilskapleg tilsyn. Bransjen er statistisk usynleg og politisk vanskeleg
å treffe. Vi veit faktisk ikkje nøyaktig kor store miljøeffektane
er, fordi registreringsstrukturen ikkje finst.
Vi er klare for å tenkje breiare enn våre eigne
forslag. Mindretalet ber i dag om eit rammeverk som ikkje berre
gjeld ideelle, men alle gjenbruksaktørar – ideelle, kommersielle
og offentlege – slik at dei får betre rammer. Regjeringa svarar
at næringspolitikken bør vere generell og konkurransenøytral. Det
er eit fornuftig prinsipp i dei tilfella der aktørane faktisk er
samanliknbare, men ein frivilligdriven gjenbruksbutikk konkurrerer
ikkje på like vilkår med f.eks. Hennes & Mauritz. Det er ikkje
ei konkurransevriding å anerkjenne det.
Frå 2027 vert det innført utvida produsentansvar
for tekstilar. Dei ideelle aktørane er ikkje definerte i dette systemet. Folk
som allereie handterer store volum innsamla klede, er dermed i eit
regulatorisk ingenmannsland mens nye krav strøymer på. Nav-samarbeidet,
sjølve grunnlaget for inkluderingsarbeidet, varierer frå kontor
til kontor. Dette held ikkje. Fleirårige og forskjellige avtalar
er ikkje byråkrati. Det er tryggleik for folk som treng ein stabil
veg inn i arbeidslivet.
KrF får støtte frå Høgre, Raudt og MDG til
begge mindretalsforslaga. Når parti frå høgre til venstre er samde om
dette, bør regjeringa lytte.
10. jun 202612:44· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar for 2026 og fisket etter avtalane i 2024 og 2025 (Innst. 276 S (2025–2026), jf. Meld. St. 5 (2025–2026))
Harry Valderhaug (KrF) [12:44:39] (ordførar for saka): Vi
legg no fram innstillinga frå næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar
for 2026 og fisket etter avtalane i 2024 og 2025. Som saksordførar
vil eg takke komiteen for – sedvanleg – godt samarbeid.
Noreg er ein havnasjon. Det er ikkje berre
eit ord vi bruker i festtalar. I 2025 eksporterte vi villfanga fisk
for 48,1 mrd. kr. Det er ny eksportrekord. Den samla fangstverdien
av fiskeriavtalane er anslått til om lag 85 mrd. kr.
Bak desse tala ligg eit internasjonalt avtaleverk
som komiteen samla stiller seg bak. Vi deler rundt 90 pst. av fiskeriressursane
våre med andre land. Difor er desse avtalane avgjerande, ikkje berre
for verdiskapinga og arbeidsplassar langs kysten vår, men for sjølve
grunnlaget for berekraftig forvaltning.
Eg kjem frå ein fiskerikommune som heiter Giske
– utan samanlikning med han som sit i salen. Eg vaks opp med fiskerinæring,
og i ordførarjobben har eg hatt gleda av å jobbe tett med fiskerinæringa.
Hos oss i Giske kommune er ikkje fiskeriavtalane
eit dokument som ligg i ein skuff på Stortinget. Det er dei som
avgjer om det er arbeid på fiskemottaket og i filetfabrikken, og om
ungdomane har ei framtid heime i kommunen sin. Sunnmøre lever av
havet, og det kan vi også seie om andre delar av kysten vår.
Kristeleg Folkeparti har alltid vore eit kystparti.
Berekraftig forvaltning av fiskeriressursane og trygge rammevilkår
for dei som lever av havet, er noko av kjernen i politikken vår.
Det er difor denne meldinga betyr noko for oss.
Så vil eg nemne nokre utviklingstrekk frå tal
og produksjon. Torskekvoten i Barentshavet er redusert med 16 pst.
Når det gjeld makrell, tilrådde ICES ein dramatisk reduksjon på 70
pst., og etter firepartsavtalen mellom Noreg, Storbritannia, Færøyane
og Island er reduksjonen no på 48 pst. For NVG-sild er totalkvoten
auka med 33 pst., og eg kunne ha ramsa opp fleire ting.
Til sist vil eg nemne at komiteens fleirtal,
der KrF er med, har ein merknad om EU si rolle i forhandlingane.
Dette med sjølvråderetten over eigne midlar er veldig sentralt,
og det er viktig i denne saka å få fram at den nasjonale sjølvråderetten
over eigne ressursar ikkje er til forhandling.
9. jun 202611:07· Innlegg
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))
Dette er først og fremst
ei sak som handlar om politisk ansvar, eller mangel på det. Eit
fleirtal i denne salen har gjeve grønt lys til å dele ut 35 mrd. kr
i stønad til flytande havvind – ikkje etter ei fullverdig kvalitetssikring,
ikkje etter ein komplett samfunnsøkonomisk analyse, men gjennom
ein budsjettprosess med mangelfullt grunnlag. Det held ikkje. Vi
snakkar om ein teknologi som framleis er umoden, vi snakkar om kostnader som
har økt kraftig dei siste åra, og vi snakkar om prosjekt som ikkje
er lønsame utan massiv statleg stønad. Likevel har budsjettkameratane
valt å løyve enorme beløp, utan å stille dei spørsmåla som normalt
er heilt grunnleggjande når staten bruker pengar i denne storleiken.
Kva får vi igjen? Kor stor er risikoen? Og finst det betre måtar
å nå dei same måla på? Dette er ikkje god økonomistyring. Det er
lettsindig politikk.
For Kristeleg Folkeparti er dette særleg viktig.
Vi har eit tydeleg landsmøtevedtak om at dei store subsidiane til
flytande havvind skal reduserast eller kuttast. Det betyr ikkje
at vi seier nei til havvind – tvert imot. Vi ønskjer teknologiutvikling
og nye næringar, men vi nektar å være med på ein politikk der staten
opnar sjekkheftet før ein har gjort heimeleksa. Difor er forslaget
om ekstern kvalitetssikring så viktig. For dette handlar ikkje om
å stoppe prosjekta. Det handlar om å sikre at avgjerder vi tek,
er kunnskapsbaserte, ansvarlege og berekraftige over tid. Dei som
i dag åtvarar mot forseinkingar, bør heller stille følgjande spørsmål:
Kva er mest risikabelt, å bruke litt meir tid på å gjere ting riktig,
eller å forplikte fellesskapet til milliardar på sviktande grunnlag?
Det er ikkje næringslivet som har svikta her. Det er ikkje teknologien
som er problemet. Problemet er at Stortinget, med opne auge, har gått
føre analysane, før avgjerdsgrunnlaget er på plass. Det er der vi
er nå, og vi har ei moglegheit til å rette opp dette. Difor er bodskapen
til KrF tydeleg: Vi stør utviklinga av havvind, men vi stør ikkje
uansvarleg pengebruk. Vi vil ha fakta på bordet før milliardane
vert delte ut. Difor stør vi forslaget om ekstern kvalitetssikring.
4. jun 202616:07· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum og Siv Sætran om mer norsk mat (Innst. 345 S (2025–2026), jf. Dokument 8:193 S (2025–2026))
Stortinget vedtok i februar
endringar i anskaffingslova som vil gjere det enklare å kjøpe norsk
mat i offentleg sektor. Beredskap er no vorte eit eksplisitt omsyn
i lova. Innslagspunktet er heva, og moglegheitene for direkte anskaffingar
er utvida. Dette er gode grep. Men lova trer ikkje i kraft før 1. juli
i år, og vi veit allereie at det store problemet ikkje er at handlingsrommet har
vore for lite. Det er at innkjøparane ikkje har brukt det handlingsrommet
dei hadde. Det er den utfordringa regjeringa no må ta tak i. Forsvaret
er kanskje det tydelegaste dømet.
Forsvaret er ein av dei aller største matinnkjøparane
i staten, men dei veit ikkje kor stor del som er norskprodusert
mat – altså kva som er statusen i dag. Forsvarsministeren har bedt om
å få det kartlagt. Det er bra, men det seier noko om at dette ikkje
har vore eit prioritert spørsmål. KrF meiner at eit mål om 80 pst.
norskprodusert mat i Forsvaret er rett. Forskjellig etterspurnad
er det som faktisk utløyser investeringar i produksjonskapasitet,
ikkje intensjonar.
Det same gjeld merking i serveringsbransjen.
Finland og Sverige har allereie innført krav om opphavsmerking av
kjøt på restaurantar. Vi stiller krav i daglegvarebutikken, men ikkje
når den same maten vert servert på ein serveringsstad. Det er ei
inkonsekvent haldning det ikkje er særleg gode grunnar til å halde
seg med.
KrF er glad for at fleirtalet no ber regjeringa
starte arbeidet med å innføre slike reglar. Dette er ikkje dramatiske
tiltak, men dei er konkrete og moglege å gjennomføre, og dei har
reell effekt, både for bøndene, som treng forskjellige marknader,
og for forbrukarane, som har krav på å få vite kva dei et.
4. jun 202614:49· Innlegg
Møte torsdag
den 4. juni 2026 kl. 10
Alle er einige om målet:
Noreg skal ha trygg tilgang på mat, også i krise og krig. Problemet
er at vi ikkje er rigga for det. Vi har vorte meir avhengige av
import, forsyningskjedene er meir sentraliserte, og vi veit frå
pandemi, krig og klimahendingar at desse systema er sårbare. Dette
handlar om grunnleggjande tryggleik for folk.
Matberedskap handlar om heile kjeda, frå jord
til bord. Det held ikkje med ambisjonar om produksjon og sjølvforsyning
viss vi ikkje har tilgang på såkorn. Det held ikkje med mat i butikk
viss transportlinjene bryt saman. Når lagring og distribusjonen
i stor grad er sentraliserte, aukar sårbarheita. Difor treng vi
meir desentralisert lagring på gardar i regionar og i heile landet.
Vi skal lære av Finland her også. Dei er blant
dei beste i verda på beredskap. Dei har vist at desentraliserte
løysingar gjev robustheit. Difor er det rett at Stortinget ber regjeringa kome
tilbake med forslag inspirert av den finske modellen. Det vil styrkje
beredskapen her igjen.
Vi treng også betre kontroll på dei mest kritiske
innsatsfaktorane. I dag er beredskapen for såkorn og såfrø i stor
grad overlaten til marknaden. Det gjer oss sårbare. Utan såkorn stoppar
produksjonen. Så enkelt er det. Difor er det rett å etablere eit
meir forpliktande nasjonalt system.
Vi treng betre kunnskap. Riksrevisjonen og
totalberedskapskommisjonen har vore tydelege på at vi manglar ein heilskapleg
analyse av sårbarheita i matsystemet. Skal vi prioritere rett, må
vi vete kvar det sviktar.
KrF støttar fleirtalet i denne saka. Det er
ikkje heile løysinga på matberedskap, men det er viktige og nødvendige steg.
Beredskap byggjer vi ikkje i krise. Vi byggjer det når vi har ro
og fred.
4. jun 202613:39· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))
Alle er einige om målet:
mindre avrenning, betre vassmiljø og meir mat frå norske ressursar.
Kristeleg Folkeparti er einig i det. Men politikk handlar ikkje
alltid berre om mål, det handlar òg om å få det til å fungere –
for bonden, i dette tilfellet, som skal leve med dette. Her er problemet:
Tidslinja går ikkje opp. Landbruksdirektoratet har sjølv signalisert
at den faglege modellen for balansegjødsling tidlegast vil liggje
føre hausten 2026. Dei nedjusterte fosforgrensene trer i kraft 1. januar 2027.
Det er ikkje om eitt år; det er om nokre knappe månader, og gjødsel
til vekstsesongen 2027 vert kjøpt inn no, i sommar eller i haust.
Landbruket planlegg ikkje frå januar til desember;
dei planlegg i syklusar. Det ein gjer i år, påverkar avlinga neste
år, som igjen påverkar fôret året etter. Regelverket må vere kjent og
klart i tide, ikkje verte utrulla mens bonden allereie har teke
sine avgjerder.
Eg høyrer no tydelege åtvaringar frå grasrota,
bønder i distriktet seier det rett ut: Dette kan føre til mindre
produksjon og meir sentralisering, ikkje fordi bøndene er imot miljøtiltaka,
men fordi kravet ikkje let seg gjennomføre i praksis, med den jorda,
den sesongen og dei rammene dei faktisk har til rådigheit. Det må
vi ta på alvor.
KrF fremjar difor forslag om at regjeringa
skal vurdere å utsetje iverksetjing av dei nedjusterte fosforgrensene
med inntil to år, og at ein praktisk og kvalitetssikra modell for
fosforbalanse skal liggje føre seinast eitt år før dei nye grensene trer
i kraft. Det er ikkje ein omkamp om miljømåla, det er å ta gjennomføringa
på alvor og å gjere ho realistisk.
Samtidig meiner vi at forslaget frå fleirtalet
om ei utsetjing på eitt år er betre enn ingenting. Difor støttar
vi det subsidiært. Det løyser ikkje hovudproblemet. Dersom systemet er
klart først i 2020, er ein framleis på etterskot når det gjeld produksjonsløpet
i landbruket. Difor er to år eit betre og meir realistisk alternativ.
Vår linje er enkel: Miljømåla ligg fast, men
verktøyet må vere klart før krava trer i kraft. Det er ei minimumsforventning
til eit kvart regelverk.
Eg vil til slutt ta opp forslag nr. 6, som
handlar om å få meir tid.
4. jun 202612:42· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen (Innst. 354 S (2025–2026), jf. Dokument 8:239 S (2025–2026))
Ved ein inkurie er det
eit forslag frå KrF som ikkje er fremja. Det er forslag nr. 25 i
saka. Det tek eg hermed opp.
2. jun 202614:10· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius om besøksbidrag som et fast beløp (Innst. 433 L (2025–2026), jf. Dokument 8:269 L (2025–2026))
Når dei som faktisk driv
hotell i Noreg, gir eit tydeleg og samstemt signal, skal vi lytte.
For svaret er tydeleg: Næringa ber om at ein ikkje lagar kompliserte
modellar. Dei ber om éin ting: eit fast beløp per gjest per natt.
Det er det forslaget frå KrF handlar om. Høyringa om besøksbidragslova
gav ei nesten unison tilbakemelding frå bransjen: fastbeløp. Det
gjeld hotella, det gjeld operatørane som sel pakkereiser til Noreg,
dei som konkurrerer internasjonalt om gjestane våre kvar einaste
dag. Det same svaret kom i høyringa om forskrifta, frå Fellesforbundet,
NHO Reiseliv, Virke og Innovasjon Norge. Alle tilrår fastbeløp.
Kva gjer regjeringa? Dei lyttar ikkje til dette. Det er paradoksalt,
for Nærings- og fiskeridepartementet framhevar sjølv at brukar betalar-prinsippet
tilseier fast beløp per person. Menon Economics skriv det same:
Flat sats er betre i samsvar med føremålet med lova. Kvart besøk
bidreg like mykje, same kva rommet kostar. Det er ikkje berre prinsipielt,
det også praktisk. Ein prosentsats krev ombygging av rekneskapssystem,
og det kostar tid og pengar. Eit fastbeløp er lett å innføre.
Fleirtalet kallar dette ein omkamp. Det er
ikkje det, det er ei forbetring, og det burde vere eit mål også
for fleirtalet. Regjeringa føreslår sjølv fast beløp i cruiseavgifta,
dei føreslår det i Longyearbyen. Då er det vanskeleg å forstå kvifor
ein insisterer på ein prosentsats på fastlandet. Fleirtalet er bekymra for
forseinkinga, men det kan ein unngå. Regjeringa brukte seks vekers
høyring sist, det kan gjerast igjen. Hadde ein lytta til næringa
frå starten, hadde vi ikkje vore her i dag.
Eit fast beløp er også meir rettferdig. Det
betyr at Airbnb-gjesten og hotellgjesten betalar likt per person
per natt. Føremålet med lova er å finansiere fellesgode, ikkje differensiere etter
rompris. KrF støttar besøksbidrag, men då må ein forme det ut rett.
Det blir feil å innføre noko som i praksis kjem til å fungere dårleg
berre fordi regjeringa hadde dårleg tid. Då er det betre å forme
det ut rett frå byrjinga. KrF ber Stortinget lytte til dei som kvar
dag møter gjestane ansikt til ansikt – då må vi ha eit fast beløp
per gjest per natt. Eg tar opp forslaget til KrF.
2. jun 202613:18· Innlegg
Innstilling frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning) (Innst. 341 L (2025–2026), jf. Prop. 87 LS (2025–2026))
Denne saka handlar om
at ESA skal kunne be om informasjon frå norske bedrifter når det
gjeld statsstøtteregelverket i EØS. I ytste konsekvens skal ESA
kunne bøteleggje norske bedrifter dersom dei ikkje oppgjev informasjon
ESA har bedt om. Regjeringa har prøvd å oppnå at ei nasjonal myndigheit
skal vere sanksjonsmyndigheit, men ein har ikkje nådd fram. NHO
ønskjer ordninga velkomen av omsyn til likebehandling i den indre
marknaden.
Dette høyrest kanskje ganske tilforlateleg
ut, men reint konstitusjonelt er det usikkerheiter. Når ESA skal
vere sanksjonsmyndigheit overfor norske bedrifter, og ikkje eit
nasjonalt organ, er det eit spørsmål om dette er ei form for suverenitetsoverføring
som er lite inngripande eller ikkje. Difor vil KrF stemme for forslaget
om å be Høgsterett om å vurdere dette spørsmålet, og gå mot forslaget
om å tilslutning før ei slik vurdering ligg føre. Subsidiært vil
vi støtte til at saka vert behandla etter § 115 i Grunnlova, fordi
det er tvil om det er eit suverenitetsspørsmål.
Samtidig vil eg åtvare Senterpartiet og Framstegspartiet om
å gå etter ei reforhandling av EØS-avtalen. EØS-avtalen har tent
Noreg svært godt, og gjev oss full marknadstilgang til dei viktigaste
marknadene våre, nemleg den indre marknaden til EØS. Bedrifter over
heile landet er avhengige av denne marknadsadgangen. EØS-avtalen
gjev oss ikkje minst viktige unntak på område der vi har andre interesser
enn EU, som i fiskeri- og landbrukspolitikken. Ei reforhandling
av EØS-avtalen ville vere å spele russisk rulett med distrikta fordi
ei ny avtale neppe vil gjeve så store og gode unntak for fiskeria våre
og landbruket vårt som vi har i EØS i dag. Kvifor vil Senterpartiet
og FrP risikere ein ny avtale som kan truge eksistensgrunnlaget
for fiskeri og landbruk? Det synest eg er vanskeleg å forstå.
2. jun 202611:30· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Trygve Slagsvold Vedum, Bent-Joachim Bentzen og Geir Pollestad om et statlig mineralselskap, Representantforslag fra stortingsrepresentantene Une Bastholm, Ingrid Liland og Frøya Skjold Sjursæther om å øke verdiskaping og gjenvinning i mineralnæringen og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Ludvig Thorheim, Kari Sofie Bjørnsen, Helene Røsholt og Mathias Willassen Hanssen om å realisere Fensfeltet
Alle i salen her er vel
einige om ein ting, og det er at Noreg treng meir mineralutvinning.
Europa treng kritiske mineral. Forsvarsindustrien treng kritiske
mineral. Den grøne omstillinga treng kritiske mineral. Spørsmålet
er ikkje om vi treng dei. Spørsmålet er om vi faktisk klarer å få
dei opp av bakken. Der er eg ikkje så imponert over regjeringa sin
innsats til no. Samstundes som regjeringa snakkar om strategiske
mineral, beredskap og redusert avhengigheit av Kina, møter næringa
lange prosessar, uklare tidslinjer og stadig nye utgreiingar. Vi
treng ikkje først og fremst fleire utgreiingar. Vi treng meir handling.
Fensfeltet i Telemark er kanskje Europas viktigaste
førekomst av sjeldne jordartar. Det er ei historisk moglegheit for Noreg,
ei moglegheit til å skape arbeidsplassar, byggje industri og styrkje
forsyningstryggleiken for våre europeiske allierte. Då held det
ikkje å behandle prosjekt som om dei var ei heilt vanleg reguleringssak.
Det må prioriterast. Difor meiner KrF at utviklinga av Fensfeltet
må få status som eit nasjonalt prioritert prosjekt, med rask framdrift,
nødvendige løyve og avklaringar. For geopolitikken ventar ikkje.
Samstundes ser vi forslag om eit statleg mineralselskap. Eg
meiner det er å starte i feil ende. Utfordringa i norsk mineralnæring
er ikkje mangel på stat. Noreg har allereie nasjonal kontroll gjennom
konsesjonssystemet, tryggingslova og den nye minerallova. Vi treng
ikkje eit nytt statleg selskap for å fortelje oss at mineral er
viktig. Vi treng rammevilkår som gjer at prosjekta faktisk blir
realiserte. Det er private aktørar som skal investere milliardane,
og dei skal ta risikoen. Å sørgje for føreseielege vilkår, rask
saksbehandling og gode rammevilkår er det som staten må gjere.
Samstundes må vi gjere to ting på ein gong.
Vi må utvinne meir og gjenvinne meir. Verdas behov for mineral kan ikkje
dekkjast av gjenvinning aleine. Difor støttar KrF både auka utvinning
og utvikling av sirkulære verdikjeder.
Det handlar også om Europa. KrF meiner Noreg
må vere ein del av det europeiske samarbeidet om kritiske råmateriale. Difor
må CRMA inn i EØS-avtalen innan 2026. Det gjev norske prosjekt tilgang
til kapital, marknad og status for strategiske prosjekt i Europa.
Det styrkjer både norsk industri og europeisk tryggleik.
KrF ønskjer ein mineralpolitikk som kombinerer
nasjonal kontroll med privat verdiskaping. Vi ønskjer raskare prosessar
og at Noreg skal ha ei leiande rolle i dei vesentlege verdikjedene
for kritiske mineral. Men då må vi slutte å diskutere nye statlege
selskap og byrje å diskutere korleis vi faktisk skal få prosjekt
gjennom systemet.
12. mai 202617:59· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Jorunn Gleditsch Lossius, Jonas Andersen Sayed, Jørgen H. Kristiansen om å forenkle kravene til boligbygg for å redusere byggekostnader og boligpriser (Innst. 257 S (2025–2026), jf. Dokument 8:151 S (2025–2026))
Byggjenæringa er inne
i den verste krisa sidan finanskrisa. Det har årleg vorte sett i
gang bygging av 14 000 bustader, mot regjeringa sitt mål på 26 000
bustader. For unge vaksne og barnefamiliar i Oslo og andre norske
byar er ikkje dette abstrakt statistikk. Det er skilnaden på å eige
eller leige. Det er skilnaden på å byggje eit trygt familieliv eller
ikkje. Det er skilnaden på å bu ein stad ein tenkjer kan vere bra
for barna eller å bu der ein har råd.
Bustadpolitikk er også familiepolitikk, og
det hastar å gjere grep som monnar. Rapporten frå UNION frå 2025
dokumenterer at det kostar 55 000 kr per kvadratmeter å byggje norske
bustader, mot 32 000 kr i Sverige. For ei leilegheit på 60 kvadratmeter
betyr det nesten ein million kroner meir. Det meste av denne skilnaden
på rundt 70 pst. kjem frå strengare norske byggtekniske krav. Det
er reglar som er innførte med gode intensjonar, men som samla sett
har vorte urimeleg kostnadsdrivande.
KrF fremjar difor dette representantforslaget,
som ber regjeringa endre forskrift om tekniske krav til byggverk,
med mål om ein vesentleg reduksjon i byggjekostnader gjennom forenklingar,
fjerning av unødvendige krav og harmonisering med anna norsk regelverk.
Det er med andre ord eit heilskapleg grep, for det vi ser, er eit
heilskapleg problem.
Fleirtalet i komiteen valde å stemme ned forslaget,
og det er sjølvsagt fleirtalet sin rett. Det er verdt å merke seg
at fleirtalet i stor grad er samd i diagnosen, ein er berre ikkje
samd i at Stortinget bør gje eit tydeleg oppdrag til regjeringa.
I staden vert det vist til at regjeringa allereie har sett i gang
eit arbeid. Det er der vi er usamde. Det er positivt at regjeringa
har peikt ut lettingar i enkeltkrav, men vi meiner det ikkje er
tilstrekkeleg. Enkelte justeringar i eit elles kostnadsdrivande
regelverk er ikkje det same som ei heilskapleg gjennomgang. Problemet med
TEK17 er ikkje at eitt krav er for strengt, men at krava samla sett
– stikkontaktar, ventilasjonsanlegg, snusirklar, dokumentasjon –
vert summerte til bustader som stadig færre har råd til å kjøpe.
At ein no byrjar å plukke ut enkelte tiltak
frå byggjenæringa sine 72 forslag, er ikkje det same som å ta utfordringa nok
på alvor. KrF meiner difor at ein må sjå på krava samla sett, ikkje
enkeltvis. Vi må sjå på den samla effekten – kva er prisen kjøparen
til slutt skal betale, og er det rimeleg at det norske byggjeregelverket
er vesentleg strengare enn i land vi elles samanliknar oss med?
Eg er glad for at det no vert teke steg i rett
retning, men vi skulle gjerne sett meir. Eg vil leggje til at KrF
kjem til å støtte mindretalsforslaget som er fremja og tatt opp
av Høgre.
5. mai 202610:11· Innlegg
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sylvi Listhaug, Frank Edvard Sve, Joakim Myklebost Tangen, Monica Molvær og Harry Valderhaug om redusert bompengebelastning på Nordøyvegen (Innst. 222 S (2025–2026), jf. Dokument 8:131 S (2025–2026))
Nordøyvegen er eit fantastisk
prosjekt. Bruer og tunellar har bunde saman Nordøyane og Nordre-Sunnmøre.
Det har skapt nye moglegheiter, styrkt beredskapen og gjort kvardagen
enklare for mange. Så kjem spørsmålet: Kva hjelper det med ny veg
dersom rekninga vert for tung å bere?
Det er nettopp det denne saka handlar om. For
folk på Nordøyane er bompengebelastninga vorten for høg – for høg for
familiar, for høg for pendlarar og for høg for næringslivet, som
skal skape verdiar langs kysten vår. Det var ikkje det folk sa ja
til. Det var ikkje dette som var føresetnaden då prosjektet vart
vedteke. Når vi er komne dit, må vi våge å gjere noko med det.
Dette forslaget er ikkje dramatisk. Det er
ikkje uansvarleg. Det handlar om å bruke sunn fornuft – setje eit
tak på 20 passeringar i månaden og gå i dialog med fylkeskommunen og
sjå på ei løysing som gjev lågare belastning utan å velte heile
prosjektet. Det er rett og slett eit godt og forsvarleg forslag
for å gjenopprette balansen.
Vi skal sjølvsagt ha respekt for at bompengeprosjekt byggjer
på lokale vedtak, men respekten må gå begge vegar. Når føresetnadene
endrar seg, når belastninga vert langt høgare enn det folk opplever
at dei sa ja til, må også staten vere villig til å stille opp og
justere kursen.
Dette handlar difor også om tillit – tillit
til systemet, tillit til at når vi byggjer veg i Noreg, gjer vi
det på ein måte folk kan leve med, ikkje berre på opningsdagen,
men også i åra etterpå. Nordøyvegen har eit godt trafikkgrunnlag.
Lågare takstar kan faktisk gje meir trafikk og betre økonomien i
prosjektet over tid. Det handlar altså ikkje berre om å ta folk
på alvor. Det er også ei god løysing for alle.
Kristeleg Folkeparti stiller opp og er med
på dette representantforslaget fordi det tek på alvor kvardagen
til folk, familiar, frivillige og bedrifter på Nordøyane. Vi meiner
det er riktig å be regjeringa gå i dialog med fylkeskommunen og kome
tilbake med ei løysing som faktisk lettar belastinga, for gode vegar
skal binde folk saman, ikkje presse dei frå kvarandre økonomisk.
(Innlegg er under arbeid)
29. apr 202610:42· Replikk
Møte onsdag
den 29. april 2026 kl. 10
Regjeringa står fast ved
målet om 130 000 nye bustader innan 2030. Samtidig innrømmer statsråden
at ein ligg bak skjemaet, sjølv etter at ein har begynt å inkludere
ombygging av eksisterande bygg i måltalet. Dette framstår meir som
å pynte på tala enn å få fart på faktisk ny bustadbygging.
Samtidig viser statsråden til nokre lettingar
frå dei 72 forslaga dei har fått, bl.a. om dagslyskrav og ventilasjon.
Det er positivt, men det framstår gjerne som enkeltståande justeringar
i eit regelverk som er langt større og meir kostnadsdrivande samanlikna
med våre skandinaviske naboland. Meiner statsråden at slike grep
er tilstrekkelege for å få fart på bustadbygginga og nå målet, eller
erkjenner han at det trengst ein heilskapleg gjennomgang av TEK17
– at ein må få krava samla for å forenkle og klargjere regelverk,
slik KrF no har føreslått i Stortinget?
29. apr 202610:40· Replikk
Møte onsdag
den 29. april 2026 kl. 10
Nye tal frå SSB viser
at det særleg er unge einslege og småbarnsfamiliar i byane som ber
den tyngste byrda av dagens rentenivå i Noreg. For mange har bustad
vorte den viktigaste familiepolitiske saka. Vi kan ikkje styre renta
frå denne salen, men vi kan gjere det enklare å byggje fleire og
billigare bustader.
Allereie den 2. juni i fjor fekk departementet
overlevert ei liste med 72 konkrete forslag til forenklingar frå byggjenæringa
sjølv. Det er snart eitt år sidan. Likevel har næringa måtta vente,
samtidig som bustadbygginga har stupt og krisa har forsterka seg.
Kvifor har statsråden late byggjenæringa vente
i nærmare eitt år på å få i gang nokre av desse tiltaka, og kvifor
handlar regjeringa først no, når krisa allereie har sett seg i heile
næringa?
8. apr 202610:31· Replikk
Møte tirsdag den 8. april 2026 kl. 10
Vi ser også at fleire
gründerar og investorar flyttar selskap, eigarskap og kompetansemiljø
ut av Noreg. Dei peikar bl.a. på skattesystemet og rammevilkår for
eigarskap. Samtidig veit vi at nye arbeidsplassar i stor grad kjem
frå unge vekstselskap. Er statsråden bekymra for at vi er i ferd
med å skyve nettopp desse gründermiljøa ut av landet? Kva skal regjeringa
gjere for å sikre at morgondagens selskap faktisk byggjast her i Noreg?
8. apr 202610:29· Replikk
Møte tirsdag den 8. april 2026 kl. 10
Første spørsmål: Noreg
har kapital, kompetanse og god infrastruktur. Likevel ligg vi langt
bak f.eks. Sverige når det gjeld å skape nye selskap og vekstbedrifter.
Samtidig bruker vi stadig meir pengar på store statlege støtteordningar
og grøne subsidiar til etablerte prosjekt, mens mange gründerar
opplever at det er vanskelegare å byggje nye selskap frå botnen.
Meiner statsråden at næringspolitikken til regjeringa i tilstrekkeleg
grad stimulerer til nye teknologiselskap og innovasjon, eller risikerer
vi at politikken i større grad favoriserer subsidierte prosjekt
framfor nye gründerselskap og teknologieventyr?
26. mar 202610:18· Innlegg
Møte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10
På vegner av Ida Lindtveit
Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og meg sjølv har eg gleda av å leggja
fram eit representantforslag om besøksbidrag som eit fast beløp.
25. mar 202610:03· Innlegg
Møte onsdag den 25. mars 2026 kl. 10
På vegner av representantane
Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og meg sjølv har eg
gleda av å fremje eit forslag om heilskaplege næringspolitiske rammer
for ideelle gjenbruksaktørar.
26. feb 202611:44· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Stig Even Lillestøl, Bengt Rune Strifeldt, Erlend Wiborg, Kristoffer Sivertsen, May Helen Hetland Ervik og Pål Morten Borgli om å ikke bruke metanhemmere i norsk landbruk (Innst. 132 S (2025–2026), jf. Dokument 8:57 S (2025–2026))
Dette er ei sak som har
skapt stort engasjement. Det er forståeleg. Når ein stiller spørsmål
om kva vi gjev til dyra våre, og dermed indirekte kva vi har på
tallerken eller i glaset, handlar det om noko grunnleggjande – om
tilliten til maten.
La meg vere tydeleg: Kristeleg Folkeparti ønskjer
at landbruket skal bidra til å redusere klimautslepp. Det er ein del
av vårt forvaltaransvar, men tiltaka må vere fagleg forsvarlege,
trygge og bidra til å styrkje, ikkje svekkje, eit landbruk over
heile landet. Difor er rolleforståinga viktig. Stortinget skal setje
mål og rammer. Vi skal ikkje overta ansvaret til fagmyndigheitene
for å vurdere enkeltstoff i kraftfôr. Spørsmål om godkjenning, risiko
og mattryggleik høyrer heime i Mattilsynet og relevante vitskaplege
instansar, ikkje i denne salen.
Samtidig kan vi ikkje lukke auga for den uroa
som er oppstått. Hendingar i Danmark og erfaringar frå Noreg viser at
kunnskapsgrunnlaget må vere solid, og at tillit ikkje kan takast
for gjeven. Når næringa sjølv har valt å setje vidare utprøving
på pause, er det eit uttrykk for ansvarlegheit og respons på vurderingane
frå folk. Det er difor riktig at Stortinget no slår fast at bruk
av metanreduserande fôrråvare ikkje skal vere eit vilkår for husdyrtilskot
i 2027.
Klimaarbeidet i landbruket må byggje på heilskapleg agronomi.
God grovfôrkvalitet, målretta avl, riktig gjødsling, beitebruk og
drenering gjev utsleppskutt som varer. Samtidig styrkjer det økonomien
til bonden og mattryggleiken. Det er slike tiltak vi bør prioritere.
For KrF handlar dette om balanse. Vi skal ta klimautfordringa på
alvor, vi skal lytte til fagmiljøa, og vi skal verne om tilliten
til forbrukarane.
Norsk landbruk er avgjerande for beredskap,
busetjing og verdiskaping i heile landet. Då må også klimaarbeidet
vere kunnskapsbasert, ansvarleg og forankra i landbruksnæringa sjølv.
Tilrådinga frå næringskomiteen gjev ei ryddig og ansvarleg avklaring.
Det støttar KrF.
26. feb 202610:58· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Stig Even Lillestøl, Bengt Rune Strifeldt, Erlend Wiborg, Kristoffer Sivertsen, May Helen Hetland Ervik og Pål Morten Borgli om å ikke bruke metanhemmere i norsk landbruk (Innst. 132 S (2025–2026), jf. Dokument 8:57 S (2025–2026))
58:17] (ordførar for saka): Innleiingsvis
vil eg takke medlemene i komiteen for eit godt og grundig arbeid
i denne saka. Det har vore eit stort engasjement, både i komiteen
og ute i landet. Over 2 700 høyringsinnspel vitnar om at dette er
ei sak som vedkjem mange, både bønder, forbrukarar og fagmiljø.
Det handlar om tillit til maten vår, om rammevilkåra for landbruket
og om korleis me skal nå klimamål.
Komiteen har behandla representantforslaget
om å stanse all bruk og vidare utprøving av metanhemmarar i norsk
landbruk, under dette tilsetjingsstoffet Bovaer. Saka kjem opp i ein
situasjon der landbruket er i gang med å følgje opp klimaavtalen
med staten. Metanreduserande tiltak har vore omtalte som eitt av
fleire moglege verkemiddel. Samtidig har hendingar i Danmark og
funn under norske forhold skapt uro og reist spørsmål som det er
viktig å ta på alvor.
Komiteen merkar seg at meieriaktørar har valt
å setje vidare utprøving på pause. Det viser at omsynet til forbrukartillit
og mattryggleik veg tungt. Eit fleirtal i komiteen, inkludert KrF,
understrekar at vurderingar av enkeltstoff og fôrråvarer må gjerast
av ansvarlege fagmyndigheiter og av næringa sjølv. Det er desse
som har kompetansen og det formelle ansvaret for å vurdere mattryggleik,
dyrehelse og regelverk. Stortinget vedtek lovene og regjeringa forskriftene,
mens det er forsking, fag og forvaltning som granskar og tillèt
eller forbyr enkeltstoff som kan utgjere ein fare for folk, dyr
og miljø.
Samtidig meiner fleirtalet at det ikkje skal
stillast krav om bruk av metanreduserande fôrråvarer som vilkår
for husdyrtilskot i 2027. Usikkerheita som har oppstått, behovet
for meir kunnskap og omsynet til tilliten folk har til norsk matproduksjon,
tilseier at eit slikt krav ikkje bør innførast.
Komiteen fremjar difor ei samla tilråding om
at bruk av metanreduserande fôrråvarer ikkje skal vere eit vilkår
for å få husdyrtilskot frå 2027. Komiteen vil også understreke at
klimaarbeidet i landbruket må vere heilskapleg og forankra i god agronomi.
Tiltak som betre grovfôrkvalitet, avl, gjødsling, beitebruk og drenering
kan gje varige utsleppsreduksjonar og samtidig styrkje produksjon,
dyrevelferd og beredskap.
Med dette håper eg at Stortinget vil gje si
støtte til tilrådinga frå næringskomiteen.
29. jan 202612:20· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Lov om endringer i anskaffelsesloven (samfunnshensyn mv.) (Innst. 38 L (2025–2026), jf. Prop. 147 L (2024–2025))
Først vil eg takke saksordføraren,
Tobias Linge, for godt arbeid. Dette er på ein måte ein premieresak
for meg. Som fersk stortingsrepresentant kom denne saka veldig rett
opp i fanget på meg, og eg vil difor også takke komiteen for samarbeidet.
I den grad vi vart einige om noko, så var jo det ekstra kjekt.
I denne saka vil eg ta fram kanskje dei viktigaste
tinga for KrF. Denne saka er eit første steg i arbeidet med å modernisere
og forbetra eit regelverk som i dag vert opplevd som tungt og komplisert
og lite tilgjengeleg, særleg då for kommunar og for små og mellomstore
verksemder.
For KrF er det eit omsyn som veg tyngst i denne
saka, og det er forenkling. Offentlege anskaffingar må vere utforma slik
at dei gjev best mogleg bruk av fellesskapets midlar, samtidig som
dei er praktisk gjennomførbare for dei som skal bruke regelverket,
både oppdragsgjevarar og leverandørar. Samtidig må det seiast at
forslaget ikkje går langt nok. Lovendringane tek i for liten grad
tak i dei forholda som i praksis gjer anskaffingar unødvendig kompliserte,
kostnadsdrivande og lite tilgjengelege, særleg for mindre aktørar.
Etter fire år med dagens regjering er vi framleis
langt unna regjeringa sitt eige mål om å forenkle tilsvarande 11 mrd.
kr. Tvert imot er det i same periode innført ei rekkje nye krav
om rapportering og dokumentasjon. Dette svekkjer etter KrF sitt
syn regjeringa sitt bidrag til at kommunar og næringsliv skal oppleve
mindre byråkrati.
Eit av dei viktige spørsmåla i denne saka er
dette med innslagspunktet. Der ønskjer KrF eit høgare innslagspunkt. 100 000 kr
har stått i mange år, uregulert, og Kristeleg Folkeparti sitt syn
her er at vi bør løfte det minst til 750 000 kr. Vi har naboland
som har vesentleg høgare tersklar, opp i det området, 750 000 kr
pluss. Dette er ei viktig sak som vi kanskje ikkje får fleirtal
for, men som vi støttar, i lag med FrP og Høgre. Eit nivå på 750 000 kr
vil gje ei reell forenkling og styrkje lokale og små leverandørar
og gje kommunane eit nødvendig handlingsrom. Dersom det ikkje vert
750 000 kr, vil vi subsidiært støtte 500 000 kr som innslagspunkt.
KrF vil også understreke dette med at kompetanse
er avgjerande for offentlege anskaffingar. Fleire reglar og plikter gjev
ikkje nødvendigvis betre kjøp. Tvert imot er det ein risiko for
at kravet om anskaffingsstrategi og -rutinar først og fremst fører
til fleire planar og sjekklister, utan at kvaliteten på anskaffingane
vert betre.
Når det gjeld klima- og miljøomsyn, meiner
KrF det er viktig at krava vert utforma på ein måte som er fleksibel
og kostnadseffektiv. Erfaringa viser at unødvendig detaljerte og teknologispesifikke
krav kan gje høgare kostnader, svakare konkurranse og i nokre tilfelle
utfordre beredskapen. Regelverket må gje rom for at marknaden kan
finne dei beste løysingane.
KrF er også opptekne av at næringslivet tek
ansvar for lærlingar, og mange stader overfor eit nytt prosjekt
er det naturleg å stille krav. Samtidig meiner vi at regjeringa
sitt forslag kanskje er litt for lite praktisk og litt for rigid
med å bruke ein prosentandel. Det kan skape unødvendig prosessrisiko
og stengje mindre verksemder ute. Difor føreslår KrF at lærlingkravet
vert utforma som ei kan-føresegn, utan fast prosentkrav.
Til slutt vil eg understreke betydninga av
innovasjon. Offentlege anskaffingar er eit kraftfullt verkemiddel
til å fremje nye løysingar og styrkje konkurranseevna i norsk næringsliv. KrF
meiner det er behov for ein større bruk av fleksible anskaffingsprosedyrar
og betre tilrettelegging for innovasjonspartnarskap, slik at også
små og mellomstore verksemder får ei reell moglegheit til å delta.
KrF støttar lovendringa som eit nødvendig første
steg, men dersom målet verkeleg er forenkling, må vi våga å gå lenger,
med høgare innslagspunkt, mindre byråkrati og større tillit til
kommunar og næringsliv.
14. jan 202610:48· Replikk
Møte onsdag den 14. januar 2026 kl. 10
Når statsministeren i
nyttårstalen sin knapt nemner bedrifter, gründerar eller start ups,
forsterkar det inntrykket av at innovasjon og privat verdiskaping
ikkje har høg prioritet i regjeringa. Spørsmålet blir då: Korleis
kan statsråden meine at regjeringa legg til rette for omstilling
i norsk industri, når det verken gjenspeglar seg i budsjettet, eller
blir sett høgt på den politiske agendaen?
14. jan 202610:46· Replikk
Møte onsdag den 14. januar 2026 kl. 10
Statsråden viser til at
regjeringa legg til rette for omstilling, men mange aktørar i næringslivet
opplever at ein ikkje merkar dette i praksis.
Ein heilt avgjerande føresetnad for å lykkast
med omstilling av norsk industri er innovasjon. Samtidig peiker
investorar, bedrifter og organisasjonar på at uføreseielege og særnorske
rammevilkår gjer det vanskelegare å satse i Noreg, og ein åtvarar
om at både kapital og kompetanse blir trekt ut.
Investinor og Shifter viser til at tilgangen
på kapital for oppstartsselskap er halvert sidan 2023, at antal
inngåtte avtalar har falle kraftig, og at investorar vurderer tilgangen
på kapital som forverra. Spørsmålet blir: Korleis kan statsråden påstå
at regjeringa legg til rette for innovasjon i Noreg når aktørar
i marknaden, investorar og Innovasjon Noreg seier noko heilt anna?
19. des 202513:28· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Takk for spørsmålet. KrF
har alltid meint at det å dele med dei fattigaste blant dei fattige
kanskje er det viktigaste vi kan gjere, også i politikken. Det er
saligare å gje enn å ta imot – det har vi tru på. Dette handlar
litt om det, at blant alt vi held på med i kongeriket Noreg, er
det å ikkje gløyme omverda veldig viktig. Det får vere svaret på
det spørsmålet. Eg tør ikkje gå i djupet på det, og så er det vel
ikkje tid til det.
19. des 202513:27· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Takk for spørsmålet –
eller innspelet, var det vel meint som. Det som skjedde med ferrolegeringar,
handlar litt om å vise fram at vi er ein handelspart som ønskjer
å kunne stole på eit regelverk. Det var vel det som vart adressert
ganske tydeleg. Vi meiner lovverket vart sett i spel med det vedtaket
EU gjorde i ferrolegeringssaka.
19. des 202513:25· Replikk
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Takk for spørsmålet. Poenget
med det innspelet frå KrF var å setje dette høgst på dagsordenen,
slik at EU skulle forstå kor viktig det var for Noreg, òg for Europa,
som er ein stor mottakar av ferrolegeringar frå Noreg. KrF sitt
poeng med det var å stille det opp og vise kor alvorleg det er,
og ei frykt for at det kunne smitte over på andre viktige eksportnæringar
i Noreg som leverer mykje til Europa.
19. des 202513:19· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (tilsynsmyndighet) (Innst. 65 L (2025–2026), jf. Prop. 4 L (2025–2026))
Eg trur eg først vil takke
for eit godt samarbeid i næringskomiteen, godt leia av representanten
Rune Støstad. Som fersk stortingsrepresentant er det godt å kome
inn i eit slikt klima.
Så til temaet i dag: Verdiskapinga er grunnlaget
for velferda vår. Oppgåva til politikarane er å leggje til rette
for gode og føreseielege rammer både for å oppretthalde og for å
styrkje verdiskapinga i landet vårt. Det er eit stort behov for
ei styrking av næringspolitikken.
Skattlegginga av norske eigarar og bedrifter
har auka betydeleg dei siste åra. Under regjeringa Støre har Noreg
fått nye skattar, midlertidige skattar og skattar med tilbakeverkande
kraft. Gründerar vel vekk Noreg, og bedriftseigarar med langt over
50 mrd. kr i formue har forlate landet vårt. Det ser ikkje lyst
ut om dette fortset i same spor. Vi i KrF vil ta med oss dette inn
i skattekommisjonen, som skal starte eit arbeid og forhåpentlegvis
kanskje sjå på dette.
Eit lyspunkt kan sjølvsagt vere å høyre Jakob
Sandes song «Det lyser i stille grender». Med fem ord frå Jakob
Sande har eg i grunnen sagt det som har særprega det norske samfunnet
gjennom generasjonar – eit samfunn som vert bygd nedanfrå, av bedrifter,
bønder, fiskarar og frivillige over heile landet, og som held lys
i husa, fabrikken og bygda. I generasjonar har små og store bedrifter
vore berebjelkar i samfunnet. Dei bidreg til fellesskap gjennom
inntekter, verdiskaping, sysselsetjing og investeringar i lokalsamfunn.
Norsk og lokalt eigarskap har vore ein viktig
faktor for den utviklinga vi har hatt så langt. Kristeleg Folkeparti
ønskjer å ta vare på dette vidare. Vi ønskjer å jobbe med dette. Vi
ønskjer å byggje samfunnet på verdiar – å skape verdiar. Vi ønskjer
meir satsing på entreprenørskap, innovasjon og vekst i næringslivet,
og vi ønskjer betre vilkår for gründerar, som skapar framtidige
arbeidsplassar.
Det er avgrensa kor lenge norske eigarar kan
tappe bedriftene sine for kapital for å finansiere formuesskatt.
Det er midlar som trengst til å utvikle bedrifta, sikre arbeidsplassane til
folk og halde lys i fabrikkar, grender, byar og lokalsamfunn. For
oppstartsbedrifter vert denne skattlegginga ekstra ille. Det medfører
at mange små sel aksjar, og då gjerne til utanlandske eigarar, for
å betale formuesskatt på verdiar som normalt ikkje er likvide midlar.
At formuesskatten for norske eigarar favoriserer utanlandske eigarar,
burde eigentleg vere eit sjølvstendig argument for å fjerne den
særnorske skattlegginga.
Norsk fiskeri- og havbruksnæring har, saman
med landbruket, vore viktig for landet vårt gjennom generasjonar.
Dette må vi halde høgt og ta godt vare på. Landbruksnæringa er viktig
for bl.a. sjølvforsyning og beredskap i heile landet vårt. Sjømatnæringa
har stor betyding for lokalsamfunna langs kysten og for velferd
og er ein viktig verdiskapar og ei eksportnæring. Sjømatnæringa
eksporterer til 150 nasjonar og er den nest største eksportnæringa
i landet vårt. Fiskerinæringa fangstar og forvaltar fiskeriressursar
i verdsklasse, mat med eit særs lågt CO2-avtrykk. KrF
vil fjerne den særnorske CO2-avgifta frå fiskeflåten.
Følgjene av den særnorske avgifta kan verte store tap for verdikjeda
rundt fiskeflåten og nedlegging av viktige arbeidsplassar i Noreg.
I dei urolege og usikre tidene vi lever i, kan følgjene av denne
avgifta bidra til å svekkje beredskap, med nedbygging av bunkerslokasjonar og
andre viktige funksjonar langs kysten vår.
Til slutt: Eg viser til innspela vi har til
statsbudsjett og til alternative budsjett. Så ønskjer eg god jul
– og kanskje ein kan tenkje litt ekstra på desse fem orda frå Jakob
Sande: «Det lyser i stille grender.»
4. des 202511:54· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Bengt Rune Strifeldt, Jon Engen-Helgheim, Bård Hoksrud, Morten Stordalen, Liv Gustavsen og Himanshu Gulati om fortsatt fiske i Oslofjorden (Innst. 36 S (2025–2026), jf. Dokument 8:13 S (2025–2026))
Regjeringa offentleggjorde
i sommar at det skal innførast nullfiskeområde i Oslofjorden frå
1. januar 2026. Det inneber at både yrkes- og fritidsfiskarar får
fiskeforbod.
KrF er einige i at tilstanden i Oslofjorden
er alvorleg, men vi merkar oss at regjeringa har budsjettert med
ei mangelfull kompensasjonsordning for fiskarar. Det er i utgangspunktet
positivt med kompensasjon når situasjonen er som han er, men vi
må samtidig erkjenne at fiskarane framleis lever i stor uvisse.
Dei veit ikkje kven som vil få erstatning, kor mykje dei kan forvente,
eller kva krav som må oppfyllast for å kome inn under ordninga.
Det verkar som regjeringa meiner at ordninga
med arbeidsløysetrygd skal vareta dei økonomiske behova til fiskarane,
slik det er for andre som vert arbeidsledige, men vi må hugse at
fiskarane i stor grad er organiserte i enkeltpersonføretak. Dei
har ofte lån på fiskarbåt og reiskap, med pant i hus og heim, så
ein konkurs for ein fiskar er difor langt meir alvorleg enn det
å verte arbeidsledig. Det kan bety å miste hus og heim.
Fiskebåtar er spesialiserte og har ein avgrensa
verdi når fiskaren vert tvinga til å selje som følgje av fiskeforbodet. Dette
gjer situasjonen meir alvorleg, og Kristeleg Folkeparti vil difor
understreke at kompensasjonsordninga må vere tydeleg og rettferdig
og raskt kome på plass. Vi ser at totalforbod skapar mykje utryggheit
og er svært krevjande for dei som vert ramma. Då kan vi ikkje ha
ei ordning som er ramma inn slik at ho skapar endå meir utryggheit.
KrF vil til slutt melde vår støtte til forslag
nr. 8 i saka, frå Raudt, og vi gjer samtidig merksam på at KrF ved
ein inkurie ligg inne som medforslagsstillar på forslaga nr. 2 og
3. Vi vil stemme mot dei forslaga.
4. des 202510:37· Innlegg
Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Grunde Almeland, Guri Melby og Abid Raja om en ny næringspolitikk for en ny tid (Innst. 34 S (2025–2026), jf. Dokument 8:1 S (2025–2026))
Det er absolutt behov
for å styrkje næringspolitikken i landet vårt. Frå dag éin har Støre-regjeringa,
etter vårt syn, svekt det private norske eigarskapet. Skattane for
norske eigarar av bedrifter er auka med 30 mrd. kr sidan Støre tok
over, og det betyr nesten 200 mill. kr i auka skattar kvar einaste
veke. Mangel på stabile rammevilkår er øydeleggjande. Vi har fått
nye skattar, vi har fått midlertidige skattar, og vi har til med
fått skattar med tilbakeverkande kraft. Gründerar vel å byggje bedriftene
sine frå utlandet, og bedriftseigarar med over 50 mrd. kr i formue
har forlate landet. Det skadar investeringar, arbeidsplassar og
vekst i Noreg.
Noreg vert bygd nedanifrå gjennom bedrifter,
bønder og frivilligheit over heile landet. I generasjonar har dei
små og mellomstore bedriftene vore berebjelkar i samfunnet vårt.
Dei bidreg til fellesskapet gjennom inntekter, verdiskaping, sysselsetjing
og investeringar i lokalsamfunnet.
Mange eigarar av små og mellomstore bedrifter
må tappe bedriftene sine for kapital for å kunne betale formuesskatt. Dette
er ressursar som i staden kunne ha vore brukte til vidareutvikling
av bedrifter, arbeidsplassar og lokalsamfunn. For oppstartsbedrifter
er situasjonen ekstra ille, då mange må selje aksjar i eiga verksemd,
gjerne til utanlandske eigarar, for å betale den urettferdige formuesskatten.
I tillegg favoriserer skatten utanlandske eigarar, som ikkje er
omfatta. Skal vi sikre at bedriftene kan utvikle arbeidsplassane
vidare, og at bedriftene ikkje flyttar frå Noreg, må formuesskatten
på arbeidande kapital fjernast. Noreg har tradisjonelt hatt ein
god entreprenørskapskultur. Fleire målingar indikerer beklagelegvis at
han er svekt dei siste åra.
Vi i KrF vil støtte intensjonen i mange av
forslaga frå Venstre. Samtidig er måten dei vert fremja på, litt
uheldig – i eit representantforslag der det er kasta inn ei mengd
heilt ulike forslag om skatte- og forenklingspolitikk, EØS-oppfølging, risikokapital,
forsking og innovasjon, arbeidsliv og kompetanse, offentlege anskaffingar,
teknologi, KI og finanspolitiske innretningar. Dette gjev eit dårleg
utgangspunkt for ei reell behandling, trass i at fleire av forslaga
isolert sett er gode. Vi vil kome tilbake til desse når dei kjem
fram ved eit seinare høve, men vi vil stemme imot i denne saka.
19. nov 202510:43· Replikk
Møte onsdag den 19. november 2025 kl. 10
Eit lite tilleggsspørsmål:
I går kveld – det var nesten det siste eg gjorde før eg la meg –
såg eg statsråden stå på «tillitsbygget», for å kalle det det, på
Økern. Til dette med å ha tillit til kommunane i den situasjonen
vi er i no, eksempelvis når det gjeld det som vart nemnd her om
øyremerkte tilskot: Vi brukte i 2024 ca. 38 mrd. kr til øyremerkte
tilskot, og på tilskot som er på over 100 000 kr, må ein rapportere
tilbake til staten. Den tilliten til kommunane, som er fulle av
tillitsvalde i kommunestyra – kan statsråden sjå på det, eller i
det minste endre nivået på tilbakemeldingskrav? Eg spør fordi 38 mrd. kr
er 385 000 100 000-kronerslappar. Eg ser for meg at det er litt
å hente.
19. nov 202510:41· Replikk
Møte onsdag den 19. november 2025 kl. 10
Kommune-Noreg står til
halsen i oppgåver som må løysast kvar dag og kvar natt heile året.
Oppgåvene vert fleire og meir komplekse og krevjande med åra, og
forventningane frå innbyggjarane er ofte krevjande nok. Spagaten
som kommunane står i, er ikkje god. Det er først og fremst krevjande
for dei tilsette, som ønskjer å gi innbyggjarane gode tenester,
men det utfordrar òg omdømet til kommunen. Kommunen er dei tilsette, innbyggjarane
og samfunnet. Kommunane hamnar meir og meir bakpå i kampen om å
få tak i fagfolk. Dette er ei utfordring som ofte vert omtalt som
ei framtidssak, men det er det ikkje i kommunane. Når vi i tillegg
veit at fleire kommunar enn på mange år er på veg til å kome på,
eller allereie har kome på, ROBEK-lista på grunn av driftsubalanse,
vert situasjonen meir prekær enn kva eg sjølv kan hugse etter 30 år
i eit kommunestyre og åtte år i ei ordførarrolle.
Då vert spørsmålet: Opplever statsråden situasjonen
i Kommune-Noreg som så prekær at han har det travelt med å forenkle
der det kan forenklast no?
14. okt 202514:50· Innlegg
Møte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10
Norge er mulighetenes
land bygd på rike naturressurser, frihet, menneskeverd og nestekjærlighet,
men vi kan gjøre ting bedre på mange områder. Jeg vil nevne tre
her.
Ett av dem er regjeringens skattepolitikk,
som sender dyktige norske eiere ut av landet. Formuesskatten på
arbeidende kapital må betales uavhengig av overskudd, og den kveler
nyskaping, innovasjon og investeringer i små og store bedrifter
over hele landet. KrF ser på småbedrifter, familieeide selskaper
og lokale arbeidsplasser som bærere av viktige verdier: fellesskap,
samfunnsansvar og samfunnsbygging. Nettopp derfor har vi lenge vært
opptatt av rammevilkårene for virksomhetene som gir liv til bygder,
tettsteder og lokalsamfunn – og ikke minst av å fjerne formuesskatten
på arbeidende kapital.
Vi må lykkes med å redusere utenforskap her
i landet. Noe av det viktigste vi kan gjøre, er å hjelpe flere av
de 700 000 menneskene som står utenfor arbeidslivet. Når antall ungdommer
i utenforskap vokser og nå er over 100 000, har vi en jobb å gjøre.
Det må vi ta tak i, og vi må få alle med oss. KrF vil ha en uførereform
inspirert av Danmark. Uføre med gradert uføretrygd kan få større
arbeidsmuligheter ved at arbeidsgivere kan betale en noe lavere
lønn, og uføretrygden kan gis som kompensasjon for redusert timelønn.
Regjeringen foreslo en pilotordning med dette tiltaket for noen
år siden, men det forsvant ut i budsjettforliket med SV. La oss håpe
at dette forslaget snart kan bli en realitet, for dette er vinn-vinn
for enkeltmennesker og samfunnet.
KrF har lenge vært skeptisk til å innføre CO2-avgift
for fiskeflåten, bl.a. fordi land rundt oss ikke har en slik avgift.
I mange år fikk vi derfor stanset forsøk på å innføre denne avgiften,
men 1. juli i år fjernet det rød-grønne flertallet fritaket for
CO2-avgiften for fiskefartøy som fisker i fjerne farvann. Beslutningen
ble sterkt kritisert, og regjeringen valgte å utsette utestengingen
til 1. januar 2026. Hva skjer etter 1. januar? KrF håper at regjeringen
skroter tanken om en slik avgift. Vi frykter at organisasjonen Fiskebåt
har rett i sin advarsel om redusert konkurransekraft og beredskap
langs kysten, ettersom følgene av denne avgiften kan bli nedlegging
av bunkersstasjoner, redusert etterspørsel etter servicetjenester
fra den maritime industrien langs kysten og økte CO2-utslipp.