Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Statsråden peiker, heilt riktig, på ein del store utfordringar som industrien òg i Noreg står overfor, og behovet for omstilling er heilt klart ein del av det. Eg oppfattar òg at statsråden peiker på noko av problemet som rir industrien i Europa. Den feilslåtte energipolitikken har ført til veldig høge energikostnader, som står i vegen for både å ta vare på og omstilla industri. Det er likevel den aktive industripolitikken eg er ute etter. Der oppfatta eg ikkje at eg fekk noko svar. Aktiv industripolitikk oppfattar iallfall SV handlar om å sørgja for at verdiskapinga skjer i norske lokalsamfunn i staden for å senda oppdraget langt vekk. Det gjeld f.eks. utbygginga av Wisting-feltet, som SV er imot. Her planlegg Equinor å senda oppdraget til Asia. Vil statsråden sørgja for at me stiller krav om lokalt og nasjonalt innhald, sånn at oppdraga faktisk kjem norske industriarbeidsplassar til gode?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
