Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ja, eg oppfattar at statsråden peiker på utfordringar, men ikkje har så mange klare svar når det gjeld løysingar. Tilgang på kraft, ja, marknadstilgang, ja, men det me etterlyser, er ein aktiv industripolitikk for dei oppdraga me skal ha. Eg nemnde Wisting-feltet i stad. Me kan òg snakka om havvind, som SV har pressa på for at skal skje, men oppdraga for Sørlege Nordsjø gjekk jo til utanlandske selskap. Når det gjeld innkjøp til Forsvaret, har òg norsk industri store moglegheiter. Men då må me sørgja for at oppdraga blir utforma med krav til nasjonalt og lokalt innhald, eller i det minste europeisk innhald, sånn at norske industribedrifter har ein fair sjanse til faktisk å få desse oppdraga. Me kan neppe konkurrera med asiatiske bedrifter på pris aleine.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
