Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ja, me er framleis stort sett einige om problembeskrivinga, og det er jo ein bra plass å starta, men den aktive industripolitikken oppfattar eg at regjeringa framleis ikkje er klare for å ta opp av skuffen. La oss då snakka om pris, for det er òg ein del av dette. Ein grunn til at europeisk industri no slit veldig, er høge energikostnader. Dessverre fører Noreg per i dag ein energipolitikk som importerer desse problema til Noreg. Vår fastlandsindustri har vore bygd opp på dette eine prismessige konkurransefortrinnet, nemleg låg straumpris. Det klarer ikkje marknaden, iallfall ikkje den europeiske marknaden, å skaffa til norsk industri. Spørsmålet er: Vil statsråden ta nødvendige grep for å sørgja for at fastlandsindustrien som no veldig snart skal reforhandla dei langsiktige straumpriskontraktane, kan få straumprisar dei faktisk kan leva med, så dei kan fortsetja å produsera i Noreg?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
