Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er ei spesiell tid me lever i. Sidan sist det blei diskutert sikkerheitspolitikk i denne salen, har presidenten i USA på nytt trua med å ta alliert land og utfordra heile NATO-samarbeidet. Mange pusta letta ut då Trump i Davos snudde og sa at han ikkje skulle ta Grønland med makt, men me veit at Trump fort kan snu igjen. SV støttar det grønlandske folket. Grønland tilhøyrer grønlendarane, og me er glade for at regjeringa har vore tydeleg i forsvaret av kongeriket Danmarks suverenitet. Som eit relativt lite land i eit strategisk nordområde er Noreg avhengig av ein internasjonal rettsorden. Ei verd der stormakter tek seg til rette og behandlar andre nasjonar som sine interessesfærar i staden for å respektera folkeretten og FN-pakta, er ei farleg verd for oss. SV har i lang tid åtvara mot å gjera Noreg avhengig av USA. Me har lenge peikt på behovet for sterkare samarbeid med Norden og europeiske land, som i større grad deler våre interesser. Innkjøp av ytterlegare to tyske ubåtar styrkjer det strategiske samarbeidet med Tyskland. Tysk og norsk industri utviklar saman det kampsystemet som utgjer det sentrale styringssystemet i ubåtane, og integrerer alle sensorar, våpensystem og navigasjon. Leveransen utgjer ein betydeleg del av den samla kontraktsverdien. Dette samarbeidet styrkjer det norsk-tyske samarbeidet og skapar arbeidsplassar i Noreg. Når det gjeld langtrekkande presisjonsild, meiner SV at dei same overordna sikkerheitspolitiske og strategiske vurderingane må gjelda òg her. Produksjon i Noreg, eller i eit land nær oss, vil i tillegg vera god beredskap og god industripolitikk. Å vera avhengige av leveransar frå andre sida av jorda, både i fredstid og ikkje minst i krigstid, gjer oss sårbare. SV meiner at korte forsyningskjeder er eit langt betre alternativ enn det langreiste alternativet, som no ser ut til å bli valt. Det er framleis mogleg å velja eit norsk-europeisk alternativ der norsk industri vil ta ein aktiv del i eit strategisk samarbeid, og der heile produksjonen kan skje i Noreg. Noreg kan og bør bruka dei moglegheitene me har til å styrkja strategisk samarbeid med land me deler interesser med. Investeringar i langtrekkande presisjonsild er eit omfattande og forsvarspolitisk strategisk prosjekt og utgjer langt meir enn eit enkelt våpenkjøp. Ved så store investeringar som det me snakkar om her, bør den sikkerheitspolitiske dimensjonen tilleggjast stor vekt. Me meiner difor at det norsk-europeiske alternativet må vurderast skikkeleg, og at me ikkje må basera oss berre på dei snevre og til dels utdaterte kriteria som er lagde til grunn så langt. Dette er òg ei løysing som fleire nære allierte allereie har valt. SV fremjar difor, saman med Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, forslag om å vurdera det norsk-europeiske alternativet fullt ut i tråd med Nasjonal sikkerhetsstrategi, og koma tilbake til Stortinget på eigna måte. I tider der kommunekassene er skrapa, velferda forvitrar og folk slit med å betale rekningane sine, skal Stortinget ta ansvaret vårt for landets budsjett med tungt alvor. Me er alle einige i denne salen om å styrkja den nasjonale forsvarsevna. Det ikkje det same som at me skal kjøpa alt det forsvarsutstyret som skulle vera ønskjeleg, kosta kva det kosta vil. Det er heller ikkje sånn at me oppnår maksimal forsvarsevne berre med å kjøpa materiell. Den faktiske forsvarsevna består av folk som kan bruka og vedlikehalda materiellet, av fungerande forsyningskjeder, av samvirke med det sivile samfunnet og ikkje minst av folk sin forsvarsvilje. Når SV i dag støttar kjøp av to nye ubåtar og langtrekkande presisjonsild, sjølv om kostnadsrammene har gått vesentleg opp, er det fordi nettopp desse kapasitetane står på toppen av lista over det forsvarssjefen meiner er mest nødvendig. Med det tek eg opp forslaget som SV er ein del av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
