Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 28. jan 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 28. januar 2026 kl. 10

Innlegget

For det første er eg glad for at helseministeren seier klart at han har ein intensjon om å løyse denne saka. Den er viktig for mange lokalsamfunn, mange butikkar, og eg er glad for at han seier at han heiar på distrikta og dei små butikkane. Men i dette tilfellet er jo ikkje ministeren heiagjeng, men funksjonær, ikkje sant. Det er statsråden si oppgåve å leggje til rette for aktiviteten til desse. Så ein må altså då ta ein noko meir aktiv rolle enn å heie, viss dette problemet skal bli løyst. Dersom då denne prosessen, som statsråden no skisserer, går ifølgje plan: Når kan desse butikkane – f.eks. på Korshamn i Lyngdal og Auklandshamn i Sveio – få endeleg stadfesting på at dei på lik linje med andre butikkar kan selje alkohol i tider der butikken er fjernbetent?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat