Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Statsråden sa ingen verdas ting om ferjedrift, og det er kanskje med hensikt. Når ein ser på ferjedrifta og fylkesvegferje kontra riksvegferje, også med krava om at det no skal vere nullutsleppsferje på både fylkesveg og riksveg, er det 110 fylkesvegsamband og 16 riksvegsamband. Riksvegsambanda har i snitt 245 mill. kr per samband, mens f.eks. fylkesvegsambanda i Møre og Romsdal har 43 mill. kr per samband. Møre og Romsdal er det største ferjefylket og har mange av landets største ferjestrekningar, som f.eks. Aursneset–Magerholm og Hareid–Sulesund. Dei har då 43 mill. kr kvar til drift, mens dei tilsvarande ferjene på same størrelse i Møre og Romsdal altså har 245 mill. kr. Kva har statsråden tenkt å gjere for å behandle dette likt? Det er like ferjer.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
