Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er akkurat det underteikna gjer. Vi brukar 140 mill. kr meir på ferjedrifta i Møre og Romsdal enn det vi får løyvingar til. Fylkeskommunen er utsett for akkurat den same løns- og prisstiginga på alle område, som gjer at fylkeskommunen ikkje kan trylle. Eg klarer ikkje å trylle med dei rammene som fylkeskommunen får. Vi i FrP kuttar med over to milliardar i rammene til fylkeskommunane på administrasjon og overfører det til samferdsel og til vidaregåande skule. Så det treng ikkje statsråden å nemne, for vi tilfører det same pengebeløpet. Alt dreier seg om kostnadsveksten, som er så formidabel. Det er umogleg å handtere det. Når grunnlaget er så skeivt som det er, vert det håplaust både på fylkesvegferjene og på fylkesvegane. Det var poenget mitt med spørsmålet. Statsråden lovde i eit tidlegare spørsmål å kompensere for nullutsleppsutgiftene, og no seier han at han ikkje har tenkt til å gjere noko som helst. Meiner statsråden at han ikkje har tenkt å gjere noko som helst for å jamne ut desse urettferdigheitene, f.eks. mellom riksvegferjene og fylkesvegferjene?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
