Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Bomberom og medisin er berre noko av det Senterpartiet er oppteke av når det gjeld beredskap. Ei anna side er tilgangen på mat i ein krig eller ei krise. Senterpartiet meiner at Noreg treng beredskapslager av såkorn, for tilgangen på såkorn i Noreg er svak og ustabil, og me har fleire gonger måtta søkja hjelp hos Finland, som har teke ansvar for beredskapen. Dette temaet, med tilgang på såkorn og matberedskap, har vore tema på fleire møte i det siste, bl.a. kornkonferansen og det store landbruksmøtet på Jæren. Dei møta har éin ting til felles, og det er at landbruksministeren ikkje har eit svar på spørsmålet om me treng beredskapslagring av såkorn i Noreg. I den situasjonen me står i, spør eg då statsministeren: Meiner han at det er behov for å ha beredskapslagring av såkorn i Noreg for å sikra at me får sådd korn i ei krise eller ein krig?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
