Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 28. jan 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 28. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vart litt usikker på kva svaret inneber for sjukehusa. Det er ein realitet at i sommar gjekk helseminister Vestre ut i media og opplyste om at regjeringa ville senda oppdrag til alle norske sjukehus om å førebu seg på krig. Sjukehusa skulle kartleggja kva slags kapasitet og kva for nye behov dei hadde, òg knytt til den militære beredskapen. Da er det eit paradoks at regjeringa har brukt nesten eitt år på å arbeida med ei ny forskrift om tilfluktsrom. Det er stor frustrasjon i helsevesenet over at det har tatt så lang tid. Nyleg sende styreleiar i Helse sør-aust, Svein Gjedrem, sendt brev til departementet og bedt om rask avklaring, for dei står midt oppi avgjerder om endeleg planlegging av nye sjukehus. Spørsmålet mitt til statsministeren er igjen: Kor lenge meiner statsministeren at styreleiar Gjerdrem må venta på ei avklaring om tilfluktsrom i sjukehus?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat