Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Legemiddelberedskap er òg ein viktig del av totalberedskapen vår. Sjølv i fredstid opplever vi mangel på viktige legemiddel i Noreg. Noreg har ein svært avgrensa eigenproduksjon av kritisk viktige legemiddel, som f.eks. antibiotika, insulin og smertestillande. Det er ein risiko for svikt i forsyningskjeda, særleg i ei krise, der kvart land helst vil prioritera eigne innbyggjarar først. Stortinget har ved fleire anledningar bedt om tiltak for ein styrkt legemiddelberedskap i Noreg gjennom auka nasjonal lagring og produksjon av kritisk viktige legemiddel. Spørsmålet mitt er: Når vil regjeringa koma til Stortinget med tiltak og rammevilkår som gjer at det vil vera meir attraktivt med ein nasjonal produksjon av kritisk viktige legemiddel i Noreg?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
