Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 28. jan 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 28. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Dersom det ikkje er regjeringa sin politikk, bør jo regjeringa endra dei modellane vi byggjer sjukehus etter i dag. Vi har jo eit eige sjukehusbygg-helseføretak som legg til grunn modellar for alle desse sjukehusa, der ein sørgjer for at det blir så arealknappe sjukehus, og areal til tilsette blir nedprioritert. Dette er ikkje det første sjukehuset som vi ser er bygd på denne måten. Det er slik på Kalnes, og det var slik på Ahus. Men mi bekymring er at dette fortset òg på dei nye sjukehusa, f.eks. Mjøsykehuset og nye Oslo universitetsykehus. Da må ein endra modellane. Ein må òg endra på finansiering av sjukehus, for det er jo ingen tvil om at når ein ikkje skil investering og drift, vil det verta arealknappe sjukehus. Det viser all erfaring. Spørsmålet er om statsråden vil gjera nokre konkrete endringar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat