Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ei jordnær tilnærming er å tenkja på om ein investerer milliardar i nye sjukehus, 18 mrd. kr, og vi endar opp med ein situasjon der det ikkje er pauserom til dei tilsette. Da tenkjer eg: Kva i alle dagar – korleis er dette mogleg? Det er greitt at vi tilsynelatande skal ha enkle løysingar på dette, men ein må jo gå inn og sjå på systemet vårt, som gjer at dette faktisk er mogleg. Det skal ikkje vera jobben til ein helseminister å sørgja for å sjekka ut om det er garderobe til dei tilsette, når vi har ei milliardinvestering som har vore planlagd i mange år. Difor er eg opptatt av at vi òg må sjå på dette systemet. Til slutt: No stod jo statsråden sjølv på Drammen sykehus og heldt ein helsetale, der han snakka fint om at dei tilsette må kunna ta ein kaffi og ha eit pauserom og tid til fagleg og etisk refleksjon. Er statsråden bekymra for at dette vert oppfatta som ein festtale?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
