Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Først vil eg takke saksordføraren, Tobias Linge, for godt arbeid. Dette er på ein måte ein premieresak for meg. Som fersk stortingsrepresentant kom denne saka veldig rett opp i fanget på meg, og eg vil difor også takke komiteen for samarbeidet. I den grad vi vart einige om noko, så var jo det ekstra kjekt. I denne saka vil eg ta fram kanskje dei viktigaste tinga for KrF. Denne saka er eit første steg i arbeidet med å modernisere og forbetra eit regelverk som i dag vert opplevd som tungt og komplisert og lite tilgjengeleg, særleg då for kommunar og for små og mellomstore verksemder. For KrF er det eit omsyn som veg tyngst i denne saka, og det er forenkling. Offentlege anskaffingar må vere utforma slik at dei gjev best mogleg bruk av fellesskapets midlar, samtidig som dei er praktisk gjennomførbare for dei som skal bruke regelverket, både oppdragsgjevarar og leverandørar. Samtidig må det seiast at forslaget ikkje går langt nok. Lovendringane tek i for liten grad tak i dei forholda som i praksis gjer anskaffingar unødvendig kompliserte, kostnadsdrivande og lite tilgjengelege, særleg for mindre aktørar. Etter fire år med dagens regjering er vi framleis langt unna regjeringa sitt eige mål om å forenkle tilsvarande 11 mrd. kr. Tvert imot er det i same periode innført ei rekkje nye krav om rapportering og dokumentasjon. Dette svekkjer etter KrF sitt syn regjeringa sitt bidrag til at kommunar og næringsliv skal oppleve mindre byråkrati. Eit av dei viktige spørsmåla i denne saka er dette med innslagspunktet. Der ønskjer KrF eit høgare innslagspunkt. 100 000 kr har stått i mange år, uregulert, og Kristeleg Folkeparti sitt syn her er at vi bør løfte det minst til 750 000 kr. Vi har naboland som har vesentleg høgare tersklar, opp i det området, 750 000 kr pluss. Dette er ei viktig sak som vi kanskje ikkje får fleirtal for, men som vi støttar, i lag med FrP og Høgre. Eit nivå på 750 000 kr vil gje ei reell forenkling og styrkje lokale og små leverandørar og gje kommunane eit nødvendig handlingsrom. Dersom det ikkje vert 750 000 kr, vil vi subsidiært støtte 500 000 kr som innslagspunkt. KrF vil også understreke dette med at kompetanse er avgjerande for offentlege anskaffingar. Fleire reglar og plikter gjev ikkje nødvendigvis betre kjøp. Tvert imot er det ein risiko for at kravet om anskaffingsstrategi og -rutinar først og fremst fører til fleire planar og sjekklister, utan at kvaliteten på anskaffingane vert betre. Når det gjeld klima- og miljøomsyn, meiner KrF det er viktig at krava vert utforma på ein måte som er fleksibel og kostnadseffektiv. Erfaringa viser at unødvendig detaljerte og teknologispesifikke krav kan gje høgare kostnader, svakare konkurranse og i nokre tilfelle utfordre beredskapen. Regelverket må gje rom for at marknaden kan finne dei beste løysingane. KrF er også opptekne av at næringslivet tek ansvar for lærlingar, og mange stader overfor eit nytt prosjekt er det naturleg å stille krav. Samtidig meiner vi at regjeringa sitt forslag kanskje er litt for lite praktisk og litt for rigid med å bruke ein prosentandel. Det kan skape unødvendig prosessrisiko og stengje mindre verksemder ute. Difor føreslår KrF at lærlingkravet vert utforma som ei kan-føresegn, utan fast prosentkrav. Til slutt vil eg understreke betydninga av innovasjon. Offentlege anskaffingar er eit kraftfullt verkemiddel til å fremje nye løysingar og styrkje konkurranseevna i norsk næringsliv. KrF meiner det er behov for ein større bruk av fleksible anskaffingsprosedyrar og betre tilrettelegging for innovasjonspartnarskap, slik at også små og mellomstore verksemder får ei reell moglegheit til å delta. KrF støttar lovendringa som eit nødvendig første steg, men dersom målet verkeleg er forenkling, må vi våga å gå lenger, med høgare innslagspunkt, mindre byråkrati og større tillit til kommunar og næringsliv.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat