Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Me skal nok få diskutert lauksaka òg etterkvart i denne debatten, men me får starta i ein annan ende. Det er ikkje berre Bodø/Glimt som gjer det skarpt om dagen. 2026 har starta som eit år der norsk filmindustri blir ein internasjonal sensasjon. Men året har òg starta med tydelege teikn på den urolege tida me lever i – ei verd der den såkalla regelstyrte verdsordninga, sånn me har kjend ho på godt og vondt i mange tiår, no går opp i saumane. Som Canada sin statsminister Mark Carney sa i førre veke: Me visste at reglane var delvis falske, at dei var i favør av nokon få, og at dei i stor grad var baserte på amerikansk hegemoni. Kva gjer me no, når det amerikanske hegemoniet bruker toll og bomber om kvarandre som våpen for å kua verda under viljen sin? Jo, då skaper me alternativ. Me må arbeide for å skapa ein handelspolitisk verd som klarer å svara på problema i folks liv: aukande ulikskap, manglande beredskap, miljøkriser, manglande arbeidsmoglegheiter, konflikt, pandemiar, ressursmanglar og landran. Dagens system klarer ikkje det, verken før eller etter Trump. Me må no bruka moglegheita den kaotiske verdssituasjonen gjev oss, for å finna saman i eit betre samarbeid som gagnar dei mange, ikkje dei få. Handel på tvers av landegrenser skulle gje oss tryggleik. Det var langt på veg ein illusjon. Når det byggverket av internasjonale reglar som har styrt verda dei siste tiåra, no er under et sterkt press, er ikkje svaret å vera den siste forsvararen av eit utdatert og urettferdig system. Då er svaret å vera modig og tenkja nytt. Handelsreglane har i altfor lang tid bidrege til å skapa miljøkriser, menneskerettsbrot, industridød og groteske økonomiske forskjellar. Andre og betre handelsreglar er moglege viss me allierer oss med alle dei som kom tapande ut. Noreg er i ein unik posisjon til å knyta saman nord og sør sidan me ikkje er bundne av EU sin felles handelspolitikk. Korleis kan ein ny internasjonal handelspolitikk sjå ut? For det første: Land i både nord og sør må få betre moglegheiter til å støtta og beskytta matproduksjon til eige forbruk og matvarelager. Tida er inne for å leggja eksportsubsidiane som USA og andre stormakter nyttar seg grådig av, på hylla. Me må regulera subsidiane sånn at dei ikkje øydelegg for bønder i det globale sør. For det andre: Lange forsyningskjeder og handel over store avstandar gjev ikkje meining i ei verd der beredskap og miljø må vera overordna omsyn. Pandemien gjorde det tydeleg for alle at me både må ha større eigenproduksjon og må kunna kjøpa det me treng i område nær oss. Me kan rett og slett ikkje stola på at dei internasjonale forsyningskjedene fungerer knirkefritt i kvar einskild situasjon. Internasjonale handelsreglar må òg leggja til rette for lokal produksjon og meir kortreist handel. For det tredje: Dei siste 15 åra har me sett verdas største selskap slå seg opp. Desse få gigantiske teknologiselskapa kontrollerer no både ressursar og infrastruktur verda over. Dei sit på meir makt over kjerneområde i samfunnet vårt enn det røvarbaronane gjorde i si tid, og det merkast. Det merkast i korleis dei skyt pengar inn i det som skal vera demokratiske val verda over for å få meir marknadsmakt og meir ideologisk makt. Det merkast i korleis dei lobbar opp mot internasjonale handelsavtalar og institusjonar. Dei vil ha minst mogleg regulering for å få mest mogleg definisjonsmakt. Når me snakkar om aldersgrense på sosiale media, må me òg tora å snakka om regulering av selskap og marknader som et opp fritida vår, demokratiet vårt og plassen til andre mindre, digitale selskap. Når ein riggar handelssystemet for å hjelpa tekselskapa, skaper me monopol som skader det demokratiske handlingsrommet vårt. Me må læra av feila og den naive tilnærminga mange har hatt til tekgigantane dei siste åra, for no ser me tydeleg kva resultatet blir. Me må setja digital suverenitet og digitalt mangfald i førarsetet på handelsavtalane våre framover. Det er på høg tid å tenkja nytt om innhaldet i handelsreglane. Det vil SV invitera til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat