Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. feb 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte tirsdag den 3. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg ønskjer å starta med å takka saksordføraren for innlegget hans, og eg sluttar meg i all hovudsak til det som er sagt der. Det er krevjande dagar for kongefamilien vår, men det er ikkje det debatten i dag handlar om. Dette er ein større debatt enn det. Det er eit konkret forslag om å gå vekk frå eit styresett med kongedøme og ei over tusenårig historie. Det er å gå vekk frå eit sentralt element i Grunnlova vår, tradisjonen vår og demokratiet vårt. Den noverande kongefamilien vår har me hatt sidan 1905. Det avgjerande spørsmålet er om dette har bidrege til stabilitet i Noreg og samling av nasjonen. Svaret er for meg og Senterpartiet eit klart ja. Det er faktisk ikkje sånn at alle berre støttar monarkiet fordi me i dag har ein bra konge og ein fin kronprins. Mi og Senterpartiets støtte byggjer på at det arvelege monarkiet faktisk er ein bra styreform som fungerer. Ikkje minst bidreg det til at skifte av regjering går føre seg på ein anstendig måte. Det er kanskje den mest politiske oppgåva av alle. Det er i skifte av regjering at kongen vår som partipolitisk uavhengig er i den viktigaste rolla si. Denne oppgåva er kraftig underkommunisert i debatten. Det finst alternativ til monarki, som har både styrkar og svakheiter. Nokre peiker på dei prinsipielle sidene og byggjer argumentasjonen sin på dei. Problemet med ei sånn tilnærming er at verken livet til folk, samfunnet vårt eller politikken er berre prinsipielle. Dei byggjer på historia og tradisjonen vår og på å finna løysingar som faktisk står seg over tid. Kongefamilien vår består av menneske. Me har ein flott kongefamilie som har lagt ned og legg ned ein stor innsats for oss alle. Folk gjer feil, kongefamilien vår gjer feil, men eit augeblinksbilde endrar ikkje synet vårt på styreform. Det finst heller ingen eksempel på feilfrie presidentar, men det finst rikeleg med eksempel på presidentar som har mørke flekkar. Det er òg rikeleg med eksempel på maktmisbruk i land med president. Det er her det skurrar hjå meg når dei som ønskjer republikk, argumenterer. Vil dei ha ein president med mykje makt, eller trur dei at ein president vald for ein kortare periode ville ha klart å ha den samlande rolla som kongefamilien vår har hatt sidan 1905? Den fremste styrken til monarkiet er på sett og vis fråværet av reell makt. Makta i Noreg vert utøvd av kollegiale organ, og det er styrken vår. I innstillinga vert det peikt på den folkelege støtta som monarkiet har. Det var òg saksordføraren inne på i innlegget sitt. Det er òg eit argument for min del, men det er ikkje eit avgjerande argument. Det avgjerande er at me i dag har eit robust styresett som er grunnlovfesta og vil kunna stå seg over generasjonar framover. Mindretalet argumenterer med at republikk er den mest vanlege styreforma i verda. Eg vil ikkje anbefala Stortinget å gå for den styreforma som til ei kvar tid er mest populær i eit globalt perspektiv. Det er verdt å minna om at demokrati òg er i mindretal i eit globalt perspektiv. Ut frå dette stemmer Senterpartiet imot forslaga til grunnlovsendring.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat