Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiets enkle utgangspunkt er at det bør vera ein høg terskel for å gjera endringar i Grunnloven. Så er spørsmålet om dagens prosedyre verkar. Eg har lyst til å svara ja på det. Me høyrde at det i førre innlegg, frå representanten Frølich, vart nemnt grunnlovsendringar forfatta på ein serviett. Eg har ikkje kjennskap til at forslag til endringar i Grunnloven forfatta på ein serviett har vorte ein del av Noregs grunnlov, så eg trur det vert brukt litt store ord. Det er eit faktum at oppigjennom åra har Stortinget gjort både store og viktige endringar i Grunnloven. Mitt klare inntrykk er at dei har vore både gjennomtenkte og – der det har vore nødvendig – vurderte og greidde ut. Eg har all respekt for at tidlegare kontrollkomitear har gått inn i dette spørsmålet og ønskt å justera prosessen, både for å føreta ei siling og for å skapa meir engasjement. Men då kan ein stilla seg spørsmålet: Kva er det som gjer at det er såpass lite engasjement rundt grunnlovsendringar? Kan det tenkast at Grunnloven har ganske brei støtte, at det ikkje er et folkeleg behov for og ønske om å gjera dei store endringane? Folk støttar Grunnloven, som me veit, men eg trur òg folk lever med at det er ein høg terskel for å gjera endringar. Det ligg jo òg i dei forslaga som er oppe i dag, og det er eg glad for. Det vert peikt på behovet for å greia ut grunnlovsforslag betre. Ja, men det er ikkje slik at gjeldande ordning hindrar at grunnlovsforslag vert greidde ut. Det er òg verdt å ta med seg. Eg vil peika på noko som eg for så vidt òg synest er eit poeng – og representanten Myrli gjorde greie for det. Når ein vil at betre utgreiingar skal liggja til grunn for grunnlovsendringar, er det jo eit litt morosamt poeng at ein samlar seg om akkurat det forslaget som ikkje er greidd ut og anbefalt etter ei utgreiing. Senterpartiet står for ein grunnlovskonservatisme. Det betyr at me ikkje skal endra Grunnloven slik me f.eks. endrar Stortingets forretningsorden – endra han for å sjå om det fungerer betre. Nei, det må vera eit reelt behov for å endra han, og det meiner me ikkje ligg føre i denne saka. Eg skal ikkje på nokon som helst måte hevda at det mindretalet har føreslått, inneber ein revolusjon, men det er kanskje slik at ein løyser eit problem ein ikkje har, med tiltak som neppe vil verka. På den bakgrunnen vil Senterpartiet stemma imot forslaga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
