Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. feb 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 3. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Noreg bør bli republikk, men når, og på kva måte? Å bestemme meg for kva eg skulle stemme om grunnlovsforslaget, var ikkje heilt enkelt Aller først vil eg rette ein stor takk til kongen og dronninga. Den store innsatsen deira for Noreg i mange år har vore heilt uvurderleg, og det same gjeld forgjengarane deira. Det konstitusjonelle kongedømet vårt har tent oss godt i mange år. Eg er òg prinsipiell republikanar. Eg meiner det er grunnleggjande udemokratisk at ein kan arve posisjonen som statsoverhovud. Pragmatisk monarkist er eg likevel, og difor hadde eg tenkt å stemme mot grunnlovsforslaget, men tida for kongedøme bør på eit tidspunkt ta slutt. Eg har sakna eit alternativ for å signalisere kvar vi bør vere langt der framme. Eg vil på vegner av meg sjølv fremje eit laust forslag med følgjande ordlyd: «Stortinget ber regjeringen utrede en overgang til republikk i Norge. Utredningen skal vurdere fordeler og ulemper ved å endre statsform til republikk og vurdere ulike modeller for innføring av republikansk styreform i Norge.» Hendingar i den siste tida har gjort meg litt meir i tvil, men å endre statsform etter tusen år med monarki er ei alvorleg sak. Det er ei avgjerd som vil forme Noreg i all overskodeleg framtid. Det vil setje nye rammer for demokratiet vårt og påverke korleis folkestyret fungerer. Den avgjerda skal ikkje takast i lys av dagsaktuelle hendingar, men i lys av korleis vi ønskjer å utvikle samfunnet og demokratiet vårt for generasjonar som kjem. Valet av styreform er ei djupt politisk og verdibasert avgjerd. Fasitsvar på kva som er rett, finst ikkje. Vi hadde ei folkeavrøysting før kong Haakon tiltredde som konge. Det er naturleg at ei folkeavrøysting òg må skje viss vi skal endre statsform. Ei utgreiing kan likevel gje relevant informasjon og leggje grunnlaget for ein realitetsorientert debatt. Den debatten er ikkje til stades i dag. Det finst mange ulike variantar av republikanske styreformer. USA har ei styreform med stor makt hos presidenten, noko eg trur ingen i Noreg vil ønskje seg. Våre nordiske naboar Island og Finland har som kjend heilt andre roller for presidentane, òg dei imellom heilt forskjellige. Det er langt meir naturleg å sjå i den retninga. Både val av statsoverhovud og fordelinga av ansvar og fullmakter kan organiserast på heilt ulike måtar, med store konsekvensar for samfunn og folkestyre. Dersom Noreg skal gje seg inn på ei reform av styresett, må målet vere meir demokrati, meir involvering og ein struktur som er robust i møtet med autoritære straumdrag. Samtidig skal ein vareta behovet for ritual og det høgtidelege, slik vi f.eks. får oppleve ved dei høgtidelege opningane av Stortinget. Difor meiner eg det første steget i ein slik prosess bør vere ei utgreiing. Her inviterer eg alle som er republikanarar i hovudet, men monarkistar i hjartet, til å vere med og utforske kva Noreg kan bli som republikk. Debatten er sunn og interessant. La oss sikte mot republikk langt der framme, blåne bak blåne, men her og no vil eg seie: Lenge leve kongen og hans hus!

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat