Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 4. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Når det gjeld habilitet, er det ein viktig føresetnad at det er til stades i alle samanhengar i samfunnet vårt. I eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet svarar departementet at det for departementet er av avgjerande betydning at det er stor tillit til helseforvaltninga. Det er viktig. I det same brevet vert det problematisert eit forhold der ein som heiter Gunnar Bovim, er leiar i valkomiteen for Polaris Media, hvor Koch er konsernsjef. Bovim er altså den som har mest innflytelse på kven som skal sitje i styret og styre. Bovim er også styreleiar i Helseplattforma, hvor Helse Midt-Noreg er hovudeigar. Koch er den som har mest innflytelse på om Bovim vil fortsetje i dette vervet eller ikkje. Det er dette samrøret det vert vist til. Meiner helseministeren at han og departementet ikkje har noko ansvar for å sjå til at eit slikt samrøre ikkje skjer?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat