Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 4. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eigentleg var det jo påvist samrøre mellom Helse Midt-Noreg og Polaris Media før ein fekk denne utnemninga. Vi ser ein betydeleg debatt i befolkninga i Møre og Romsdal og i Trøndelag rundt helseføretaka, og vi set eit stort spørsmålsteikn ved det som skjer. Koch sit jo som styreleiar og direktør i Polaris, men han sit også som styreleiar i Adresseavisa og i massevis av andre aviser. Ein ser at det er eit samrøre og ei binding også opp mot Helseplattforma og andre område, og det har vore eit stort debattgrunnlag i Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er det som dannar grunnlaget for den store debatten rundt utnemninga av direktøren i Polaris som ny styreleiar i Helse Midt-Noreg. Ser ikkje statsråden at når dette er lagt til grunn, er det eit viktig argument for at det svekkjer tilliten til heile Helse Midt-Noreg?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat