Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. feb 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 4. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Rundt om i Noreg finst det ein mengde bedrifter eg trur er rimeleg lite interesserte i ein diskusjon mellom Arbeidarpartiet og Høgre om kven som har gjort minst i kraftpolitikken. Realiteten er at norske bedrifter betalar skyhøge straumprisar, og samtidig som dette skjer, er eksporten av straum frå Noreg rekordhøg. Me sette eksportrekord i 2025. Me veit at på Sør- og Vestlandet, i det såkalla NO2, er det veldig låg fyllingsgrad. Den er nede i 51 pst. Trass i dette eksporterte ein stort med straum ut òg i januar. Det er venta tørt og kaldt vêr framover. Kva planar har eigentleg regjeringa for økonomien og for rammevilkåret straum er for norske bedriftseigarar, og kanskje spesielt på Sør- og Vestlandet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat