Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. feb 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 4. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er litt spesielt å høyra på dette svaret, eitt år etter at Senterpartiet gjekk ut av regjering, fordi me meinte Arbeidarpartiet var på ville vegar i kraftpolitikken. Det er fint å snakka om noregspris, men det hjelper ikkje norske bedrifter at privatkundar har det. Realiteten er at me har stor eksport, me har låg magasinfylling, me har høge straumprisar for næringslivet, og svært mange passar ikkje desse fastprisavtalane for. Då er spørsmålet mitt: Er beskjeden frå regjeringa til norske bedrifter at dette må dei berre leva med, eller ønskjer ein å gjera systemgrep, andre grep, for å få ned straumprisane til norske bedrifter?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat