Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. feb 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 4. februar 2026 kl. 10

Innlegget

I forbindelse med forhandlingane om noregspris for privatkundar som me hadde i vår, då Senterpartiet fekk styrkt noregsprisordninga, vart det òg gjort eit vedtak om at ein skal greia ut ein noregspris for bedrifter, nettopp fordi me meinte dagens fastprisavtalar ikkje fullt ut dekte behovet til næringslivet. Me veit at erfaringane med noregspris for privatkundar er gode. Me meiner at særleg små og mellomstore bedrifter ville hatt stor nytte av ein noregspris òg for bedrifter. Mitt spørsmål er eigentleg: Det vart gjeve eit oppdrag frå Stortinget – som òg Arbeidarpartiet stemte for – om å greia ut noregspris for bedrifter. Korleis ligg det an med utgreiinga, og når kan me venta at den er ferdig, sånn at me kan jobba vidare med å få på plass meir stabile straumprisar for norske bedrifter?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat