Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Statsråden seier at det må vera lov å gjera feil. Det er greitt, men det er ikkje greitt at ein gjer feil om igjen, om igjen og om igjen. Vi har hatt mange nye sjukehusbygg i Noreg – Kalnes, Ahus osv. – og no gjentar ein dei same feila. Det var jo ein evalueringsrapport etter bygginga på Kalnes som nettopp tok opp at det var for overfylt, og at det har vorte bygd med for liten kapasitet, med mangel på pauserom, garderobeskap og kontorlokale, og at korridorpasientar vert normalen. Om statsråden meiner dette er noko som ein politisk ikkje skal blanda seg i, at dette er ei fagleg utvikling, og at vi må stole på dei faglege råda, er eg faktisk ueinig. Det må vera eit problem òg for ein statsråd at det er dei nye sjukehusa i Noreg som har størst problem med at dei er overfylte. Sjukefråværet går opp, behandlingskapasiteten går ned, og pasientane må liggja to og to på eit einmannsrom.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
