Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Statsråden meiner at eg ikkje må gjera denne saka større enn ho er, men det er faktisk ei veldig stor og prinsipiell sak om korleis vi bruker milliardar av kroner til å byggja nye sjukehus. Når det er slik at me må begynna å riva veggene berre nokre veker etter at eit nytt sjukehus står på plass, trur eg faktisk det er fleire enn meg lurer på korleis i alle dagar dette kunne skje, og om vi ikkje skal ta grep for å hindra at andre sjukehus gjer den same feilen. No svarar statsråden at vi skal gjera den same feilen på det nye Mjøssjukehuset og på det nye sjukehuset i Oslo fordi dette er i tråd med dei faglege anbefalingane. Da meiner eg at statsråden må gå inn og sjå på Sykehusbygg HF, som koordinerer og legg fram planane for bygging og seie at vi no må læra av feila og endra, slik at ikkje sjukehus berre vert bygde med einsengsrom, men at vi har ein fleksibilitet i romma. Det vil eg utfordra statsråden på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
