Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det er eit ordtak der det heiter at det er for seint å snyte seg når nasen er vekk. Det er altså ikkje ein dag for tidleg at desse helseføretaka vert stoppa. Alle dei leiarane i helseføretaka som vert sette inn av regjeringa, som sikkert er lojale mot regjeringa, men som ikkje har ein snev av kontakt med grasrota – det er ikkje ein dag for tidleg at dei vert stoppa. Underteikna, faktisk i lag med Sosialistisk Venstreparti og Raudt, har f.eks. kjempa i Møre og Romsdal for å hindre at viktige rehabiliteringssenter vart lagde ned. Helseministeren løfta ikkje ein finger før Aure rehabiliteringssenter vart lagt ned i 2023. Den 1. februar vart Mork rehabiliteringssenter i Volda lagt ned. Mellom 3 000 og 5 000 innbyggjarar gjekk i fakkeltog og protesterte. Verken helseministeren eller nokon frå Arbeidarpartiet eller Høgre var der og støtta folket eller lytta til folket og høyrde kva innbyggjarane og brukarane faktisk meinte. Senteret vart lagt ned. Senterpartiet var også med på å leggje ned desse to sentera i Møre og Romsdal. At Senterpartiet og Toppe no har snudd, er veldig bra, men det er ikkje ein dag for tidleg, det heller. Det systemet som er i helseføretaka – som ikkje har kontakt med grasrota eller med det folkevalde systemet, og tydelegvis ikkje med brukarane, for det er ikkje så viktig – skal altså no lyse ut anbod der dei skal spare pengar. I Møre og Romsdal skal ein f.eks. kutte i tilbodet, kutte legar og sjukepleiarar. Helsefagarbeidarar mistar jobbane sine. Ein skal kutte kostnader overalt for å dekkje inn bygging av eit nytt sjukehus i Molde og ny utbygging i Ålesund. Det ligg bak at ein no også kuttar i anboda. Ein skal altså ha mindre fokus på kvalitet og kompetanse og meir på pris og økonomi – ikkje tenestene til innbyggjarane. Mork rehabiliteringssenter, som vart lagt ned, var eit av dei desidert beste sentera i landet innanfor arbeidsrehabilitering, men spesielt innanfor hjerneslag. Denne kampen må vinnast. Ein må stoppe dette. Til slutt må eg berre innrømme at eg vart skikkeleg provosert då eg sat og høyrde på debatten i førre sak, og eg vert ikkje mindre provosert no, når eg høyrer at statsråden går til frontalåtak mot Stortinget og insinuerer at han ikkje vil følgje Stortingets vedtak. Det er veldig, veldig spesielt, det må eg innrømme. Slik kan vi ikkje ha det. Eg er glad for at det vert eit nytt fleirtal, og at det faktisk er tenestene til pasientane og innbyggjarane som no vert sette i høgsetet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat