Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Kor har vi vore, spør Høgre. Vi har stått på denne talarstolen og kjempa for dei viktige sakene, som f.eks. rehabiliteringssenteret på Mork, som Høgre sørgde for å få fleirtal for å leggje ned – blant anna. Høgre sørgde også for å få fleirtal for ikkje å gjere noko med helseføretaksmodellen. Høgre sørgde for ikkje å gjere noko med Helse Midt-Noreg, helseføretaket som vi ønskjer å leggje ned, som er det store problemet for Møre og Romsdal, og som gjer at vi faktisk står i den økonomiske situasjonen som vi er i. Så kor vi har vore? Vi har vore her. Vi står for det vi meiner, mens Høgre kvar einaste gong har dilta etter Arbeidarpartiet og sørgd for fleirtal med Arbeidarpartiet i sak etter sak. Det som er grunnlaget her no – og eg må berre innrømme at eg er så lut lei av å høyre om økonomi og kroner, og at vi ikkje har råd til noko, ikkje ein døyt. I 2006 kom tal frå Noregs Bank. Det var 893 milliardar i oljefondet. Tolv år etterpå var det 10 000 milliardar, og i dag er det 21 000 milliardar. Ein har altså ikkje pengar. Statsråden kan gjerne utfordre meg på økonomi, på kvar vi skal finne nokre hundre millionar i Midt-Noreg. Det svaret trur eg vi har gjeve mange gonger gjennom våre forslag, der vi ønskjer å gjere tiltak som hadde sørgd for at vi ikkje gjer noko så greinlaust som å finne på å finansiere bygging av nytt sjukehus i Molde og rehabiliteringa i Ålesund gjennom drift, gjennom å kutte i legar, sjukepleiarar og helsepersonell. Og så skal vi no kutte i rehabilitering for å finansiere det same. Er det mogleg? Så snakkar ein om at eg skal finne 200 millionar. Det seier statsråden. Eg var freista til å seie at statsråden kan gå tilbake til sin eigen statsminister og sørgje for at han hentar heim att nokre hundrevis av millionar frå utanriks og andre område, der dei rasar rundt i heile verda og sløsar vekk pengar. Det er altså så mykje sløsing med pengar i dette samfunnet, som vi kan bruke på gode tiltak. Så kom ikkje her og snakk om at eg skal finne 200 millionar. Eg sit ikkje i regjering. Ministeren sit i regjering, og han må sørgje for at det er eit finansieringssystem til helse, og til Helse Møre og Romsdal, som gjer at vi slepp å kutte i viktige tenester for Møre og Romsdal. Eg er folkevald, og de andre er folkevalde, og vi representerer våre eigne fylke. Eg representerer mitt eige folk i Møre og Romsdal, som er vettskremte over at vi ligg an til å bli eit annleis fylke med omsyn til helsetenester. Vi får dårlegare tenester på alle moglege måtar. No er det Muritunet som er under press. Eg spør innbyggjarane: Kva skal vi støtte? Jo, Muritunet – våre tenester, ikkje byråkratiet. Pengane skal ikkje brukast på alt mogleg anna, men på det som innbyggjarane ønskjer, og då er Muritunet Rehabilitering i Møre og Romsdal det viktige, og ikkje byråkratiet i Helse Midt-Noreg i Trøndelag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
