Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg veit ikkje om tidlegare talar frå Arbeidarpartiet har brukt auga sine til å lese, men vi har altså lagt inn 500 mill. kr til ekstra kjøp av rehabilitering frå private og 1 mrd. kr ekstra til sjukehusa. Vi har ein annan finansieringsmodell på investeringar som hadde sørgja for at helsetenestene i Møre og Romsdal ikkje vert raserte. Bruk auga og les – det trur eg hadde vore ein idé. Eg har ei forplikting til veljarane og innbyggjarane. Når eg då ser at eit ikkje-folkevald organ som Helse Midt-Noreg gjer heilt greinlause ting ved å leggje 70 pst. på pris på helsetenestekjøp, er det mi fordømte plikt faktisk å stemme det ned og stoppe det. Det er mi plikt her i denne sal. Det er det eg skal gjere. Det er difor eg sit her.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
