Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg er glad for at representantforslaget frå Senterpartiet no får eit godt fleirtal, sett bort ifrå Arbeidarpartiet og Høgre som ikkje er med på dette i dag. Vedtaket inneber ein direkte stopp i anbodsprosessen, som har skapt uro for pasientar, fagmiljø og ideelle leverandørar. Arbeidarpartiet og ministeren må lytte meir til dei som har skoen på og ikkje berre til byråkratiet. No vert dagens avtale vidareført inntil nye fagleg forankra kvalitetskrav og ein langsiktig plan for rehabilitering vert lagt fram. Dette er eit veldig viktig signal til regjeringa frå Stortinget, og etter mitt syn òg ein start på sjølve føretaksmodellen – sjå korleis han er – med det fleirtalet som er her i dag. For det vert feil når vi skal vekte 70 pst. pris og 30 pst. kvalitet. I dag viser Stortinget vilje til å si at det som skjer no, er eit helsetenestetilbod som vert rasert og sentralisert, og at det ikkje er godt nok for oss i Senterpartiet. I Møre og Romsdal inneber det at denne anbodsprosessen no stoppar, og at Muritunet, som no er den einaste rehabiliteringsinstitusjonen i Møre og Romsdal utanom spesialisthelsetenesta, får fortsetje som i dag. Det er utruleg viktig for oss. I Møre og Romsdal har vi sett sentralisering med nedlegginga av Mork, som har drive ei utruleg god rehabiliteringsteneste. Vi toler ikkje fleire. Pasientane er opptekne av eit godt tilbod der dei kan få gode behandlingar og vert møtte med respekt. For vi er i dag veldig glade for at det no vert skapt ro rundt tilsette som kan drive ei god og viktig rehabiliteringsteneste, og slepp å tenkje på at dei skal inn i eit opplegg som skaper utryggleik for framtida. Eg er veldig glad no på vegner av innbyggjarane i Møre og Romsdal for det som skjer på Muritunet, og at vi kan skape ro rundt den prosessen. Eg håpar at regjeringa her følgjer det opp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat