Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I statsråden sitt innlegg sa han at det ikkje er kunnskapsgrunnlag for at vi treng endå meir døgnbehandling innan arbeidsretta rehabilitering, men det som helseføretaka gjer, er jo eit storstilt kutt i døgnbehandling. Stort sett vert alt omstilt til dagbehandling med ei overnatting. Det eg har lese om forskingsresultat, er at det einaste forskings- og kunnskapsgrunnlaget vi har, er at arbeidsretta rehabilitering med døgnbehandling har ein verdi for pasienten, og det har ein samfunnsøkonomisk gevinst. Det er dagbehandling det ikkje finst forskingsresultat på, som er ein ny kategori. Kan statsråden visa til kor desse forskingsresultata er, og kvifor han ser vekk frå dei forskingsresultata vi har på døgnbehandling og arbeidsretta rehabilitering?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
