Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I dag handlar det for meg om å stå opp for pasientane, for fagfolka og for fagmiljøa innan rehabiliteringsfeltet. Stortinget har sjølvsagt anledning til å vedta rehabiliteringspolitikken som vi meiner at ei mindretalsregjering skal utøva. I dag er det ikkje fleirtal for rehabiliteringspolitikken til Ap-regjeringa, og det er ikkje fleirtal for massive kutt i døgnbehandling som går ut over pasientane med dei største og mest samansette behova. Mange snakkar om at vi må vera ansvarlege, men ansvarlege for kven – for systemet eller for pasientane? Vi står ansvarlege for pasientane, først og fremst, og kva er ansvarleg med ei anskaffing som legg til opp til at pris skal telja 70 pst. og kvalitet berre 30 pst.? Kva er ansvarleg med å nekta pasientar som treng døgnbehandling, å få nettopp det, og å påleggja dei eit dagtilbod og at dei må pendla heim i helgene, uansett avstand, eller betala 1 300 kr av eiga lomme, pengar dei kanskje ikkje har, sidan dei kanskje står utanfor arbeidslivet? Kva ansvar viser ein rehabiliteringspolitikk som utarmar solide fagmiljø i heile landet, og kva er det ansvarlege med denne måten å følgja opp rapporten frå Riksrevisjonen på? Dagbehandling kan vera bra for nokon, og vi er ikkje mot at det vert meir av det, men vi treng eit mangfald. Vi treng òg døgnbehandling, og det gjer vi fordi rehabilitering er eit spesielt helsetilbod. Det handlar òg om å kunna hjelpa folk til å få nye vanar, til å kunna fungera i kvardagen i eit fellesskap saman med andre. Då vert det å vera åleine etter kl. 16 og å reisa heim i helgene faktisk ikkje kvalitet. Det kan heller ikkje statsråden visa til at det finst forskingsmessig belegg for. Dette er ikkje eit forslag som kjem kasta på nokon. Representanten frå SV fortalde akkurat korleis det var. Det har vore kjend i nesten ein månad. Til representantane frå Høgre som har kritisert Senterpartiet mange gonger: Det er ikkje ein kritikk som eg tar innover meg, for dette handlar om saka framover. Vi har stått opp for rehabiliteringsfeltet. Riksrevisjonsrapporten er ein slakt av Høgres helsepolitikk, for den sa at ingenting hadde skjedd på ti år, og flesteparten av dei åra var det faktisk Høgre som styrte Helsedepartementet. Eg brukar ikkje ordet «hyklersk» frå talarstolen, og det synest eg faktisk heller ikkje Høgre skulle ha sagt om andre parti. Statsråden er ikkje nøyaktig når han omtalar det som at vi skal kasta ut pasientar som får behandling no. Dette vedtaket gjeld ikkje inngåtte avtalar, og dei som ikkje får avlyst anskaffinga, skal òg få vidareført avtalar som dei har i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
