Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er beklageleg å seia, men når eg høyrer på statsråden og Arbeidarpartiet, er eg er veldig trygg på at det vi gjer i dag, er veldig nødvendig. Eg er glad for at vi har funne fleirtal saman med Miljøpartiet Dei Grøne, FrP, SV, Raudt, KrF og Venstre. Det er ikkje berre ueinigheit om prosess. Vi høyrer jo her at det er stor ueinigheit om at dei kutta som skjer i døgnbehandlinga, er viktig. Om dei er bra, slik statstråden seier, eller om vi meiner at dei ikkje er bra, sånn som vi meiner. Det er òg ueinigheit om det er riktig at helseføretaka skal vektleggja pris 70 pst. og kvalitet 30 pst. Vi meiner det er feil, men statsråden meiner altså det er rett. Det er ikkje berre slik at målet er kor mange behandlingar du får gjennom. Det som er viktig, er at vi får gjennom behandling som verkar for pasientane, for alle pasientar, òg dei som har så store samansette behov at døgnbehandling er det vi veit verkar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
