Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. feb 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg skal vere så ærleg å seie at eg skulle ønskje eg ikkje stod her i dag. Eg føler vi har kome i ein situasjon vi helst ikkje burde vere i, og det har vi alle saman eit ansvar for. Då er det sagt først. Når statsråden seier at det er dårleg dokumentasjon på døgnbehandling: det er det motsette av det eg har klart å finne ut av. Tvert imot er det berre dagbehandling med dag til døgn som er dårleg dokumentert. Så her sprikjer informasjonen litt vel mykje. Når vi får høyre frå Riksrevisjonen at vi har for lite kunnskap om det vi driv med, då må vi innhente kunnskap, etter mi oppfatning. Tilbakemeldinga er at dei i liten grad får rapportere på den kvaliteten det har. Då blir det viktig for meg at vi gjer nettopp det. Vi må sjå kva for ein kvalitet vi har, og finne dei gode måltala og gode studiar. Mitt spørsmål til statsråden er: Vil statsråden medverke til at vi får gode kvalitetsstudiar for å få vite meir om kvaliteten og få på plass dei riktige kvalitetskrava framover?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Replikk · 5. feb 2026 — OverStortinget