Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. feb 2026

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10
Innlegget
Det er gledeleg med stort engasjement for rehabilitering. Det er ei svært viktig sak, og eg har som kirurg følgt feltet. Eg har hatt med alvorleg skadde pasientar å gjere, og at dei får den opptreninga dei treng, er kjempeviktig. Samtidig har vi no kome til eit sted som eg eigentleg trur ingen er tent med. Det har mange årsaker, men vi burde ikkje vore her. Derfor har eg eigentleg tenkt å snakke meir om korleis vi jobbar som kollegium. Eg registrerer at skytset frå Høgre og Arbeidarpartiet går mest mot SV og Senterpartiet når det gjeld at ein har sove i timen. Det set vi pris på, for eg har ikkje vore i salen tidlegare i den forbindelse, når desse sakene har vore oppe. Vi blir på vippen. Vi sit utanfor komiteen. Det er ein utfordrande situasjon for oss, og det blir desto meir utfordrande når det er vanskeleg å kome i kontakt med Høgre, og Arbeidarpartiet er temmeleg så stille. Korleis løyser vi dette saman? Eg har gjort feil. Eg kunne gjort ting betre. Eg håpar at alle er med på å gjere ting betre vidare, uansett partifarge. Anbodsprosessen har vore dårleg. Det har skjedd mykje dårleg der. Desse vedtaka er heller ikkje optimale. Vi må gjere det betre neste gong. Eg ber om at alle samarbeider for at vi får til det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat