Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Endeleg! Som tidlegare ordførar vert ein iblant møtt av saker ein kjenner godt, og engasjerer seg i. Eg har jobba mykje med CWD, med tiltaksplan og reetablering av villrein i høgfjella mellom Hol, Hardanger og Sogn, men òg med beredskap og samferdsel, ikkje minst forbetring av vinterregularitet langs rv. 7. Ein tunnel under Dyranut ville forbetra regulariteten med 70 pst. Oppstart av reguleringsplan for tunnelar på Hardangervidda kjem frå transportkomiteen, men fagansvaret for villreinen ligg i energi- og miljøkomiteen. Saka er difor overgripande, og ho vil ha konsekvensar for villreinen sine levekår i åra framover. Villreinmeldinga og Tiltaksplanen for villrein på Hardangervidda, understrekar dette. Difor hastar det, og framdrifta for arbeidet er relevant. Villreinnemnda i området skriv i høyringsinnspelet sitt: «En miljøtunnel under Dyranut vil være et konkret og effektivt tiltak som gir villreinen bedre mulighet til å bruke større deler av sitt leveområde. Ved å legge veien i tunnel fjernes en stor del av den fysiske og visuelle barrieren, og det frigjøres areal som kan tilbakeføres til naturen. Dette vil bidra til å styrke områdets kvalitet i tråd med nasjonale målsettinger.» Transport- og reiselivsnæring, beredskapsansvarlege og folkevalde frå begge sider av fjellet, innbyggjarar og villreinforkjemparar har gjennom ei årrekkje kjempa for tunnelar på Hardangervidda. Alt i 2015 tilrådde NINA, i rapport 1121 Veger og villrein, at det for villreinen sin del burde byggjast tunnel der. Stamma på vidda utgjer 90 pst. av villreinen i Europa, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å verne om han, spesielt etter den harde nedskytinga i forbindelse med CWD, som no har gjort at villreinen er ein raudlista art. Dyret treng frodige beite og tilgang til områda nord for rv. 7, for der er det kaldare, der er det lite ferdsel, og der er det store, urørte beiteområde. Rv. 7 har vore ein god barriere i åra me har hatt skrantesjuke, men no når det ikkje er avdekt nye smitta dyr, treng villreinen fri ferdsel og tilgang til nordsida av vidda. Og det hastar. Realisering av prosjekt som dette krev koordinering. Ut frå det internasjonale ansvaret, ansvar for vinterregularitet og for beredskap er det viktig å sjå denne saka i eit heilskapleg perspektiv. Det må bety noko framover for både prioritering og planlegging av ny NTP.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat