18. jun 202614:39· Innlegg
Møte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10
Gratulerer til alle som
har vore med og signert denne avtala.
Eg er glad for den store einigheita frå fleirtalet
i næringskomiteen som støttar opp om desse viktige prinsippa som
òg næringa sjølv tydeleg ber om. Likevel vil altså FrP og Høgre stemme
imot avtala. Eg forundrar meg over det – det høyrest ut som om dei
meiner at dei veit betre enn det partane sjølve formidlar og ber
om. Dei vil stemme imot tollvernet, og dei vil stemme imot marknadsreguleringa,
som begge er vesentlege prinsipp for norsk matproduksjon. Det skremmer
mange, og det skremmer òg meg. Korleis kan bønder i dette landet
ha føreseielege vilkår for satsing, for investeringsvilje og for
tru på framtida som matprodusent då?
Kva er eg så glad for? Eg er glad for at ein
no jobbar for å tetta inntektsgapet og styrkja inntektsmoglegheitene.
Eg er veldig glad for dei viktige velferdsgrepa som vert gjorde
for at yngre bønder og kvinner rett og slett kan ha ein tryggare kvardag,
at det vert sikra velferdsgode som gjer at ein ikkje vert trekt
i frådrag frå anna inntekt ved bl.a. svangerskap og fødsel. Eg er
òg glad for at fjellandbruket og satsinga på grovforproduksjon,
og beitebrukstilskotet, vert prioritert. Det er viktig for sjølvforsyningsmålet
på 50 pst., og det er viktig for stølsdrift her i landet og for
å ta vare på kultur- og naturlandskapet. Stølsdrifta er jo òg prioritert
gjennom UNESCO, og det seier litt.
Det er òg eit solid løft for kornproduksjon
og beredskapslagring av såkorn, noko som er enormt viktig. I tillegg kjem
ei satsing på frukt og grønt, og det betyr mykje for Buskerud –
alt eg har sagt, gjer det, for Buskerud er eit Noreg i miniatyr.
Me har alt dette. Me har fjellandbruk i Numedal og Hallingdal, me
har korn på Ringerike, og me har frukt og grønt på Eiker og i Lier.
Matberedskap i norsk målestokk er avhengig
av politisk vilje og samarbeid med bransjen. Matprodusentane gjennom faglaga
treng tydelege politiske signal og vedtak som gjev dei tru på framtid
og investering i gardsdrifta. Forhandlingsretten i seg sjølv er
så enormt viktig, og heldigvis er det framleis eit fleirtal i denne
salen som sørgjer for at norsk matproduksjon vert prioritert ut
frå premissa her i landet. Det er viktig for bøndene, men det er
endå viktigare for oss som ikkje har sauer i fjøset eller potet
i åkeren sjølv.
16. jun 202613:19· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
Det er interessant å følgja
denne debatten. Det er mykje fokus på at dette samfunnet og kommunane
i Noreg ikkje fungerer, det er ei misere som vert presentert, og
det er ganske trist å høyra. Dessutan vert det framstilt, eller
formulert, ting her frå talarstolen som heller ikkje er riktig.
Kompetansekrava innan helse og omsorg, lærarnorm – alt dette skal
ut på høyring, rett og slett for å få meir fakta på bordet. Byggenæringa
har ikkje fått nokon nye krav etter at Arbeidarpartiet og Senterpartiet
gjekk i regjering frå 2021. Ryddesjauen, som vart omtalt av representanten
Borgli, er allereie i gang. Mange av forslaga er altså til behandling,
men det er faktisk slik at nokre gonger kan hastverk vera lastverk.
Det må gjerast skikkeleg.
Til Senterpartiet: Kompetanse, kvalifikasjonar
og ressursar, dei må parast, det er eg eining i – og det vert gjort,
som også Fasteraune la fram i stad. I distrikta er interkommunalt samarbeid
ofte et veldig godt svar, og det kan styrkja generalistkommunane,
som både Senterpartiet og Arbeidarpartiet er for.
Det er mange i dag som har vore opptekne av
beredskap, og fleire av oss har bakgrunn frå kommunepolitikk og
fylkeskommunepolitikk. Det er klart at sårbarheit, kompetanse og planverk
er ei utfordring i vår tid, men det er også krevjande for heile
landet. Eigenberedskapen har det ikkje vorte snakka om, og det er
kanskje noko av det som dei aller fleste må ta med. Interkommunalt
samarbeid er ofte svaret på det som går på beredskapsutfordringar.
Så til FrP: Dei snakkar veldig varmt om lokalt
sjølvstyre, men dei er heller ikkje konsekvente. Kva meiner eigentleg FrP
vil vera svaret når KS, på vegner av kommunane, ønskjer at fylkeskommunane
skal fortsetja, at kommunane skal ha eigedomsskatt, der dei treng
og vil det, og at kommunane skal fortsetja å ha styring med eldreomsorga?
Kommunane leverer svært godt – på velferdstenester, på livskvalitet,
på vatn og avløp, på byggforvaltning, på natur, kultur og fritidsstilbod, på
integrering – og Kommune-Noreg er gode, og debatten er prega av
ei misere som ikkje tener fortellinga om Noreg.
16. jun 202612:05· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
I kommuneproposisjonen
legg regjeringa fram viktige føringar for korleis me skal utvikla
velferda i heile landet. Fleire av oss som sit i salen, har treft
mange denne sesjonen som har delt bekymring og fortviling rundt
ei særleg utfordring i vår tid – nemleg bustadsatsinga.
Det er ei stor utfordring me står i, for stadig
fleire opplever at det er vanskeleg å koma seg inn på bustadmarknaden. Prisane
er høge, terskelen har vorte høgare, og dei som leiger, kjenner
på utryggleik i ein leigemarknad som ikkje alltid fungerer godt
nok. Dette råkar bl.a. unge folk, barnefamiliar og dei som står
utsette til frå før.
Byggebransjen opplever òg krevjande tider.
Det må svara seg for entreprenøren å setja i gang med prosjekt,
det må vera betalingsvilje, ein må ha tilstrekkeleg eigenkapital
for å få lån, og tida frå plan til bygging tek for lang tid i mange
saker – det kostar.
Me kjem ingen veg med å få fart i bustadbygginga
utan kommunane våre og byggebransjen. Ein aktiv bustadpolitikk handlar
ikkje berre om lovvedtak her i salen eller om forskriftsendringar,
motsegnspresiseringar eller andre grep regjeringa set i verk. Ein
aktiv bustadpolitikk vert til og realisert i kommunane – ved hjelp
av reguleringsplanar og ved tilgjengelege tomteareal, i byggjesaker,
i samarbeid mellom privat og offentleg sektor – og på byggeplassar
rundt om i landet.
Bodskapen frå Arbeidarpartiet er tydeleg: Me
ønskjer meir bygging, me ønskjer raskare prosessar, og me ønskjer fleire
bustader som folk har råd til å kjøpa. Difor vert det jobba med
mange grep parallelt. Dei fleste tiltaka har byggebransjen, KS og
departementet jobba saman om å føreslå.
I åra Arbeidarpartiet har styrt, saman med
sine raud–grøne vener, har Husbanken vorte kraftig styrkt. Satsinga
på Husbanken er ei bestilling til bransjen og til kommunane: Det
må byggjast meir. Då må me òg frå nasjonalt hald gjera det me kan
for at det faktisk lèt seg gjera.
Til kommunane vil eg seia: De sit med nøkkelen.
Me veit at mange prosjekt stoppar opp fordi planprosessar tek for
lang tid, gjerne fordi kapasiteten er pressa. Difor jobbar me for
å forenkla regelverk, korta ned tidsfristar og gjera prosessar, forskrifter
og planverk meir føreseielege. Me digitaliserer plan- og byggjesaksprosessane,
og me går gjennom motsegnsystemet for å få ned talet på motsegn
som stoppar gode prosjekt.
I arealpolitikken må det vera endå meir tydeleg
kva som ligg i nasjonale føringar, kva betyr det når me seier «nasjonale og
særleg regionale interesser», og – like viktig – kva er ikkje det.
motsegnsprosjektet vil forhåpentlegvis gjera at me framover kan
spara mykje tid og få meir lik praksis landet rundt. Men me treng
òg at kommunane brukar handlingsrommet som allereie finst. Regelverket
opnar i større grad enn før for å ta i bruk eksisterande bygg, for
å gjera unntak der det er forsvarleg, og for å få fart på transformasjonen.
Det finst mykje areal som allereie er nedbygd, og dette handlingsrommet
må takast i bruk.
Til byggebransjen vil eg seia: Me lyttar. De
peikar på høge kostnader, komplisert regelverk og uvisse. Difor
arbeider me no med å modernisera TEK17, gjera tilsyn og kontroll enklare
og få betre kunnskap om kva som driv kostnadene. Me ønskjer òg eit
tettare samarbeid med bransjen for å auka produktiviteten, for om
me skal få ned prisane, må me byggja smartare. Samtidig må me halda
fast på kvaliteten, for folk skal bu trygt og godt. Dette er krevjande
og enormt viktig.
Me står i ei tid der mange slit med å koma
inn på bustadmarknaden. Meir enn ein million nordmenn bur i leigd
bustad. Difor treng me fleire bustader både til å eige og til å
leige. Gjennom nye grep i revidert nasjonalbudsjett legg me til rette
for at kommunar kan kjøpa fleire burettslagsleilegheiter og bidra
til trygge bumiljø for barnefamiliar. Samstundes ønskjer me å stimulera
til at fleire prosjekt faktisk vert sette i gang.
Dette handlar ikkje om at staten kan eller
skal gjera alt. Dette må vera eit lagarbeid. Me legg til rette gjennom
verkemiddel, regelverk og finansiering. Kommunane legg til rette gjennom
planar og prioriteringar, og bransjen byggjer.
Når me dreg i same retning, får me resultat.
Det såg me i 2025 då det vart bygd fleire studentbustader enn på
mange år. No må me vidare. Fram mot og i 2027 må me få opp tempoet. Me
må byggja fleire bustader, og me må sørgja for at dei bustadene
som vert bygde, er noko folk faktisk har råd til å kjøpa. Det er
oppgåva vår – i fellesskap.
16. jun 202610:46· Replikk
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
Ja, Kommune-Noreg er variert,
og det gjeld både i utstrekning og folketal. Me veit godt at Høgre
vil ha større kommunar – det er for så vidt kjent stoff. Men ein
viktig del av kommunane sitt ansvar ligg til plan- og bygningslova
– arealansvaret. Det finst mange døme på kommunar i landet vårt
som er enormt store i geografisk utstrekning, og mange er langt
større enn f.eks. Vestfold fylke. Korleis tenkjer Høgre at ein skal
ta ansvar for og ta vare på arealforvaltninga her i landet, når
oppgåva vert så omfattande viss kommunane skulle verta større?
16. jun 202610:35· Replikk
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
Det kunne vore freistande
å kommentera mykje av det som vart sagt av representanten Njåstad,
men eg må inn på dette med kommuneøkonomi og dette med auka sjølvstyre,
og ikkje minst dette med meir frie midlar til kommunane, for det
trur eg veldig mange her i salen er einige om. Det handlar også
om auka inntekter til kommunen, men dette handlar altså ikkje om
eigedomsskatten, som er den einaste skatten kommunen sjølv har rådvelde
over.
Det er store ambisjonar, det er store lovnader
til kommunane: Korleis vil FrP auka finansieringa når skatte- og
avgiftstrykket skal verta redusert? Kva tenkjer FrP når den einaste skatten
kommunen sjølv kan påverke, skal takast vekk?
10. jun 202610:44· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Bård Hoksrud og Dagfinn Henrik Olsen om ivaretakelse av 2G-nettet (Innst. 402 S (2025–2026), jf. Dokument 8:231 S (2025–2026))
Denne debatten handla jo
om ansvar, og han handla om sikkerheit. Det er interessante problemstillingar
og overtydingar som vert fremja her. Trafikksikkerheit er noko som
har fleire har teke opp som tema, men eg har også lyst til å understreka
sikkerheit for beredskap og sikkerheit for digitale truslar. Kva
meiner me eigentleg betyr mest samla sett? Teknologien går framover
i ein vanvitig fart, og det er også sånn at Nkom riggar landet vårt
mot digitale truslar. Det er heilt sikkert sånn at eCall framleis
kan bety ein forskjell i trafikken, men dei aller fleste i dette
landet har smarttelefon og andre løysingar som også gjev ei sikkerheit.
Det betyr noko når trusselen ved digitale smotthol også er noko
me må ta omsyn til.
8. jun 202611:10· Innlegg
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) (Innst. 436 L (2025–2026), jf. Prop. 61 L (2025–2026))
Ordførar – nei, ikkje ordførar,
det er faktisk president! Eg tenkte tilbake på mitt tiårige liv
som ordførar og at det no i avslutninga på min første sesjon her
på Stortinget er veldig fint å kunna ta ordet i akkurat denne saka,
for det er noko eg har jobba mykje med heime.
Denne debatten er interessant, for det handlar
eigentleg om tiltru til, eller manglande tiltru til, lokale folkevalde.
Eg vil takka Hagenborg og Strifeldt for på vegner av dei to partia å
ha klart å verta einige. Det er heilt klart at lokale folkevalde kjenner
veldig godt til verdien av den urørte naturen. Heime har me eit
omgrep som gjerne vert nytta, og det er «gapakøyring». Eg vil tru
alle her skjønar kva det betyr. Det har nemleg vore fortviling knytt
til «gapakøyring», ulovleg køyring, og frustrasjon over manglande
sanksjonar og ikkje minst at politiet ikkje har ressursar til å
ta dei som driv med dette.
Eit lovverk frå 1977 må fornyast. Reglane er
ikkje i tråd med utfordringane no – eg tenkjer på ATV-ar og på rullestolar m.m.
Lovforslaget her gjev kommunane større ansvar og større fleksibilitet
– og innanfor dei nasjonale føringane, det er viktig å få sagt,
for heime er det slik at villreinen framleis har eit nasjonalt vern.
Det er viktig for oss lokalt, og det er viktig for oss nasjonalt.
Det er ein fridom som er innanfor fastsette rammer.
Eg er ikkje så veldig bekymra som enkelte andre
er, for den lovgjevinga som no vil få fleirtal, gjev legitimitet
ute blant folk. Folk forstår at dette ikkje er frislepp, dei forstår
at her er det eit ansvar, ei styring ut frå lokal kjennskap. For mange
betyr det mykje å køyra lovleg innanfor dei rammene som vert sette,
og det er veldig bra at det er eit unntak for f.eks. Raudekrossen
når det gjeld øvingskøyring.
Eit anna moment her er at arealpolitikk kanskje
er noko av det som engasjerer mest i lokalpolitikken, og eg trur
òg at dette slik sett kan motivera fleire til å engasjera seg.
Dette vil vera bra for naturen. Eg nikka då
statsråden hadde ordet i replikkordskiftet i stad, for eg kjenner
meg veldig att i det han seier. Dette vil leggja til rette for regulerte
løyper, lovleg køyring, rekreasjonskøyring og folkehelse. Det handlar
om livskvalitet, det handlar om trygg ferdsel og mindre ulovleg
køyring der det ikkje er bra, f.eks. nær villreinen. Eg har tru
på at mindre ulovleg køyring vil vera bra for den sårbare naturen
og for dyrelivet. Så eg er glad i dag, og eg ynskjer kommunane masse
lykke til med å gjera kloke vedtak.
5. jun 202612:29· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bent-Joacim Bentzen og Ole Herman Sveian om å kompensere fylkeskommunene for utgifter som følge av statlige krav om nullutslippsteknologi (Innst. 410 S (2025–2026), jf. Dokument 8:247 S (2025–2026))
Me nærmar oss slutten på
debatten, ser det ut til. Det er ikkje meininga mi å fyra opp til
meir debatt no, eg har berre lyst til å seia at det er viktig å
minna oss sjølve om at utsleppspolitikken og ambisjonane ikkje er
noko som er eine og aleine frå denne salen. Det er noko ein er oppteken
av på både regionalt og lokalt nivå rundt om i landet. Ambisjonane
gjeld for fleire enn oss her.
I og med at nokon som har teke ordet her i
debatten, ikkje har vore med frå starten av behandlinga, er det
viktig å seia – og eg gjentek det statsråd Nygård nettopp sa – at
det finst unntak. Det er viktig utifrå beredskapsomsyn at ein har
alternativ. Det er viktig å forhalda seg til om infrastrukturen
er realistisk og mogleg å få det til. Er det urimeleg høge kostnader,
må ein òg ta omsyn til det.
Fylkeskommunane har dette store ansvaret. Enkelte
satsingar kan verta for dyre og andre plassar er det ikkje teknisk mogleg.
Då er det fylkeskommunen si krevjande og viktige oppgåve å sjå på
tilbodet. Kor mykje kan ein eigentleg få til for dei pengane ein
har? Samtidig er det viktig at me som sit i kommunalkomiteen, og
som har den jamlege dialogen med fylkeskommunen, faktisk er oppdaterte
på realismen for gjennomføring, ikkje minst for å følgje situasjonen
nøye. Det handlar rett og slett om me har dei overføringane som
er riktige å ha, og må me kanskje redusera ambisjonane nokon plassar?
Det er det store spørsmålet.
5. jun 202611:53· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bent-Joacim Bentzen og Ole Herman Sveian om å kompensere fylkeskommunene for utgifter som følge av statlige krav om nullutslippsteknologi (Innst. 410 S (2025–2026), jf. Dokument 8:247 S (2025–2026))
Solveig Vestenfor (A) [11:53:14] (ordførar for saka): Som
saksordførar vil eg takka komiteen for eit godt arbeid i saka.
Forslaget frå Senterpartiet reiser eit viktig
spørsmål: kva for økonomiske konsekvensar krava om nullutsleppsteknologi
har hatt for fylkeskommunane. Det har vore, og er forhåpentlegvis
framleis, brei politisk einigheit her på huset om nullutsleppsmålet.
Me skal kutta utslepp, og overgangen til nullutslepp i kollektivtransporten
er ein viktig del av dette. Fylkeskommunane har stått i front for
gjennomføringa over heile landet, ofte med stramme budsjett. Den
innsatsen fortener dei anerkjenning for.
På vegner av Arbeiderpartiet vil eg likevel
leggja til at det grøne skiftet har vore, og er, eit felles prosjekt
der både fylka, staten, ideelle organisasjonar og marknaden sjølv
har teke ansvar. Men til denne saka – rett skal vera rett: Fylkeskommunane
har investert i både køyretøy og nødvendig infrastruktur, og dei
har teke viktige steg for å redusera utsleppa, i eit land der både
temperatur, topografi og infrastruktur er veldig variert. Me må
erkjenna at føresetnadene for omstilling ikkje er like i Troms og
Vestfold. Difor har det i nokre tilfelle vore verken teknisk eller
økonomisk mogleg å innfri krava fullt ut. Difor finst det òg unntak
i regelverket. Det er eit viktig poeng: Me skal ha ambisiøse mål,
men òg rom for andre løysingar og tilpassingar der forholda krev
det. Likevel er det gledeleg å sjå at utviklinga går rett veg. Teknologien
har modnast raskt, og marknaden har i stor grad teke i bruk nullutsleppsløysingar
– i mange tilfelle før krava vart innførte.
Så til forslaget. Arbeiderpartiet har forståing
for intensjonen, men me kjem ikkje til å støtta det. Staten har
over tid bidratt med kompensasjon over rammetilskotet, òg når det
gjeld nullutsleppskrava, og desse midlane vert justerte årleg og
i takt med utviklinga.
I tillegg handlar dette om eit grunnleggjande
prinsipp, og det er kanskje mitt viktigaste poeng: at nye krav skal
følgjast opp gjennom dei ordinære budsjetta på ein føreseieleg og heilskapleg
måte. Forslaget om ei ordning med tilbakeverkande kompensasjon bryt
med dette. Det kan svekkja insentiva for effektiv ressursbruk –
og endå verre: leggja grunnlaget for ulik behandling frå fylke til
fylke.
Me står fast ved ambisjonen om eit raskt og
rettferdig grønt skifte. Det krev både balanserte verkemiddel, føreseielege
rammer og rom for fleksibilitet der det er nødvendig.
5. jun 202611:49· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Ida Lindtveit Røse, Harry Valderhaug og Hans Edvard Askjer om å bekjempe bostedsløshet blant barnefamilier (Innst. 425 S (2025–2026), jf. Dokument 8:243 S (2025–2026))
Eg er nøydd til å kommentere
siste talar. Det er klart at bustadsituasjonen i Noreg er veldig
krevjande. Det er ingen tvil om. Det er i alle fall byggjenæringa
heilt tydeleg på. Samtidig er det også tydeleg at me lever i ein
perfekt storm av veldig mange utfordringar. Statsråden var inne
på det i stad. Me snakkar om materialkostnader, om rentesituasjonen
og om eit veldig byråkrati, som ein no er i gang med å forenkle.
Det vert teke veldig mange grep. Byggjenæringa er også tydeleg på
at dei er utolmodige. Det utolmodet deler både regjeringa og me
her i Stortinget. Det er det viktig å få sagt.
Når me snakkar om å styrkja økonomien til barnefamiliane,
vil eg vise til det som har fått fleirtal her i dei siste budsjetta,
det gjeld både barnehageprisar, SFO og fleire andre saker. Me er
einige om den utfordringa me står i, og her er det veldig viktig
at eit samla storting faktisk jobbar for dei tiltaka me trur vil
hjelpa, raskast råd.
5. jun 202611:19· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Ida Lindtveit Røse, Harry Valderhaug og Hans Edvard Askjer om å bekjempe bostedsløshet blant barnefamilier (Innst. 425 S (2025–2026), jf. Dokument 8:243 S (2025–2026))
Me behandlar ei sak som
rører ved noko av det mest grunnleggjande i eit menneskeliv – å
ha ein stad å bu. Me deler den sterke bekymringa for utviklinga
me ser, talet på bustadlause aukar og det mest alvorlege er at fleire
barnefamiliar er ramma. Ingen ungar skal veksa opp utan ein fast
bustad i Noreg, og det er eit mål me må stå samla om.
Nettopp fordi situasjonen er så alvorleg, må
me òg vera ærlege om kva som faktisk verkar. Forslagsstillarane
meiner bl.a. at ein ny nasjonal handlingsplan er svaret. Det tvilar
eg sterkt på at vil hjelpa. Me treng ikkje fleire planar, me treng betre
gjennomføring av det arbeidet som alt er sett i gang, og sterkare
samordning av innsatsen der folk faktisk lever livet sitt – i kommunen.
Bustadløyse er ikkje eit enkelt problem, det er ofte summen av fleire.
Det handlar om økonomi ja, men òg om fysisk og psykisk helse, om
rus, om arbeid og om oppvekstvilkår. Difor må fleire fagområde arbeida
tettare saman om løysingane.
Her har kommunen ei avgjerande rolle. Det er
kommunen som møter folk, det er der ein ser heilskapen i livet til
den enkelte, og det er der ein kan setja inn tiltak som faktisk
verkar når bustad og helse- og sosialtenester vert sette i samanheng.
Difor er det så viktig at kommunen har både kunnskap, ansvar, verktøy
og handlingsrom.
Skal me lykkast, må me ha gode tiltak mot bustadløyse, me
må verta betre til å jobba saman på tvers av sektorane og forvaltningsnivåa.
Det er heller ikkje at kvar instans gjer sin del kvar for seg –
innsatsen må henga saman rundt det mennesket det gjeld. Det er nettopp
denne samordninga regjeringa no arbeider med å styrkja, m.a. gjennom
betre koordinering frå KDD og i tett dialog med Husbanken og dei
største byane.
I tillegg kjem konkrete tiltak – fleire bustader,
ein meir føreseieleg leigemarknad og ei bustøtteordning som vert
meir treffsikker. Dette er grep som verkar, fordi dei treffer dei
reelle utfordringane. Det me treng, er betre samordning, sterkare lokal
innsats, eit auka fokus og satsing frå kommunen i deira rolle og
ansvar når det gjeld bustadsatsing og tiltak som verkar i kvardagen
til folk.
Til det lause forslaget frå KrF: Me treng ordningar
som er endå meir målretta, treffsikre og mindre byråkratiske for familiar
med låg inntekt som har reelt behov for støtte. Difor kjem Arbeidarpartiet
til å støtta det lause forslaget frå representanten Lindtveit Røse
på vegner av KrF mfl.
5. jun 202611:00· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i bustøttelova (handsaming av personopplysningar og automatiserte avgjerder) (Innst. 371 L (2025–2026), jf. Prop. 74 L (2025–2026))
I denne saka er Arbeidarpartiet
heilt på linje med Høgre, så eg vel rett og slett å la vera å halda
innlegg. Eg seier meg einig med siste talar.
(Innlegg er under arbeid)
28. mai 202614:28· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Andreas Sjalg Unneland, Audun Hammer Hovda, Marthe Hammer, Mirell Høyer-Berntsen, Ingrid Fiskaa, Marian Hussein, Lars Haltbrekken og Anne Lise Gjerstad Fredlund om en sosial boligpolitikk og et tryggere leiemarked (Innst. 275 S (2025–2026), jf. Dokument 8:221 S (2025–2026))
Bustadmarknaden i Noreg
er i dag under press. I mange område ser me at bustad- og leigeprisane
aukar langt raskare enn inntektene til folk flest. Samtidig finst
det delar av landet der bustader taper verdi over tid. Dette viser
at marknaden ikkje fungerer så godt som me skulle ynskja – det er
ikkje god balanse mellom tilbod og etterspurnad.
Me vil understreka at intensjonen bak forslaga
som er lagde fram frå SV, er god. Me deler engasjementet for at
fleire skal ha høve til ein trygg og rimeleg stad å bu, og for at
bustadpolitikken må verta meir rettferdig og sosial.
Samtidig meiner me at løysingane må vera treffsikre og
tilpassa dei ulike utfordringane rundt om i landet. Eit raud-grønt
fleirtal har allereie sett i verk viktige tiltak: Me har styrkt
Husbanken, auka bustøtta og satsa på bygging av studentbustader.
2025 vart eit historisk godt år for studentbustadbygging, noko me
meiner er eit viktig steg i riktig retning. Regjeringa har òg varsla
ei ny husleigelov som skal styrkja rettane til leigetakarane.
Når det gjeld representantforslaget, er me
likevel i tvil om det er den rette vegen å gå. Me deler i stor grad vurderingane
frå statsråden og meiner det er viktig å sjå dei ulike tiltaka i
samanheng.
Eit døme er forslaget om eit nasjonalt mål
for dekningsgrad av studentbustader. Me forstår godt ynsket om å
sikra betre tilgang, men er samtidig uroa for at eit slikt nasjonalt
mål kan slå skeivt ut. Det kan føra til overbygging i område der
behovet er lågt, og ikkje strekkja til der behovet faktisk er stort.
Vidare meiner me det er rett å ta dei større
grepa i samband med den varsla husleigelova. Når regjeringa snart
legg fram eit heilskapleg forslag, gjev det eit betre grunnlag for
å vurdera endringar samla, framfor stykkevis og delt.
Når det gjeld ulovleg korttidsutleige, er dette
ei utfordring me tek på alvor. Samtidig er det allereie sett i gang
arbeid for å gjera det enklare for kommunane å regulera og handheva
regelverket. Difor meiner me at det ikkje er nødvendig med eit eige
oppmodingsvedtak no.
Me ynskjer ein bustadpolitikk som leverer på
det målet me deler med SV: at fleire skal kunna bu trygt og rimeleg.
Då treng me verkemiddel som verkar godt i praksis, i heile landet.
Arbeidarpartiet meiner likevel at vegen vidare ligg i målretta,
kunnskapsbaserte tiltak – og i det arbeidet som alt er i gang.
28. mai 202611:53· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i integreringsloven (integreringserklæring) (Innst. 309 L (2025–2026), jf. Prop. 70 L (2025–2026))
Ja, me kan tenkja oss at
me kjem til eit land som me ikkje kan mykje om – og alle ynskjer
sjølvsagt å lykkast. Denne integreringserklæringa handlar om å tydeleggjera
kva norske styresmakter forventar av dei som kjem hit til landet
og deltek i introduksjonsprogrammet. Det handlar om forpliktingane
deltakarane har til å ta del i arbeids- og samfunnsliv og verta
sjølvforsørgde. Det handlar òg om å tydeleggjera at alle, uansett
kjønn, har lik rett til utdanning, arbeid og deltaking i demokratiske
prosessar, og at alle har rett å leva i fridom og tryggleik og bestemma
over eige liv. Og så handlar det om å lyfta fram det ansvaret som
følgjer med å vera foreldre i Noreg, og at brot på norsk lov sjølvsagt
kan medføra straff. Så kjernen i dette handlar om den personlege
fridomen, om sjølvbestemming og sjølvforsørging, om likestilling,
om foreldreansvar og om straffansvar, som faktisk gjeld oss alle
her i landet. Integreringserklæringa møter nye innbyggjarar med
forventing og ansvar, men òg med deltaking og involvering. Det handlar om
å ta vare på folk og dei moglegheitene folk har, og gje dei gode
moglegheiter og rammer, og det handlar om forventing og deltaking.
Og til Raudt: Det hadde ikkje plaga meg om
eg kom til eit land der eg ikkje var kjent, å skulle skriva under
på ei erklæring eg alltid var einig i, men viss det var framandt
for meg, er det godt å få informasjonen. Det handlar om å vera trygg
på dei verdiane eit land har, å vera kjent med både kva plikter
og rettar me har i dette samfunnet. Då dette med integreringserklæringa
vart kjent, då statsråd Stenseng lyfta dette fram i nyheitene, var
imamen på Grønland veldig begeistra for forslaget. Det gjorde meg
veldig trygg.
Integreringserklæringa handlar om at det skal
vera mogleg for alle å verta møtt med tillit og inkludering, og
at ein skal få moglegheit til å leva eit godt liv, til å lykkast,
til å bidra og til å vera ein ressurs, som me alle – heldigvis –
veit at veldig, veldig mange er.
12. mai 202620:23· Innlegg
Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))
Det er godt det ikkje vert
for mykje fotball, for då hadde eg hatt så lite eg skulle ha sagt!
I klagesaker etter plan- og bygningslova er
det gjerne innbyggjarar, utbyggjarar, naboar og naturvernarar som
ytrar seg. Kva er det dette fleirtalet som ser ut til å danna seg
om forslag nr. 2, vil seia ja til, når alt kjem til alt? Dette gjeld
altså forslaget om absolutte tidsfristar.
Sjå for dykk følgjande, etter at dette forslaget
har tredd i kraft: Ei av dei store bedriftene i kommunen treng å
utvida næringsarealet for å ekspandera. Det er stor begeistring
frå eit samla kommunestyre, men ein nabo viser til ein tidlegare vedteken
reguleringsplan for området som sa at dette området skulle skjermast
for vidare utbygging. Naboen får med seg grendelaget eller bygarden
ein er ein del av, for dei er òg bekymra for utsikt, for støy og
for støv. Dei protesterer heftig, men kommunestyret meiner at næringslivet
og denne utbyggjaren må vektast tyngre enn gretne naboar. Difor
gjer naboane det dei har rett til etter lova: Dei sender inn skriftleg
klage til statsforvaltaren etter at kommunen har avslått klaga.
Tida går. Statsforvaltaren nærmar seg den absolutte fristen, og
det hastar. Han har mange saker på bordet og gjer det han må gjera,
for sidan naboane viser til ein kommunalt vedteken reguleringsplan,
må vel statsforvaltaren seia nei til det utvida næringsarealet?
Eller tenk dykk eit anna scenario: Ein hytteeigar
har ei gamal hytte i eit etablert hyttefelt nær eit LNF-område.
Han søkjer om dispensasjon til å byggja om hytta til meir moderne standard,
men kommunestyret avslår søknaden fordi dette området ligg nær villreinområdet.
Hytteeigaren klagar til statsforvaltaren og presiserer igjen at
hytta skal vera i same storleik, innanfor dei vedtekne, gamle føringane
i reguleringsplanen for området. Statsforvaltaren vurderer det slik
at ein her truleg har eit potensielt handlingsrom, men det krev ein
innsats og tid som statsforvaltaren ikkje har. Han støttar difor
avslaget frå kommunestyret fordi det er andre og viktigare prioriteringar
enn at denne eine skal få bygd og fornya hytta si.
Poenget mitt er: Når fleirtalet i salen her
ynskjer å seia meir ja og mindre nei, høyrest det forlokkande ut,
men ein seier berre ja til den eine parten i ei klagesak, og statsforvaltaren treng
gjerne noko meir tid for at vedtaket skal landa rett. Difor er absolutte
tidsfristar eit veldig dårleg forslag.
12. mai 202619:56· Innlegg
Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))
Det er ingen tvil om at
det forslaget som er til behandling her, er forlokkande for mange,
og at tittelen treffer blink. Me er mange som er godt kjent med
bekymring, fortviling og frustrasjon knytt til m.a. lang saksbehandlingstid,
krevjande motsegner, innfløkte lovverk og detaljrike byggtekniske
forskrifter. Både byggebransjen og andre med eit utvida ansvar og
engasjement for bustadsatsinga er veldig bekymra for og opptekne
av dette.
Arbeidarpartiet støttar gode forslag som gjer
det enklare å byggja bustader, for i somme tilfelle er det heilt
klart slik at prosessane med planlegging og byggesak vert opplevde
som tungvinte, langdryge og på den måten fordyrande for både utbyggjar
og seinare huskjøpar.
Regjeringa arbeider allereie, som kjent for
dei fleste her i salen, med ei rekkje tiltak som vart fremja i juni
2025 av byggenæringa, kommunane og departementet, for å få til ei tenleg
forenkling av regelverket for bygg og plan. I tillegg er det sett
i gang eit motsegnsprosjekt for å rydda i og gjennom det redusera
omfanget av motsegner frå statsforvaltaren. Det er nokre av fleire
viktige tiltak som er sette i gang for å redusera barrierar for
framdrift i bustadbygginga.
Til liks med FrP ser likevel ikkje Arbeidarpartiet
behov for å setja ned endå eit utval, slik forslagsstillarane tek
til orde for, då dette kan forseinka pågåande prosessar eller føra
til unødvendig dobbeltarbeid.
Forslag nr. 2, frå FrP, Høgre og Senterpartiet,
kan sjå ut til å få fleirtal her i salen viss KrF støttar det. Eg
siterer:
«Stortinget ber regjeringen innføre
absolutte tidsfrister for statsforvalterens behandling av klagesaker
etter plan- og bygningsloven.»
Her ber eg representantane ta ei ny vurdering.
Når tidsfristane vert korte og absolutte, kan det gje motsett resultat
av det som er tenkt. Erfaringa fleire av oss har frå kommunepolitikken,
tilseier at absolutte tidsfristar fører til meir nei og mindre ja.
Statsforvaltarane må ha forsvarlege og grunngjevne svar ved tvilstilfelle,
og viss tida vert knappare, fryktar eg at fleire set ned foten i
staden for at dei faktisk tek ein runde ekstra og ser om det er
rom for skjøn og eit handlingsrom innanfor lovverket.
Eg er bekymra for at fleirtalet risikerer å
vedta eit forslag i denne saka, i beste meining, som ikkje tener
formålet. Ved absolutte tidsfristar for statsforvaltaren i klagesaker
er det store sjansar for at det i det verkelege liv vert meir nei
enn ja, og det var vel ikkje planen?
Folkens: Det er inga skam å snu, iallfall ikkje
i forslag nr. 2.
12. mai 202619:24· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Margret Hagerup, Tage Pettersen, Mari Holm Lønseth og Tone Wilhelmsen Trøen om å sikre forutsigbar finansiering for krisesenterbygg (Innst. 242 S (2025–2026), jf. Dokument 8:170 S (2025–2026))
Arbeiderpartiet er sjølvsagt
einige i at folk som vert utsette for vald i nære relasjonar, fortener
trygge og tilpassa krisesentertilbod. Dette ansvaret har kommunane,
og det er opp til kommunane sjølve å avgjera korleis tenesta skal
organiserast og finansierast. Samtidig er me usikre på om det beste
er å inkludera krisesentera i dei tilskotsordningane Husbanken alt
har, slik forslagsstillarane meiner.
Krisesentera skal gje eit mellombels tilbod,
og det skil seg frå samfunnsoppdraget Husbanken har ansvar for i
dag. Husbanken skal hjelpa folk som har vanskar med å finansiera eigen
bustad, og hjelpa til slik at fleire kan skaffa seg og behalda den.
Husbanken skal òg støtta kommunane i det bustadpolitiske arbeidet
deira.
Likevel er me, som alle her i salen, veldig
bekymra for at talet på bustadlause og barnefamiliar spesielt er
i negativ utvikling, og det er viktigare enn nokon gong å rette
inn innsatsen for å hjelpa innbyggjarar til å få fast bustad. Samtidig, midt
i dette, må også krisesentera finna løysingar for finansiering.
Fordi det er krevjande å finna ut korleis ein
best kan hjelpa kommunane i finansiering av nye krisesenterbygg,
er eg glad for at SV, Senterpartiet, MDG, Raudt og Arbeidarpartiet har
landa eit felles forslag til vedtak som opnar for ulike alternativ
til løysing, i staden for å landa vedtak som konkluderer her i salen
og seier at Husbanken er det einaste riktige svaret.
Det er viktig at krisesentera vert finansierte
på ein føremålstenleg måte, anten det skjer f.eks. gjennom kommunane, gjennom
Husbanken eller gjennom den eksisterande modellen for finansiering
som er i dag i Bufdir.
12. mai 202618:50· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tom Staahle, Erlend Wiborg, Jon Engen-Helgheim og Himanshu Gulati om en plan- og bygningslov for krig og krise (Innst. 266 S (2025–2026), jf. Dokument 8:162 S (2025–2026))
Representantane frå FrP
har fremja eit Dokument 8-forslag om ei plan- og bygningslov for
krig og krise. Forslaget går ut på at regjeringa skal leggja fram
ein særskild lovheimel for hurtigbehandling av større forsvarsanlegg
og kritisk forsvarsrelatert infrastruktur som ikkje vert avgrensa
til kvar ei tid gjeldande plan- og bygningslov. Eg legg til grunn
at alle parti legg fram syna sine i saka og vil på vegner av Marius
Langballe Dalin, som er ordførar for saka og representant for Miljøpartiet
Dei Grøne, leggja fram innlegget hans.
Me lever i ei meir krevjande tid enn på mange
tiår, der krig og konflikt har kome tettare på oss. Det krev nye
val og endra prioriteringar. Me må planleggja samfunnet på ein annan
måte enn etter fallet av jernteppet. Forslaget frå Framstegspartiet
og Høgre gjev inntrykk av at planlegging av forsvarsanlegg og kritisk
forsvarsrelatert infrastruktur lir under ein unødvendig byråkratisk
og tungrodd planprosess. Eg kan ikkje sjå at dette er tilfelle.
Som statsråden òg påpeikar i svarbrevet til saka, finst det allereie
i dag unntaksbestemmingar og moglegheiter for å bruka statleg plan.
Ytterlegare endringar kan, om nødvendig, gjerast gjennom forskrift.
Å be om ein særskild lovheimel vert som å slå inn opne dører.
Eg vil tillata meg å peika på at det som regel
løner seg å greia ut grundig. Forsvaret ville byggja nytt radaranlegg
på Gyrihaugen i Ringerike kommune til ca. 12 mrd. kr. Forsvaret
fekk unntak frå ordinær planprosess etter plan- og bygningsloven,
slik det som sagt er mogleg. Forsvaret slapp difor konsekvensutgreiing
og høyring, og sette i gang med å byggja veg og sprengja bort delar
av toppen av denne åsen, som ligg i ein populær del av Oslomarka.
Då veg var bygd og utsprengingane gjennomførde i 2023 viste det
seg at det likevel ikkje var hensiktsmessig å leggja eit radaranlegget
på denne staden. Prosessen måtte starta på nytt, det offentlege
hadde sløst bort pengar, og me fekk i tillegg heilt unødvendige
naturøydeleggingar.
Denne konkrete saka minner oss på at me bør
utgreia krevjande saker grundig. Samtidig viser saka at det er fullt mogleg
å gjera ting raskt og gale – og òg heilt sikkert raskt og ordentleg
– med dagens lovverk. Eg ser ingen grunn til å stemma for forslaget
frå Framstegspartiet og Høgre.
12. mai 202618:47· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Liland, Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard om å ta tomme bygg og boliger i bruk (Innst. 248 S (2025–2026), jf. Dokument 8:152 S (2025–2026))
Det var representanten
Fasteraune som fekk meg til å teikna meg. Han snakka om konsesjon,
og eg tenkte at det er noko som er verdt å nemna her frå denne talarstolen.
Det er eit mogleg lokalpolitisk verktøy folk har, viss ein er bekymra
for at det er tomme hus i kommunen.
Nullkonsesjon for bustader er ein motivasjon
for å få fleire innbyggjarar eller fylle tomme hus. Kommunane står
frie til å innføra nullkonsesjon i delar av eller heile kommunen, men
det krev eit lokalpolitisk fleirtal. I kommunen eg kjem frå, har
me veldig gode erfaringar med det på tvers av alle parti. Det gjev
eit insentiv for det ein kallar for lys i alle glas, eller folk
i husa.
Det er sjølvsagt kjedeleg for dei som har arva
barndomsheimen, men som ikkje får lov til å ha han som feriebustad.
For å unngå at det vert tomme hus, kan ein då gjera om på det. Det
gjer at folk vel å flytta heim, det gjer at hus vert selde og gjorde
tilgjengelege for nye innbyggjarar og huseigarar. Det meiner eg
er verdt å nemna høgt i ei sak der dette vert debattert.
12. mai 202618:18· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Liland, Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard om å ta tomme bygg og boliger i bruk (Innst. 248 S (2025–2026), jf. Dokument 8:152 S (2025–2026))
Denne saka har mange forslag
til tiltak for å ta tomme bustader og bygg i bruk. Arbeidarpartiet
viser til våre merknader til forslaga. Me er einige med MDG i at
rehabilitering og ombruk, i mange tilfelle, kan vera meir samfunnsøkonomisk
og sosialt berekraftig enn riving og nybygging, men me kan likevel
ikkje støtta dette forslaget.
Det er kommunane som har hovudansvaret for
å vurdera kva potensial for ombruk som finst i den bygningsmassen
ein alt har. I dei statlege planretningslinjene for arealbruk og
mobilitet står det:
«Fortetting og transformasjon av bolig-
og næringsområder skal vurderes og bør utnyttes før nye utbyggingsområder
settes av og tas i bruk.»
Kommunane har med andre ord alt fått klare
føringar når det gjeld å vurdera eksisterande bygningsmasse, og
det er bra.
Husbanken fekk i bustadmeldinga eit utvida
mandat til å støtta og rettleia kommunane i deira bustadpolitiske
arbeid og utnytta potensialet i den eksisterande bustadmassen. Den
digitale tenesta Kobo hjelper kommunane til å kartleggja, planleggja
og utnytta effektivt den kommunale bustadmassen.
Frå 1. juli 2025 vart det innført nye reglar
i plan- og bygningslova som inneber at kommunane skal leggja aktivt
til rette for samarbeid med grunneigarar og utbyggjarar, og at ein –
der det er relevant – bør ta initiativ til å diskutera rehabilitering,
gjenbruk og transformasjon av eksisterande bygningsmasse.
Eit forslag handlar om å skattleggja bustader
som står tomme over tid. I ein velfungerande bustadmarknad vil bustader
normalt bli selde eller leigde ut. Hus som står tomme mellom leigetakarar,
under renovering eller i ein salsprosess, er dessutan ein naturleg
del av bustadmarknaden, og nybygde bustader kan stå tomme i periodar
i ein treig marknad. I område med fråflytting og utan press i bustadmarknaden
er ikkje hovudproblemet at bustader står tomme, men at færre ynskjer å
busetja seg der. Her vil ei avgift ikkje tena formålet.
Det er behov for ei strengare regulering av
korttidsutleige i enkelte område. Statsråd Skjæran har allereie
varsla at det går føre seg eit arbeid i departementet for å gjera
det lettare for kommunane å regulera og handheva ulovleg korttidsutleige.
Dette vert det med andre ord jobba med allereie.
12. mai 202617:49· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Jorunn Gleditsch Lossius, Jonas Andersen Sayed, Jørgen H. Kristiansen om å forenkle kravene til boligbygg for å redusere byggekostnader og boligpriser (Innst. 257 S (2025–2026), jf. Dokument 8:151 S (2025–2026))
Denne saka handlar om å
forenkla krava til bustadbygg for å redusera kostnader og prisar.
La det først vera sagt tydeleg: Me deler utolmodet,
og me støttar intensjonen i representantforslaget, for byggebransjen og
bustadsatsinga treng både forenkling, effektivisering og digitalisering
for å få raskare framdrift. Me er glade for at regjeringa har starta
forenklingsarbeidet på fleire område, bl.a. i byggteknisk forskrift,
og at ein ser nærmare på kva som må regulerast, korleis det best
kan regulerast, og på kva nivå.
Direktoratet for byggkvalitet har fått i oppdrag
å laga ein plan for korleis forskrifta kan utviklast vidare. Arbeidarpartiet
er oppteke av at forskrifta skal ha dei krava som er nødvendige,
men ikkje fleire. Krava må vera enkle å forstå og bruka, og dei
må sikra at folk får gode bustader, både no og i framtida.
Me er glade for at arbeidet med forenklinga
av TEK17 er godt i gang. Statsråd Skjæran hadde møte med byggebransjen den
28. april om vegen framover. Høyringsinnspela i saka som her er
til behandling, understrekar mange av dei utfordringane det allereie
vert jobba med.
Det er full støtte frå Arbeidarpartiet til
at det trengst ein grundig revisjon og ei modernisering av forskrifta
som gjev større handlingsrom og betre samanheng mellom krav og faktisk
bukvalitet, som fjernar unødvendige og kostnadsdrivande krav, og
som gjev ei forsikring om kvalitet og tryggleik for liv og helse,
og for tilpassingar som møter faktiske behov i dagens samfunn for
menneske med funksjonsvariasjonar. Arbeidet er godt i gang, og difor
støttar ikkje Arbeidarpartiet framlegget.
7. mai 202616:30· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bengt Fasteraune og Bent-Joacim Bentzen om bedre integrering av familieinnvandrere og om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Bjørn Larsen, Rune Midtun, Helge André Njåstad og Tom Staahle om innstramninger i familieinnvandringspolitikken (Innst. 230 S (2025–2026), jf. Dokument 8:141 S (2025–2026) og Dokument 8:144 S (2025–2026))
I fare for å forvirra og
i fare for å prøva å nyansera debatten: Det er tydelegvis vanskeleg
å kommunisera klokt, riktig eller tydeleg. Det er jo det ein vert
angripen for her, og difor tok eg ordet.
Eg prøvde å fortelja kva dette betyr for lokalsamfunn,
for folk og arbeidsliv. At ein føreslår 4 G som ein sats, som ser
ut til å få fleirtal, er det eg er bekymra for. Ein ser ikkje og
vurderer ikkje korleis konsekvensar dette får. Å konsekvensutgreie
har jo ikkje akkurat vorte eit heidersord frå folk i denne salen,
men det meiner eg at det definitivt er.
7. mai 202616:09· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bengt Fasteraune og Bent-Joacim Bentzen om bedre integrering av familieinnvandrere og om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Bjørn Larsen, Rune Midtun, Helge André Njåstad og Tom Staahle om innstramninger i familieinnvandringspolitikken (Innst. 230 S (2025–2026), jf. Dokument 8:141 S (2025–2026) og Dokument 8:144 S (2025–2026))
Ei av vår tids største
utfordringar er mangel på arbeidskraft. Alle me som kjenner Kommune-Noreg,
veit veldig godt at både dei kommunale tenestene og næringslivet
hadde knelt hadde det ikkje vore for alle dei som arbeider i yrke som
ikkje krev fagutdanning frå start. I kommunen min er meir enn 95 pst.
av alle dei som jobbar i reinhald, fødde i andre land. Innan helse
og omsorg er tala også store, og her vil behovet verta endå større
i åra som kjem. Alle som flyttar hit til landet og tek del i arbeidslivet,
er enormt viktige for at samfunnet skal gå rundt. Då må me kommunisera
dette – ikkje berre at innvandringspolitikken skal vera streng.
Ein sambygding flykta frå sitt opphavlege land
til Noreg på grunn av krig og politisk engasjement. I den dramatiske
situasjonen der han flykta i frykt for livet, måtte han etterlata
den gravide kona og fire små jenter. Han jobba som ein helt for
å få råd til å kunna forsørgja dei her i landet, men fyrst seks
år seinare kom dei, og faren fekk då treffe sonen han aldri hadde
møtt. Ein treng ikkje vere psykolog for å forstå at desse åra var
krevjande. Det var sterkt å vera vitne til dette og å helse på familien
då dei kom, og ikkje minst å sjå korleis faren fann ro og korleis
familien klarte å lande nettopp fordi dei var samla.
I debatten om innvandring og integrering må
me halda hovudet kaldt og hjartet varmt. Me må bruka nok tid til
å finna den riktige innretninga når me set krav om årsløn for familiegjenforeining,
både fordi det må vera mogleg å få til dette for dei som gjer jobben
sin, og fordi me ynskjer eit anstendig arbeidsliv, der folk ikkje
må jobba seg i hel. For alle har rett på fritid og kvile.
Arbeidarpartiet støttar kravet om at ein må
ha ei grense for årsinntekt, men me må differensiera krava med klokskap,
og me må veta at me har tenkt på det som er viktig å tenkja på.
Kva tenkjer næringslivsleiarar rundt omkring
i dette landet om eit så høgt krav som 4G? Kva tenkjer alle dei som
får drosje og vert henta, og alle dei som får omsorg og pleie, reine
hus og lokale og service, om dette? Alle veit at stabil arbeidskraft
er gull verdt, og den stabiliteten og dei føreseielege vilkåra fortener
òg alle arbeidstakarar her i landet, bl.a. dei me pratar om no.
Det er vel verdt å bruka den tida som trengst, for å setja nivået
rett. «Annan manns bør er alltid lett», heiter det i eit av våre mange
ordtak. Det er det verdt å tenkja på i denne debatten.
5. mai 202614:25· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om endringer i valgloven (endringer i valgdistriktene) (Innst. 229 L (2025–2026), jf. Prop. 34 LS (2025–2026))
Når ein vert sitert uriktig,
må det kommenterast frå denne talarstolen. Representanten Wiborg
viser til at me ikkje har tillit til innbyggjarundersøkinga og stemmene
til innbyggjarane. Det eg sa i stad, er at kommunestyret har eit
overordna ansvar for å sikra best mogleg drift og utvikling for
eigen kommune – overordna og i eit langsiktig perspektiv. Det ansvaret
har ikkje innbyggjarane, og difor har dei moglegheit til å vurdera
saker ut frå sin eigen situasjon på ein heilt annan måte enn det
kommunestyret har.
5. mai 202614:06· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om endringer i valgloven (endringer i valgdistriktene) (Innst. 229 L (2025–2026), jf. Prop. 34 LS (2025–2026))
Innbyggjarundersøkingar
er rådgjevande for kommunestyret. Det er litt viktig å få presisert
her. Kommunestyret, i motsetnad til alle som uttalar seg i ei slik
undersøking, har eit overordna ansvar for å sikra best mogleg drift
og utvikling for eigen kommune, tenkja overordna og tenkja langsiktig
– kva er best for Gran på sikt?
Eg registrerer at det har kome eit laust forslag
frå Senterpartiet og FrP om å senda saka tilbake til regjeringa
fordi dei viser til eit manglande reelt faktagrunnlag og mangelfulle
opplysningar. Me veit her i Stortinget kva slags type samarbeid
hadelandskommunane har. Me veit at Jevnaker, Lunner og Gran ynskjer
dette for å lette det regionale samarbeidet, og det er det reelle
grunnlaget me har, og det me bør forhalda oss til i dag. Lokaldemokratiet
har sagt sitt. Det er både rett og rimeleg at me landar denne saka
i dag, og eg er glad for at det er eit fleirtal her som faktisk
vil gjera vedtak i dag.
5. mai 202613:50· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om endringer i valgloven (endringer i valgdistriktene) (Innst. 229 L (2025–2026), jf. Prop. 34 LS (2025–2026))
Det er spesielt å koma
seint inn i ein debatt, men eg må likevel seia det eg hadde tenkt
å seia: Arbeidarpartiet støttar søknaden frå Gran kommunestyre om
å verta overført til Akershus fylkeskommune. Det gjer me trass i
at både fordeling av skatteinntekter og folketalsutjamning er gode argument
for at Gran framleis kunne ha vore i Innlandet, for me vil med positiv
støtte til denne søknaden gjera Akershus fylkeskommune endå større.
Me veit òg at det finst mykje godt samarbeid mellom Gran og naboane
i nord, ikkje minst innanfor sjukehus- og næringssamarbeid. Likevel
landar altså Arbeidarpartiet på å støtta søknaden frå kommunen.
Kommunane i Noreg er veldig ulike. Alle dei
357 kommunane våre har interkommunale samarbeid, og i mellomstore
og mindre kommunar er desse samarbeida viktige og ofte avgjerande
for at kommunane kan levera på generalistkommuneprinsippet: å sørgja
for gode, forsvarlege og likeverdige tenester for både unge og vaksne.
Om Hadeland på sikt vil greia ut kommunesamanslåing,
skal dei få lov til å avgjera sjølve i lokaldemokratiet sitt. Slik
er det.
Når det gjeld generalistkommunesamarbeidet:
I det samarbeidet som er på Hadeland, har det vore slik at Lunner,
Jevnaker og Gran har eit utstrekt interkommunalt samarbeid, og kanskje
viktigast i denne samanhengen: interkommunalt samarbeid spesielt
retta mot dei tenestene der fylkeskommunen har direkte eller indirekte
ansvar, som innanfor vidaregåande opplæring, næringsutvikling og
landbruksforvalting, tannhelse, kultursatsing og samferdsel, men
i tillegg òg innanfor barnevern, flyktningtenester, Nav, renovasjonstenester og
energi.
Kommunar med så tette band og samarbeid, gjennom
interkommunale politiske råd og samarbeidsavtalar, bør, så langt
det er råd, vera i same fylke. Hadelandskommunane kunne jo vore
i Innlandet, eller i Buskerud for den del, men etter oppløysinga
av Viken fekk både Lunner og Jevnaker tilhald i nye Akershus. Erfaringane
frå desse siste åra med å vera i ulike fylke har vist seg å vera
krevjande. Difor står me her.
Stortinget sin jobb er m.a. å sørgja for at
kommunane vert rusta og organiserte på ein måte som gjer at dei kan
utføra oppdraget sitt: å sørgja for gode tenester for innbyggjarane
sine. Vår jobb er å letta arbeidskvardagen deira så langt me kan,
og dette er eit viktig vedtak for å fjerna stein i skoen eller snubletrådar
i vegen. «Hadafylki» har definitivt historisk sus over seg og eksisterte
lenge før fylkeskommunar og kommunar fann si form. Lat no Hadeland
få samlast att i eitt fylke, slik både ordførarane i Gran, Jevnaker
og Lunner på vegner av kommunestyra ber om.
5. mai 202612:44· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Haagen Poppe, Mudassar Kapur og Tage Pettersen om en klarere strandsonepolitikk (Innst. 227 S (2025–2026), jf. Dokument 8:112 S (2025–2026))
Det var representanten
Njåstad som gjorde at eg teikna meg. Den saka me drøftar no, er
i grunnen større enn strandsona aleine. Dette handlar om arealforvaltning
i stort. Den frustrasjonen Njåstad viser til frå landsmøtet til
FrP førre helg, kjenner eg att i fleire parti, for det er krevjande når
nasjonale interesser grip inn i lokaldemokratiet.
Trellevik har nettopp snakka om korleis ein
opplever forskjellsbehandling i strandsona. Dei same drøftingane
har ein for høgfjellet. Det handlar om villrein, om jordvern, om
kven som skal bestemma over arealet, og om kraftkablar, energi og
vassforvaltning. Handlingsrommet for lokaldemokratiet kan diskuterast.
Det er i alle fall viktig å diskutera det, for eg opplever at fleire
lokale folkevalde er usikre på om dei klarar å motivera seg for
å engasjera seg i lokalpolitikken, nettopp fordi dei opplever at
dei statlege føringane er så sterke.
Det er difor behov for tydelegare føringar
med tanke på kva som er nasjonale interesser, og for lik praksis mellom
dei ulike statsforvaltarane. Det må vera ei klar rydding i kva som
har nasjonal verdi, og – endå viktigare – kva som ikkje har det.
Motsegnsprosjektet som no er i gang, håpar eg fører til ei betring.
Statsforvaltarane må samordna seg slik at me ikkje får dei sektorovergripande konfliktane.
Den arealmeldinga som er varsla, vil vera kjærkomen for mange av
oss.
5. mai 202612:11· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Haagen Poppe, Mudassar Kapur og Tage Pettersen om en klarere strandsonepolitikk (Innst. 227 S (2025–2026), jf. Dokument 8:112 S (2025–2026))
Arbeiderpartiet kjem ikkje
til å støtta forslaget frå Høgre i denne saka.
Det generelle byggjeforbodet bør vidareførast. Strandsona
er av allmenn interesse, og slike attraktive område bør vera tilgjengelege
for folk flest. Dei har stor nasjonal verdi mange plassar, og det
å gjera endringar, slik det er føreslått her, for å få eit tydelegare
skilje mellom nedbygd og privatisert areal og ubygd areal i strandsoneforvaltninga,
meiner me ikkje er vegen å gå.
Lokale folkevalde har formidla at dei har behov
for eit tydeleg regelverk. At presset frå sambygdingar, frå folk
med eigar- og utbyggarinteresser, er stort, det er veldig forståeleg.
Eit generelt forbod kan difor opplevast som eit vern for lokale
folkevalde i politiske avgjerder, for dette kan vera krevjande å
stå i. Det regelverket som allereie finst, er ei god støtte for
å løfte perspektiva og kan vera noko å visa til når sambygdingar
er på friarferd eller på krigsstien.
Det generelle forbodet er difor viktig for
at strandsona framleis skal vera tilgjengeleg for oss alle. Til
lags åt alle kan ingen gjera, det er motstridande interesser mange
plassar, og det sterkaste krysspresset står kanskje dei folkevalde
langs vestfoldkysten, Sørlandet og delar av Vestland i. Likevel:
Ser ein strandsone og kyst i heile landet under eitt, varierer det
sjølvsagt mykje. Difor trengst dei statlege planretningslinjene,
slik at ein kan halde fram med den differensierte forvaltninga langs kysten,
og der er det presisert at det generelle byggjeforbodet skal praktiserast
strengast der det er størst utbyggingspress. Det finst difor ein
fleksibilitet i regelverket, og det er det viktig å få sagt høgt.
Strandsona, som høgfjellet, er av våre nasjonale
naturressursar, og dei er verdifulle kulturmiljø som skal vera til
glede for både lokalbefolkning, grunneigararar, landbruket, friluftsentusiastar,
reiseliv og naturinteresserte. Slik bør det framleis vera.
Dei nasjonale planretningslinjene er som sagt
til for å ivareta nasjonale interesser, og dei er ei støtte for
lokale folkevalde. Difor er det viktig at Stortinget faktisk gjev føringar
og så klare rammer som råd i arealspørsmål som gjeld nasjonale interesser,
og det at føringar, rammer og retningslinjer kan bli tydelegare
kommunisert og meir samordna på tvers av sektorar, stemmer nok i fleire
tilfelle. Difor er det bra at dette er på dagsordenen frå regjeringa
si side.
9. apr 202610:42· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Dagfinn Henrik Olsen, Liv Gustavsen og Kristoffer Sivertsen om avvikling av fylkeskommunen (Innst. 198 S (2025–2026), jf. Dokument 8:126 S (2025–2026))
Ja, Noreg er både vakkert
og variert – det er i alle fall inga tvil om det. KS, organisasjonen
til kommunesektoren, har vore tydeleg på at generalistkommune-satsinga
skal vidareførast, og at ho har stor støtte i Kommune-Noreg.
Kva er det eigentleg fylkeskommunen gjer eller
bidreg med? Jo, dette er folkevalde som kjenner sitt regionale område,
som koordinerer, gjev råd, og som tek ansvar der det er logisk,
innanfor tannhelse, samferdsel, bruer og vegar, for kultur og næringsutvikling
og for areal- og planarbeidet. Dei har ein fagkunnskap som er veldig
viktig for mange kommunar i dette landet.
Høgre vil ha større kommunar og droppa fylkeskommunen.
Det er for så vidt ei ærleg sak. Det betyr at nokre kommunar i dette
landet vil verta enorme i areal. FrP er imot fylkeskommunen, men
små kommunar skal få fortsetja som før. Det vil i alle fall ikkje
styrkja Kommune-Noreg.
Representanten Bjørnar Larsen viste til synet
folk har på fylkeskommunen. Det er klart at for innbyggjarane er
det kommunen som betyr mest, men nokre oppgåver må koordinerast
på regionalt nivå fordi det tener kommunane på tvers og kommunane
over heile landet. Difor er det dei folkevalde som best kjenner
verdien av fylkeskommunen, men det gjer òg elevar og føresette når
ein skal inn i vidaregåande skule. Det gjeld linjetilbod og skule
i distrikt og tettbygde strøk, og at ein kan få eit tilbod som gjer
at ein kan bu heime lenger. Det handlar også om nærings- og kulturaktørar
i dette landet. For Buskerud sin del veit eg at verken Grettefoss
bru i Flesberg eller Austvoll bru i Flå hadde vorte prioritert viss
dei hadde vore i ein nasjonal transportplan.
Mi lange erfaring frå lokalpolitikken er alle
fall tydeleg: Eg vil takka dei tilsette og dei folkevalde i Buskerud
fylkeskommune, som ser både bygd og by. Dei ser både kommunar med
eit stort arealansvar og få folk og det motsette. Dei styrkjer kultur-
og næringsutviklinga, dei kjenner samferdselsutfordringane, og dei
forstår og gjer det dei kan for å gje gode tilbod til elevar i vidaregåande
skule i heile fylket.
Dette handlar om å byggja heile landet, og
det handlar om å gjera det attraktivt. Det handlar òg om beredskap,
forsvar, kraftforvaltning og om kva slags Noreg me vil ha. Arbeidarpartiet
har eit gammalt slagord: By og land, hand i hand. Det er et like
godt slagord som før. Fylkeskommunen er viktig for å ivareta både
by og land.
13. mar 202610:33· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tage Pettersen, Erna Solberg, Haagen Poppe, Kari Sofie Bjørnsen, Mahmoud Farahmand og Anne Kristine Linnestad om Norges handlingsrom innenfor EUs reviderte avløpsdirektiv (Innst. 144 S (2025–2026), jf. Dokument 8:24 S (2025–2026))
Eg vil gjerne starta med
å lesa opp Arbeiderpartiets forslag i saka:
«Stortinget ber regjeringen, ved implementeringen av
EUs reviderte avløpsdirektiv, sørge for at norske interesser ivaretas
på en best mulig måte, og at implementeringen gjøres på en måte
som er best mulig tilpasset norske forhold.»
Me er heldige i Noreg. Me kan drikka vatn rett
frå springen, me kan bada i fersk- og saltvatn, og me vert sjeldan
sjuke av forureina vatn – men ingenting varar evig, heller ikkje røyrsystem.
Difor treng me reinsing og å fornye systema. Mykje av det som finst
av leidningsnett der ute, er veldig gamalt og overmodent for utskifting
til moderne løysingar. Det har eg sjølv sett. Me veit difor at det
er behov for betydelege investeringar i vass- og avløpssystemet
framover, uavhengig av krav frå Brussel, og slike investeringar
kostar. Nettopp difor finst det vel knapt ein kommune i dette landet
der avløp og reinsing ikkje er eit tema.
Det er eit stort løft som trengst her, og det
er enorme kostnader som vil måtta fordelast – på vanlege folk. Sjølvkostprinsippet
gjeld landet rundt, og difor er det viktig at regjeringa har redusert
meirverdisatsen på vatn og avløp frå 25 til 15 pst., og at ein frå
2026 har dobla den maksimale avskrivingstida for kommunale vass-
og avløpsanlegg frå 40 til 80 år. Det er ein viktig start, som kommunar
landet over har takka for, og det er tydeleg at regjeringa deler
bekymringa for utgiftene.
For å lukkast må me nytta det handlingsrommet
EU-direktivet gjev oss, og at me sikrar både norske interesser og
at regelverket vert best mogleg tilpassa norske forhold, både for innland
og for kyst. Arbeidarpartiet støttar intensjonen til forslagsstillarane,
men regjeringa har sjølv lagt klar vekt på behovet for nettopp å
sjå på bruken av omgrepet tettstad og korleis ein kan definera,
og deretter avgrensa, i kva for område ulike reglar skal gjelda.
Norske interesser skal verta ivaretekne på
best mogleg vis og tilpassast norske forhold. Det er alle einige
om. Det viktigaste framover er å fokusera på at tilpassinga og handlingsrommet
for norske forhold kan vera i fokus. Ein kan lura på om det er målet
til nokon i salen å utsetja og forskyva direktiv som samsvarer med
behov me må løysa, uavhengig av Brussel. Det må det vera lov å spørja
om.
Eg tek opp det nemnde forslaget frå Arbeidarpartiet.
13. mar 202609:59· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mudassar Kapur, Tage Pettersen, Henrik Gottfries Kierulf og Anne Kristine Linnestad om en ny nasjonal boligsosial strategi (Innst. 145 S (2025–2026), jf. Dokument 8:23 S (2025–2026))
Det er iallfall ingen tvil
om at denne salen samla tek inn over seg det alvoret som me står
i. Det er det viktig å få understreka. Og at det er eit stort engasjement,
også kjenslemessig, er det ingen tvil om.
Strategi er éin ting, men det løyser i seg
sjølv ikkje problemet. Alle er bekymra. Det høyrest ut som at enkelte
her frå talarstolen påstår at me ikkje er bekymra.
Så er det også snakk om dette med TEK-krav.
Det er snakk om prisar på materiale, det er snakk om kommuneøkonomi,
og så er det nokon som kritiserer at ein tek det opp her – jo, men
alt heng saman med alt. Det er det ei som har sagt før meg. Det
er faktisk slik at me må sjå alt i samanheng, og eg trur at kanskje
det viktigaste grepet her er det me har starta med. Me går no igjennom
og forenklar lovverket, f.eks. dette med leie-til-eie-modellen,
dette med burettslagsmodellen, at det går an å regulera. Me har
starta det, og det er meir som skal gjerast.
Så trur eg at kommunen vil spela ei kjempeviktig
rolle – kanskje endå meir enn det som er vorte gjort til no – og
då må me hjelpa dei til å gjera dei gode, kloke vala, og til å verta
klår over kva slags moglegheiter dei har.
Når det er sagt: Eg har også lest med interesse
alle forslag frå SV og FrP og frå alle andre som vert ramsa opp
i dette dokumentet som me no har framfor oss. Det er jo ikkje slik
at ein ikkje kan ta med seg gode forslag og innspel utan at du må laga
ein strategi for det. Samarbeidet no framover må me hegna om, fordi
dette er viktigare enn at det skal verta ein politisk polemikk på
det.
13. mar 202609:12· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mudassar Kapur, Tage Pettersen, Henrik Gottfries Kierulf og Anne Kristine Linnestad om en ny nasjonal boligsosial strategi (Innst. 145 S (2025–2026), jf. Dokument 8:23 S (2025–2026))
Det er eit djupt alvor over
saker som dette, og me er mange som deler bekymringa for auken i
talet på bustadlause, ikkje minst når ungar er involverte. Det at
ungar og ungdom over lengre tid ikkje har ein fast plass dei kan
kalla heime, er djupt alvorleg og veldig krevjande.
Arbeidarpartiet meiner likevel ikkje at nye
strategiar eller handlingsplanar er det som trengst for å løysa
utfordringane som forslagsstillarane viser til. «Bustadmeldinga
– Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet», som
vart lagd fram, behandla og vedteken i Stortinget i 2024, har gode tiltak
som det vert jobba med. Det må vera meir effektivt og mykje betre
for alle som er fortvila over bustadsituasjonen, at regjeringa heller
følgjer opp denne meldinga, enn å bruka tid og ressursar på å utarbeida
nye planar og strategiar.
For det finst tydelege nasjonale føringar for
den bustadsosiale politikken i denne meldinga. Målet er bl.a. at
ingen skal vera bustadlause, og at bruken av mellombelse butilbod skal
ned, akkurat slik forslagsstillarane vil. Og kanskje viktigast:
Ein har kunnskap om kva slags tiltak som fungerer. Difor bør regjeringa
få tid til å følgja opp tiltaka, og sjølvsagt undervegs vurdera
om det er behov for nye tiltak som kan gje raskare resultat.
Regjeringa har styrkt låneramma til Husbanken
og til startlån. Målet må vera at det skal verta bygd fleire bustader som
folk har råd til å bu i. Bustøtta er styrkt, og det er sett i gang
fleire tiltak for å letta på trykket i leigemarknaden. 2025 vart
eit rekordår for bygging av nye studentbustader. Det vart sett i
gang bygging av over 3 000. Det frigjer andre husvære og er difor
positivt for alle som treng bustad.
For å lukkast treng me eit sterkt lag av gode
krefter. Kommunane har ei nøkkelrolle og eit stort ansvar, som m.a. er
presisert i ny bustadsosial lov. Kobo – Husbanken sitt digitale
fagsystem for bustadsosialt arbeid – gjev kommunane støtte så dei
kan følgja opp lova. Ei ny husleigelov er òg meldt.
Tid må forvaltast med klokskap. Det er ingen
tvil om at forslagsstillarane har dei beste intensjonane her, men
fleire planar gjev ingen nye tiltak eller auka tilgang på bustader.
10. feb 202610:40· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i plan- og bygningsloven (planbestemmelser om borettslag) (Innst. 101 L (2025–2026), jf. Prop. 161 L (2024–2025))
Eg var nøydd til å ta ordet
igjen, fordi eg reagerer litt på nokre av uttalane her, kanskje
mest frå FrP og Høgre. Me snakkar om tillit og tillit til lokalpolitikarar.
Me trur vel at dei er like opptatte av å byggja bustader som me
er herifrå i salen. Ein treng puls i marknaden, og det betyr at
variasjonen er viktig. Eg veit frå tidlegare liv som ordførar og
frå lokalpolitikken at burettslagsmodellen er noko som tener variasjonen.
Og så snakkar me om forenkling – for kven då?
For det kostar mykje å kjøpa bustad, men me veit at det er enklare
å nå draumen om eigen bustad også gjennom burettslagsmodellen. Min
første bustad var i burettslag. Ikkje minst no etter at me vedtok
nye reglar for bustadkjøpsmodellar før jul, der du kan leiga til
eiga, f.eks., er det òg ein enklare inngang, slik at folk kan eiga
eigen bustad og ikkje minst betala til seg sjølv. Det er det me
snakkar om, fattigdomsfella.
OBOS som var nemnt her i stad, støttar forslaget.
Det er jo viktig her: Vi er frustrerte over at byggjebransjen ikkje
får bygd nok, men marknaden treng kjøparar, og då er dette også ei
tilpassing til det. Stabilitet – det er ei sosial buform, me veit at
fleire enn nokon gong bur aleine. Då me var på prosjektet til OBOS
i går, viste dei at det går an å tilpassa dette gjennom tekniske
bygningskrav og at me kan gjera leilegheitene mindre, og ergo er
det fleire som har moglegheit. Burettslag skal me ha der det er
gunstig, og der dei tener utbygginga, slik at det blir fleire kjøparar.
10. feb 202610:06· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i plan- og bygningsloven (planbestemmelser om borettslag) (Innst. 101 L (2025–2026), jf. Prop. 161 L (2024–2025))
Føremålet med dette forslaget
er å gje kommunane fleire verktøy for å påverka bustadprofilen og
bumiljøet gjennom samfunns- og arealplanlegginga. Saka handlar altså
om moglegheita kommunane har til å fastsetja planbestemmingar og
regulera eit bestemt bustadområde og bestemma at her skal burettslag
vera organisasjonsforma. Akkurat det er det viktig for meg å understreka:
Dette er ei moglegheit kommunane har.
I høyringsinnspela uttrykkjer mange som har
sendt innspel, seg positivt. Kommunane vert oppfordra til å vera
aktive bustadplanleggjarar. Nokre presiserer at dette gjev kommunane
eit auka handlingsrom til å nå dei bustadpolitiske måla og til å
påverka utviklinga i eigen kommune. Dei viser til at dette er ein
god og berekraftig eigarmodell, for ulike aldrar, både økonomisk
og sosialt. Eg er einig med dei som meiner det.
Andre høyringspartar åtvarar om at slike heimlar
kan føra til forseinking eller usikkerheit i byggjeprosessar. Dei meiner
det kan motverka intensjonen om å få bygd meir og raskare, og dei
fryktar at planbestemmingar om burettslag ikkje vil vera treffsikre
nok, men derimot svekkja bustadbygginga i område der marknaden etterspør
andre buformer. Dei er negative fordi dei meiner dette grip inn
i marknadene sine eigne vurderingar, i eigedomsretten og i utbyggingsfridomen.
Me ynskjer alle at det skal verta bygd fleire
bustader, og det er tydeleg at det trengst ein brei variasjon i
buformer for å sikra at flest mogleg får tilgang på bustader som
passar dei – sosialt, økonomisk og ut frå om dei bur åleine eller
med fleire.
Dette er ei endring av plan- og bygningslova,
og eg meiner det er riktig å gje kommunane dette utvida handlingsrommet.
Samtidig er det viktig for meg å understreka at for å sikra at bustadene
faktisk vert selde, og dermed kan verta bygde, er det avgjerande
med god dialog mellom kommune og utbyggjar, men òg med aktuelle
kjøparar. Det må vera ei felles forståing mellom utbyggjar og kommune
om kva type bustader det er behov for å byggja kor, og kva slags
bustader det er etterspurnad etter til kvar tid.
Difor: Dette er ei moglegheit, og eg rår kommunane
til å forvalta denne med klokskap.
5. feb 202620:51· Innlegg
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Trond Helleland, Anne Kristine Linnestad og Ove Trellevik om oppstart av reguleringsplanarbeid for tunnelar på Hardangervidda (Innst. 89 S (2025–2026), jf. Dokument 8:56 S (2025–2026))
Endeleg! Som tidlegare
ordførar vert ein iblant møtt av saker ein kjenner godt, og engasjerer
seg i. Eg har jobba mykje med CWD, med tiltaksplan og reetablering
av villrein i høgfjella mellom Hol, Hardanger og Sogn, men òg med
beredskap og samferdsel, ikkje minst forbetring av vinterregularitet
langs rv. 7. Ein tunnel under Dyranut ville forbetra regulariteten
med 70 pst.
Oppstart av reguleringsplan for tunnelar på
Hardangervidda kjem frå transportkomiteen, men fagansvaret for villreinen
ligg i energi- og miljøkomiteen. Saka er difor overgripande, og
ho vil ha konsekvensar for villreinen sine levekår i åra framover.
Villreinmeldinga og Tiltaksplanen for villrein på Hardangervidda,
understrekar dette. Difor hastar det, og framdrifta for arbeidet
er relevant.
Villreinnemnda i området skriv i høyringsinnspelet
sitt:
«En miljøtunnel under Dyranut vil være
et konkret og effektivt tiltak som gir villreinen bedre mulighet
til å bruke større deler av sitt leveområde. Ved å legge veien i
tunnel fjernes en stor del av den fysiske og visuelle barrieren,
og det frigjøres areal som kan tilbakeføres til naturen. Dette vil
bidra til å styrke områdets kvalitet i tråd med nasjonale målsettinger.»
Transport- og reiselivsnæring, beredskapsansvarlege
og folkevalde frå begge sider av fjellet, innbyggjarar og villreinforkjemparar
har gjennom ei årrekkje kjempa for tunnelar på Hardangervidda. Alt
i 2015 tilrådde NINA, i rapport 1121 Veger og villrein, at det for
villreinen sin del burde byggjast tunnel der.
Stamma på vidda utgjer 90 pst. av villreinen
i Europa, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å verne om
han, spesielt etter den harde nedskytinga i forbindelse med CWD,
som no har gjort at villreinen er ein raudlista art. Dyret treng
frodige beite og tilgang til områda nord for rv. 7, for der er det kaldare,
der er det lite ferdsel, og der er det store, urørte beiteområde.
Rv. 7 har vore ein god barriere i åra me har
hatt skrantesjuke, men no når det ikkje er avdekt nye smitta dyr,
treng villreinen fri ferdsel og tilgang til nordsida av vidda. Og
det hastar. Realisering av prosjekt som dette krev koordinering. Ut
frå det internasjonale ansvaret, ansvar for vinterregularitet og
for beredskap er det viktig å sjå denne saka i eit heilskapleg perspektiv.
Det må bety noko framover for både prioritering og planlegging av
ny NTP.
16. des 202512:36· Replikk
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Finansdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (rammeområdene 1, 6 og 18) (Innst. 16 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Det er heilt ålreit å verta
kalla statsråd, sjølv om det ikkje er rett.
Metaforen med stall og låve handlar jo om at
det er veldig mange i dette landet som er bustadlause – så difor
den vesle vinklinga.
Synet på fylkeskommunen si rolle kunne eg snakka
lenge om, og me kjem sikkert tilbake til den når det Dokument 8-forslaget
kjem, men eg har gode erfaringar med at fylkeskommunen er vår viktigaste
støttespelar i veldig mange saker, også når det gjeld bustadbygging.
Eg tenkjer at både KS og fylkeskommunen har viktige roller for rett
og slett å gjera det enklare for kommunane, og kanskje aller mest
for dei mindre kommunane, for å forsterka dei gode bustadpolitiske
satsingane. Der føler eg at fylkeskommunane er lite negative.
16. des 202512:33· Replikk
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Finansdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (rammeområdene 1, 6 og 18) (Innst. 16 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Eg deler skildringa av
verkelegheita når det gjeld motsegner og kanskje frustrasjonen i
enkelte kommunar. Samtidig er det viktig å ha gode ordningar, slik
at ein som kommunalt tilsett eller folkevald gjer dei riktige vedtaka,
og det treng me gjerne ein storebror til. Det kan verka som at statsforvaltaren
berre har ei kontrollørrolle. For veldig mange kommunar i dette
landet er statsforvaltaren òg ein ressurs, ei støtte, til å gjera
gode vedtak. Eg synest det er veldig bra at ein no har eit motsegnsprosjekt på
gang for å rydda i det som er unødvendig byråkrati, men eg meiner
òg at det er veldig lurt at me fortset å ha ein statsforvaltar som
hjelper kommunane til å gjera kloke val.
16. des 202512:32· Replikk
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Finansdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (rammeområdene 1, 6 og 18) (Innst. 16 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Verdssituasjonen me står
i, er utfordrande, og landa i Europa må samarbeida for å finna gode
løysingar for alle som ønskjer å koma hit. Dette handlar om verdigheit
for folk over heile verda, men det å behandla folk, alle som søkjer
asyl i Noreg, på ein riktig måte og med dei beste intensjonar, handlar
òg om verdigheit. Me er forplikta av internasjonale lover, av FNs
menneskerettskonvensjon osv. For at Europa skal utvikla seg på ein klokast
mogleg måte, trur eg me er nøydde til å samarbeida godt. Me kan
ikkje stå aleine i denne saka, og difor er det samarbeidet heilt
avgjerande.
16. des 202512:25· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Finansdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (rammeområdene 1, 6 og 18) (Innst. 16 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Bustadpolitikken engasjerer
breitt. Studentar slit med å finna rimelege bustader, eldre kvir
seg for å flytta frå einebustaden, barnefamiliar strevar med å finne
husvære som passar deira livssituasjon, og altfor mange står utan
fast bustad. Samtidig ser me at byggjebransjen har mindre å gjera,
handverkarar går utan oppdrag, og nyutdanna fagarbeidarar vel seg
bort frå faget.
Me har store behov for bustader i både byar
og bygder, og kompetansen og ferdigregulerte tomter finst mange
stader. I samtalar med bransjen går noko att: Bransjen er tydeleg
på at renta er avgjerande for bustadbygginga. Dei framhevar òg noregspris
og redusert elavgift som positive satsingar i tillegg til Husbanken
sine rammer og eit betre og meir effektivt byråkrati.
Arbeidarpartiet har teke og tek grep. For det
første fører me ein økonomisk politikk for å halda prisnivået nede
og slik bidra til at renta held seg låg og kan gå meir ned. Me har
gjenreist Husbanken som eit kraftfullt bustadpolitisk verkemiddel.
Med ei historisk låneramme på 34 mrd. kr – den høgaste nokon gong
– sikrar me at fleire får moglegheit til å eiga sin eigen bustad,
og at fleire bustader med god kvalitet vert bygde. Husbanken har
fått utvida mandatet sitt og hjelper kommunane til å ta ei meir
aktiv bustadpolitisk rolle.
Me prioriterer startlånet, det viktigaste verkemiddelet
for husstandar med varig låg inntekt. I tillegg har me sett av 2 mrd. kr
til ei forsøksordning for unge og førstegongsetablerarar og 2,1 mrd. kr
til studentbustader. Regjeringa har som mål å sikre bygging av 12 000
studentbustader dei neste fire åra. Dette vil både hjelpa studentane
og avlasta presset på den private leigemarknaden.
Me må òg gå kraftfullt til verks for at det
skal verta enklare og raskare å byggja gode bustader. Difor styrkjer
me Direktoratet for byggkvalitet med 30 mill. kr i 2026, for å forenkla,
for å digitalisera og automatisera plan- og byggjesaksbehandlinga.
Me har sett i gang arbeid med å forenkla byggjereglane, og saman
med NHO Byggenæringen og KS har me utarbeidd ei tiltaksliste med
72 punkt som no vert vidareutvikla. Det er avgjerande at det vert
enklare å byggja – det trur eg alle parti er einige om – skal me
nå målet om å setja i gang bygging av 130 000 bustader innan 2030.
Det handlar ikkje berre om å byggja meir –
det handlar òg om å byggja betre. Gjennom den nye arkitekturstrategien, den
første på 16 år, Rom for kvalitet, legg me vekt på varierte nabolag,
gode omgjevnader og langsiktig ressursbruk. Me skal byggja i eit
hundreårsperspektiv, med kvalitet som varer.
Arbeidarpartiet i regjering legg til rette
for bustadbygging. Difor må me òg sjå på produktiviteten i næringa.
For å sikra framdrift har Forskingsrådet fått i oppdrag å kartleggja produktivitetsutviklinga,
og me håpar å sjå tiltak allereie frå 2026.
Kommunane spelar òg ei viktig rolle. Me styrkjer
løyvingane til kommunane med ein historisk auke i frie midlar. Det gjev
dei moglegheit til å ta ei meir aktiv rolle i bustadbygginga og
bestilla oppdrag som held hjula i gang i krevjande tider.
Når det blir «mørkt i stall og i låve» – (representanten syng
den strofa) – treng og fortener me alle ein trygg stad å sova. Arbeidarpartiet
har vist handlekraft. Me har gjenreist Husbanken, prioritert startlånet
og sikra rekordhøg bygging av studentbustader. Me legg grunnlaget
for at det kan byggjast raskare, og legg til rette for både kvalitet
og betre produktivitet i bustadbygginga. Dette er politikk som gjev
folk bustad, tryggleik og framtidstru – og som held byggjebransjen
i arbeid.
5. des 202518:30· Innlegg
Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))
Finansdebatten handlar
om livet vårt. Ordskiftet frå valkampen er gjenkjenneleg her i dag.
Det er interessant å registrera kor optimistisk eller pessimistisk
ein ser på samfunnet og på korleis landet vert styrt – nasjonalt,
regionalt og lokalt. Den jammerdalen nokon hevdar me er i, kjenner
eg meg ikkje att i, men alvoret i mange kommunar og fylke er tydeleg
formidla: Velferda er under sterkt press. Difor er prioriteringa
av historisk høge overføringar til kommunar og fylke nødvendig.
Samtidig er det avgjerande å kommunisera til
alle folkevalde, både her og der, at omstilling er heilt nødvendig.
Me må føra ein politikk som bidreg til å halda renta nede, stat
og storting må redusera styringstrykket, kommunar må effektivisera
eller samarbeida meir, og dei som ynskjer å slå seg saman, må vurdera
det.
For at kommunar og fylke skal lykkast, må me
klara å omstilla oss, forenkla, digitalisera, bruka KI smart – kort
sagt endra for å bevara det beste ved Noreg, nemleg å ha solide kommunar
over heile landet. Det treng me av tryggleikspolitiske grunnar.
Me treng det på grunn av beredskap, sjølvforsyning, kritisk infrastruktur
som kraftforsyning og vasskvalitet og samferdsel og næringsliv.
Med fersk og lang erfaring frå lokalpolitikken
meiner eg at kommunane og fylka sjølve veit best kva som trengst
av tiltak og innsats. Dei kan best svara på om dei treng mest pengar til
eldreomsorg, arbeidsinkludering, vegvedlikehald, bustadsatsing,
vidaregåande skular eller tilskot til lag og organisasjonar. Overordna
sett ynskjer KS seg frie rammeoverføringar og færrast mogleg øyremerkte
midlar – for kommunar er forskjellige, strukturen er ulik, og demografi
og geografi er også det.
Valresultatet frå i haust viser at veljarane
bryr seg om låg barnehagepris, støtte til tannhelse, kollektivsatsing,
sletting av studiegjeld, storbysatsing og veldig mykje meir. Dei
bryr seg om kunstig intelligens og om satsing på høgare, desentralisert
og variert utdanning. Valresultatet viser at alt dette betyr meir
for fleire enn skattelette for dei færraste av oss.
Fleirtalet av veljarane i dette landet vil
ha ordningar som tener oss alle, uavhengig av lommeboka til den
enkelte. Eit solid spleiselag der me yter etter evne og får etter
behov, er best for flest. Kort sagt: Statsbudsjettet svarer godt
ut kva landet vårt treng i 2026.
2. des 202510:43· Innlegg
Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i burettslagslova og eierseksjonsloven (tilrettelegging for boligkjøpsmodeller) (Innst. 33 L (2025–2026), jf. Prop. 158 L (2024–2025))
43:03] (ordførar for saka): Fyrst
vil eg takka komiteen for godt arbeid og samarbeid.
Arbeidarpartiet har som kjent store ambisjonar
for bustadbygginga i åra framover. Me veit at det for mange av oss betyr
noko for tryggleiken å eiga heimen sin. Det er stabilt, og me kjenner
at me høyrer til både i lokalsamfunnet og i nabolaget. Difor har
Arbeidarpartiet eit mål om å setja i gang bygginga av 130 000 bustader
innan 2030.
Ei av barrierane for å få realisert draumen
om eigen bustad handlar m.a. om økonomi og om at det er liten variasjon i
typen bustader. Heldigvis er det stadig fleire som får moglegheit
til å skaffa seg husrom gjennom såkalla bustadkjøpsmodellar, som
leiga til eiga og deleiga.
Denne saka handlar om å justera dei eksisterande
lovane som rammar inn denne typen modellar, for å tilpassa dei slik at
det vert mogleg å tilby ein større andel bustader med leiga til
eiga og deleiga. Det betyr at fleire vil kunna eiga bustad på eit
tidlegare tidspunkt, anten det er førstegongskjøparen som ikkje
har ein foreldrebank å lena seg på, eller dei med betalingsevne,
men som ikkje har tilstrekkeleg med oppspart eigenkapital. Med andre
ord legg me til rette for at fleire skal få høve til å oppnå bustaddraumen.
Regjeringa føreslår her ein lovheimel til å
regulera i forskrift at aktørar som tilbyr leiga til eiga eller
deleiga, kan eiga ein større andel enn i dag. Fordelen med å forskriftsregulera dette
er at ein raskare kan stramma inn eller utvida modellane, men òg
justera minstevilkåra for eigarskap om ein ser at det er klokt.
Lovforslaget vil ramma inn modellane betre
enn i dag. Eg er samd med kommunalminister Skjæran når han spesifikt understrekar
at det er behov for ein gjennomgang av lovverket for at forbrukarane
skal få sikra rettane sine. Me veit at det er meir effektivt å justera
og forbetra forskrifter enn å fastsetja alt i lov. Slikt arbeid
tek lengre tid. Me er utolmodige, men glade for saka som no er til
behandling. Denne lovendringa er ein viktig start på eit stort arbeid.
13. okt 202521:32· Innlegg
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Dette var vel verdt å vente
på.
Eg har med stor interesse lytta til alle som
har teke ordet i dag, og eg vil snakka om kommuneøkonomi. Arbeidarpartiet
prioriterer alltid god kommuneøkonomi og har levert historisk godt
dei siste åra. Dette er heilt nødvendig for at kommunar og fylkeskommunar
kan sikra gode og likeverdige velferdstenester i byar og distrikt.
Likevel: Alle veit at det trengst meir, me er ikkje i mål, og difor
har eg – og me – store forventningar til nettopp statsbudsjettet.
I valkampen lovde me å setja velferd framfor
skattekutt til dei rikaste, og det gjer me no i praksis. Dette handlar
om meir pengar til eldreomsorg, fleire tilsette i barnehagen og
betre vegar ute i distrikta. Dette er utruleg viktig, for me lever
livet vårt ute i kommunane. Alle tenester me får glede og nytte
av, vert leverte av det offentlege. Me treng tryggleik for helsa
vår, for ungane våre, for vatn- og avløpssystemet, for vegar, for
pensjonistlivet, for økonomien.
For oss i Arbeidarpartiet handlar dette om
tryggleik for kommunane. Det er jo det mange kjenner på – at ein er
bekymra for om pengane strekkjer til, at det finst nok vaksne, slik
at ein er trygg når ein leverer ungane i barnehagen, at dei tilsette
i omsorgstenesta har tid og hender nok til å skifta bleier eller
sørgja for trivsel, eller har tid til å vera der når angsten rir
ein, eller når ein ligg for døden.
Det handlar om arbeidslivet, om trygge jobbar
og om å ha nok folk på jobb. Det handlar om at flest mogleg kjem
ut i arbeid og aktivitet, og at alle som kan jobba litt eller mykje,
vert brukte, slik at endå fleire kjenner at dei kan bety ein forskjell
og bidra i lokalsamfunna sine. Det handlar om å leva et heilt liv.
I kveld fekk eg ei gladmelding: Ål kommune
har fått 83 pst. av ukrainarane ut i arbeid etter fullført introduksjonsprogram
– best i landet. Det er veldig hyggeleg for meg som nettopp avgått
ordførar, og det seier noko om at der det er vilje, der er det veg.
Eg trur alle kommunar ser fram til at ein kan
slanka byråkratiet gjennom kommunekommisjonen, fordi rapporteringskrav,
lovverk og gode intensjonar frå stortingsvedtak gjennom fleire tiår
i aukande grad har utfordra kommunane, og det er viktig å få rydda
opp i.
Kommuneøkonomien handlar om innbyggjarane våre
– om mor mi, om dotter di, om naboen frå Eritrea og om den kollegaen
som alltid er sliten. Kommuneøkonomien set kort og godt rammer og
retning når det gjeld både tryggleik for morgondagen og tru på framtida.
10. apr 202515:35· Innlegg
Når eg høyrer debatten,
synest eg det er underleg at ein brukar EØS-samarbeidet som argument
når ein i denne saka eigentleg drøftar korleis Noreg skal nå fornybarsamfunnet. Det
er uheldig å skape unødvendig frykt, som dette er for mange, og
bekymring rundt privatøkonomien.
Me vil ha meir effektiv energibruk, og Stortinget
har alt vedteke eit mål om 10 TWh redusert straumforbruk i bygg
innan 2030. Dette er altså Stortingets eigne mål – fordi straumen
bør brukast til andre ting enn oppvarming.
Me er tidleg i prosessen, det sa statsråden
sjølv – og at det er viktig at dette blir tilpassa norske forhold.
Regjeringa vil altså fremje desse forslaga for Stortinget. Ute i
Noreg er dette ei bekymring. Difor er det ekstremt viktig å understreke
det statsråden sjølv både skriv og seier, at dette ikkje vil ramme
bustadeigarar, og at det ikkje er aktuelt for regjeringa å påleggje
huseigarar å energieffektivisere bygningane sine. Det som derimot
vil vere viktig, er at når ein har sett mål, vil ein også kunne
lage konkrete tiltak. Dette med god rettleiing om smarte energitiltak
er éin ting, og støtteordningane til Enova og Husbanken er også
viktige.
Det er bra og avgjerande med høyring i denne
saka. Eg tenkjer at det her er viktig at me fokuserer på at me allereie
har fornybare ordningar, men me kan bruke straumen til klokare ting
enn oppvarming.
8. apr 202518:21· Innlegg
Vatn, avløp, kostnader,
EU-direktiv, nitrogenreinsing og oppgraderte reinseanlegg har blitt
ein snakkis i Kommune-Noreg. Det er ikkje tvil om at dette engasjerer
langt utanfor Stortingets sal. Mange kommunar har budd seg godt
og vore i forkant, og desse har reinseanlegg som har vore gode nok
og hatt god nok standard fram til no, men dei nyaste EU-direktiva
utfordrar òg mange av desse. Mange kommunar er veldig bekymra for
kva dette vil koste, og korleis det kan riggast.
Difor er temaet noko som vedkjem og engasjerer mange.
Mange innbyggjarar er opptekne av kvaliteten på kommunale tenester,
ikkje minst når det gjeld ønsket om å ha reint vatn. Mange forstår
og ønskjer at avløpsvatn skal vere reinsa så godt som råd er, slik
at det beskyttar både folk, dyr og naturen og vernar om det biologiske
mangfaldet. Kravet om nitrogenreinsing er noko me òg drøftar der
eg kjem frå, men EU-direktiva blir diskuterte i både byar og distrikt
fordi dette er store kostnader.
Behovet for oppgraderte reinsekrav er viktig
og riktig, uavhengig av direktiva frå EU. I kommunen eg kjem frå,
bygde me for ei tid sidan ein ny avløpsleidning i eit dalføre der
det stort sett var private anlegg. Desse husstandane og gardane
var kopla på det kommunale, relativt nye reinseanlegget vårt. I
arbeidet med å kople nye eigedomar på såg me at behovet var endå
større enn det me hadde trudd. Det var mykje drenering, kort sagt mange
lekkasjar, som gjorde at avfallsstoff rann rett ut i vassdraget.
Dette er noko herk, men det er langt frå unikt. Slik er det altfor
mange plassar. Mange er ikkje klar over kor ille det er rundt om,
og me kan ikkje la vere å rydde opp, for det er behov også her i
landet.
Dette er – og beklagar språket – ein dritjobb
som framtida krev av oss. Dette har vore utsett for lenge mange
plassar, og kommunar over heile landet har meir eller mindre bevisst
levd med prokrastinering og håpa at ein kunne vente litt til.
Gjennomføring av direktivet vil vere dyrt og
utfordrande, men det er viktig å understreke at me har ein jobb
å gjere, og at regjeringa må jobbe for dei norske interessene i
denne saka, slik statsråden seier. Fleirtalet i saka presiserer
òg at ein vil vurdere konsekvensane av det reviderte direktivet,
saman med behovet og moglegheita for tilpassingar, som fleire har
vore inne på før meg. Det vil det bli behov for, ikkje minst finansielt,
så her må ein jobbe for at omsynet til norske kommunar og innbyggjarar
blir vareteke på best mogleg måte.
4. okt 202412:23· Innlegg
Reindrift som næring, kultur
og livsform er unikt både i nasjonal og i internasjonal samanheng.
Noreg har eit internasjonalt ansvar for den siste store villreinstamma
på Hardangervidda og i Nordfjella. Stamma i Nordfjella fortener 3 minutts
merksemd.
All villreinen i sone 1 blei skoten ned etter
at det blei påvist skrantesjuke, eller CWD, i ei gamal simle i 2017. Det
var og er dramatisk å skyte ned ei heil stamme. Folkevalde og forvalting
i Nordfjella på begge sider av fjellet kjenner på det store alvoret
og det internasjonale ansvaret i spesielt stor grad. Vestland fylkeskommune
har òg engasjert seg.
Kvaliteten på stamma blir dårlegare dess lengre
tid det tek å reetablere ho med dyr frå sone 2. No er det etter siste
jakt påvist ei omtrent 98 pst. friskmeld stamme. Ein har altså ikkje
funne nokon sjuke dyr i sone 2 etter at stamma blei skoten ned i
sone 1. No har det gått sju år, og me er mange som er urolege for
at tida som går, gjer at miljøet og den praktiske og kulturelle
kunnskapen blir mindre og etter kvart blir borte.
Heldigvis har Stortinget følgt opp. Den 13. juni
i år gjorde ein eit vedtak, nr. 786:
«Stortinget ber regjeringa snarast mogleg
reetablere villrein i Nordfjella sone 1 med villrein frå sone 2
når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik at
risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.»
Så er spørsmålet: Kva inneber eit akseptabelt
nivå? Avgjerda vil ifølgje departementa kome i løpet av ein to–tre
månadar. Det er difor viktig at alle medlemer av komiteane her i
Stortinget – både klima og næring – følgjer opp vedtaket frå juni
overfor departementa, slik at ein får sett i verk reetablering no,
for det hastar.
For å lukkast med reetableringa må alle krefter
jobbe saman. Lokal villreinforvalting, ordførarkollegiet rundt Nordfjella
– altså Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål og Hol – og Vestland
fylkeskommune er heilt samstemde i bodskapen.
Avslutningsvis har eg lyst til å vise til eit
rykande ferskt vedtak i Vestland fylkesting frå 1. oktober, altså
på måndag:
«Vestland fylkesting føreset at reetablering
av villrein i Nordfjella sone 1 vert sett i verk omgåande, i samsvar
med vedtak i Stortinget 13. juni 2024.»
4. okt 202411:19· Innlegg
Det var ein gong ei lita
bygd oppe i «dalom» som hadde nokon driftige eldsjeler. Dei starta
ein sjuke- og fødeheim, og det er det me i dag kjenner som Hallingdal
sjukestugu. Sjukestugua i Ål har blitt ein pilot, eit flaggskip
innan samhandlingsreforma. Samarbeidet med sjukehuset på Ringerike
og Vestre Viken helseføretak gjer at Hallingdal, der fem av seks
kommunar tilhøyrer sentralitetsklasse 5, likevel kan måle seg med
dei fremste i landet. Sjukestugua har 20 senger, der kommunane og
helseføretaket betalar for ti senger kvar, og det er kvalitet i
alle ledd, med dyktige fagfolk.
På grunn av samarbeidet med sjukehus og føretak
er Hallingdal sjukestugu blant dei fremste i landet, med topp moderne
helseteknologi, og med tilbod om CT-undersøking 24/7, fordi ambulansepersonell
er opplærde til å betene maskina, med overvaking og assistanse frå Ringerike.
Sjukestugua har dialyse, kreftbehandling, røntgendiagnostikk, altså
kunstig intelligens, for å nemne noko. Dette er altså midt i dalstroka
innafor. Spesialistane kjem oppover frå Ringerike og behandlar pasientane
på Ål, i staden for at alle som treng helsehjelp, reiser nedover.
Dette er god samfunnsøkonomi, og ventetida går ned.
For helseberedskapen i Noreg betyr lokale sjukehustenester
mykje. Det løner seg å desentralisere det ein kan, og sentralisere
der ein må. Det handlar om helsekvalitet, at han er god og forsvarleg,
og det handlar om livskvalitet, om at familie og vener kan ha kortare
reise for å besøke deg. Like viktig: Det handlar om beredskap i
krisetid.
Mange distrikt i Noreg har mange tilreisande.
Under ekstremvêret Hans blei det herja kraftig i Hallingdal. Vegar
blei stengde, infrastrukturen brøyt saman, det var skred og flaum,
og fleire blei skadde. Me fekk god hjelp frå nasjonale helseteam,
av statsforvaltar og innsatspoliti, men då blei Hallingdal ei øy,
som Stein Torleif Bjella seier. Det at sjukestugua var der – med
senger, utstyr og fagfolk døgnet rundt – gjorde at helseberedskapen
blei vareteken, og at dei som blei verande, med eller mot si vilje,
var trygge. Det var ei viktig forsikring for oss som skulle leie
kommunen gjennom krisa.
Me lever i ei uroleg tid. Framtida kjenner
ingen, og helseberedskapen trengst i både byar og distrikt. Det
var tre viktige bodskap helseminister Vestre fekk då han besøkte
Ål i september, og dei er det viktig at også Stortinget høyrer:
Helse-Noreg treng eit felles journalsystem
for heile landet.
Det trengst ein betre finansieringsmodell.
Lokale helsesenter, som Hallingdal sjukestugu, bør bli pilotar
for såkalla «hospital at home» og digitale helsetenester.