Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Føremålet med dette forslaget er å gje kommunane fleire verktøy for å påverka bustadprofilen og bumiljøet gjennom samfunns- og arealplanlegginga. Saka handlar altså om moglegheita kommunane har til å fastsetja planbestemmingar og regulera eit bestemt bustadområde og bestemma at her skal burettslag vera organisasjonsforma. Akkurat det er det viktig for meg å understreka: Dette er ei moglegheit kommunane har. I høyringsinnspela uttrykkjer mange som har sendt innspel, seg positivt. Kommunane vert oppfordra til å vera aktive bustadplanleggjarar. Nokre presiserer at dette gjev kommunane eit auka handlingsrom til å nå dei bustadpolitiske måla og til å påverka utviklinga i eigen kommune. Dei viser til at dette er ein god og berekraftig eigarmodell, for ulike aldrar, både økonomisk og sosialt. Eg er einig med dei som meiner det. Andre høyringspartar åtvarar om at slike heimlar kan føra til forseinking eller usikkerheit i byggjeprosessar. Dei meiner det kan motverka intensjonen om å få bygd meir og raskare, og dei fryktar at planbestemmingar om burettslag ikkje vil vera treffsikre nok, men derimot svekkja bustadbygginga i område der marknaden etterspør andre buformer. Dei er negative fordi dei meiner dette grip inn i marknadene sine eigne vurderingar, i eigedomsretten og i utbyggingsfridomen. Me ynskjer alle at det skal verta bygd fleire bustader, og det er tydeleg at det trengst ein brei variasjon i buformer for å sikra at flest mogleg får tilgang på bustader som passar dei – sosialt, økonomisk og ut frå om dei bur åleine eller med fleire. Dette er ei endring av plan- og bygningslova, og eg meiner det er riktig å gje kommunane dette utvida handlingsrommet. Samtidig er det viktig for meg å understreka at for å sikra at bustadene faktisk vert selde, og dermed kan verta bygde, er det avgjerande med god dialog mellom kommune og utbyggjar, men òg med aktuelle kjøparar. Det må vera ei felles forståing mellom utbyggjar og kommune om kva type bustader det er behov for å byggja kor, og kva slags bustader det er etterspurnad etter til kvar tid. Difor: Dette er ei moglegheit, og eg rår kommunane til å forvalta denne med klokskap.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
