Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg lytta nøye på svaret, men spørsmålet handla nettopp om språk og dei påviste språkbarrierane. Det er sjølvsagt flott at departementet gjer innsats på mange forskjellige punkt, men mitt spørsmål var knytt til språk. Eg opplever at ein anerkjenner problemet, og då gjev det lite meining i å fjerne eit tiltak som ikkje eingong fekk tid til å verke og sjå om det gav resultat på dette området. Realiteten er no at andelen doktorgradar avlagt av utanlandske statsborgarar utgjer eit solid fleirtal i viktige fagområde som teknologi, matematikk og naturvitskap. Totalt for alle fag står utanlandske forskarar for omtrent halvparten av dei avlagde doktorgradane. Halvparten av desse igjen forsvinn då ut av landet. Det handlar om kva plass norsk som språk faktisk skal ha som fagspråk i akademia. Det er ei viktig nasjonal interesse at det står sterkt, så kva grep retta mot språk er det statsråden tek, viss ho ikkje vil gjeninnføre dette tiltaket?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
