Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. feb 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 11. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg er for så vidt glad for at det blir vist til den handlingsplanen for norsk fagspråk som blei lagt fram då Senterpartiet sat i regjering. Den slår jo fast at det vil vere eit kulturelt tap og eit demokratisk problem viss vi mistar det norske fagspråket. Det er store utfordringar knytt til å gje ut fag- og pensumbøker på norsk, og boksalet har vore fallande i mange år. Vi veit òg at stadig fleire fag no berre har engelskspråkleg pensumalternativ. Statsråden skrotar ved fyrste anledning eit krav som iallfall kunne ha medverka til å styrkje posisjonen til norsk som fagspråk i akademia. Difor lurar eg på om statsråden i det heile teke er bekymra for at engelskspråkleg pensum er i ferd med å erstatte norsk fag- og pensumlitteratur i akademia.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat