Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg takkar statsråden for svaret, sjølv om han svarte på alt anna enn det eg spurde om, for spørsmålet mitt var ganske enkelt. Det handlar ikkje om å byggja ned strandsona, for her snakkar me om bygg som allereie står der. Det handlar om ei bestemming i kommuneplanen i ein kommune i den mildaste kategorien, om i kva grad naust kan ha innlagt vatn og avløp. Eg skal ikkje læra nokon kvifor det er fordelar med vatn og avløp, men driv ein på vanleg vis på sjøen, oppbevarer båt og fartøy i naustet og tek med fangst tilbake, kan det vera ein fordel å ha innlagt vatn og avløp for å kunna sløya fisken. Det kan òg vera andre behov som gjer at vatn og avløp er fornuftig å ha når ein oppheld seg mykje på kysten, den flotte kysten som eg er einig med statsråden i at me har. Det eg synest er litt spesielt, er at statsforvaltaren i dialogen med kommunen seier at det er nasjonal interesse om ein har vatnet på innsida eller utsida av naustet, og om ein har eit avløp så ein kan sløya fisken på ein berekraftig, miljøvenleg måte, i staden for at ein skal sløya han og hiva det tilbake i sjøen. Er det verkeleg nasjonal interesse å leggja seg bort i sånt?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
