innlegg · 11. feb 2026

Liv Gustavsen
Liv Gustavsen
Fremskrittspartiet·Akershus

SakMøte onsdag den 11. februar 2026 kl. 10

Innlegget

«Vi har i teorien et sterkt og tydelig rammeverk for barns rett til å bli hørt. Barns medvirkning er lovfestet. Det er bred politisk enighet om at barn skal høres i saker som angår dem. Likevel forteller barn i barnevernsinstitusjoner noe annet når man faktisk snakker med dem. De beskriver en hverdag der de formelt blir involvert, men hvor de ikke opplever at deres meninger får reell betydning. Er statsråden komfortabel med at barn som allerede har begrensede rettigheter i hverdagen, mister sin rett til å bli hørt når det betyr mest?» Statsråd Lene Vågslid [13:16:31]: Takk for eit godt og viktig spørsmål. Barn har ein grunnleggjande rett til å bli høyrde og medverke i alle forhold som gjeld dei. Det er barnet som er hovudpersonen i ei barnevernssak, og barnets syn er sentralt i vurderinga av barnets beste. Som representanten Gustavsen viser til, er dette tydeleg slått fast i barnevernloven, og det gjeld òg fullt ut for barn i barnevernsinstitusjonar. Barnet har rett til tilstrekkeleg og tilpassa informasjon til fritt å gje uttrykk for meiningane sine og bli lytta til. Og barnets syn skal vektleggjast i samsvar, naturleg nok, med barnets alder og mognad. Samtidig er det viktig å vere ærleg på at medverknad ikkje alltid betyr at eit barn får viljen sin. Slik er det for alle barn, for oss som er foreldre òg. I mange saker vil det vere nødvendig å setje grenser og ta val som barnet kan vere ueinig i for å vareta både omsorga for og utviklinga til barnet, og ikkje minst for å kunne beskytte barnet. I slike situasjonar er det heilt avgjerande med god dialog med barnet om kvifor deira syn eller meining ikkje blei følgd. Regjeringa har dei siste åra teke fleire grep for å styrkje barns reelle moglegheit til medverknad i barnevernssaker. Frå den 1. januar 2024 tredde ei ny medverknadsføreskrift i kraft med tydelege krav til korleis barnevernet skal vareta barns medverknad i alle fasar av saka. Og frå 1. januar i år har Bufdir òg oppdatert rundskrivet sitt som gjev rettleiing om barns rettar og medverknad på institusjon. Det er òg viktig å seie at barn kan klage. Dei kan klage til Statsforvaltaren på forhold på institusjonen f.eks., om dei opplever det representanten tek opp, manglande medverknad. Ein oppretta i 2022 òg ein klageportal på Statsforvaltaranes nettstad, der målet er å gjere det enklare for barn å vende seg. I 2023 blei det òg innført nye føreskrifter om barnevernstenestenes ansvar for å følgje opp barn i institusjon og om Statsforvaltarens tilsyn med barn i institusjon. Reglane skal bidra til auka medverknad og auka rettstryggleik for barn, og det er bl.a. reglar om tilsynssamtaler med barn. Liv Gustavsen (FrP) [13:19:10]: Som statsråden vet, er jeg veldig opptatt av at alle barn, og særlig barn i institusjon, skal bli sett og hørt. Statsrådens tidligere partileder, Gro Harlem Brundtland, var en som tok fram dette med nabokjerringa, og det handler om å bli sett og hørt. Jeg kan gi et konkret eksempel, og det er selvfølgelig anonymisert. En ungdom, la oss kalle henne Emilie, oppleves som krevende av ansatte og er derfor underlagt omfattende begrensninger i hverdagen, bl.a. manglende mulighet til å forlate institusjonen. Dagen før et varslet tilsyn får hun imidlertid beskjed om at hun kan få tre timers fritid og gå på kjøpesenter nettopp i det tidsrommet tilsynet er til stede. Mener statsråden dette er en tilfeldig praksis, eller er statsråden bekymret for at institusjoner aktivt legger til rette for at barn som er kritiske, sårbare eller krevende ikke er til stede når tilsynet skal snakke med dem? Statsråd Lene Vågslid [13:20:18]: Eg er svært oppteken av at dei rettane barn har i tråd med barnevernloven, blir følgde. Eg er òg veldig oppteken av at me lyttar til dei klagene som kjem frå barn. Eg har òg høyrd om eksempel der barn har opplevd det representanten tek opp, at ein ikkje meiner at medverknaden ein skal ha, er blitt følgd. Difor er eg òg veldig glad for at når me går inn og ser på tal frå Helsetilsynet bl.a., viser det at om lag to tusen barn fekk tilbod om samtale ved tilsyn i 2024, og ni hundre av dei ønskte å snakke. Det er heilt grunnleggjande for meg at me sikrar at ungar som skal ha denne barnevernsinstitusjonen som heimen sin, blir godt varetekne òg når det gjeld eigen medverknad, samtidig som eg held fast på at me òg må kunne setje grenser og ha avgrensingar, for å beskytte ungane, som dei av og til sjølve vil vere ueinige i. Liv Gustavsen (FrP) [13:21:21]: Jeg er imidlertid kjent med opplysninger fra barn i institusjoner som opplever at det ikke nytter å ta opp forhold med Statsforvalteren, og at enkelte frykter negative konsekvenser dersom de sier fra. En institusjon hvor barn er i et avhengighetsforhold til ansatte, kan det være krevende å gi uttrykk for slike bekymringer når man er 13 år eller 14 år. Har statsråden grunnlag for å si at barns nei til samtaler, som hun henviste til, er uttrykk for et reelt og fritt valg? Hvilke undersøkelser eller kontrollmekanismer finnes for å avdekke om frykt for represalier eller utilbørlig påvirkning fra ansatte, påvirker barns valg om å ikke snakke med Statsforvalteren eller andre tilsynsbesøkende? Statsråd Lene Vågslid [13:22:20]: Generelt blir barn i barnevernsinstitusjon høyrde, men det er naturleg nok ikkje slik at ein alltid får det ein ønskjer. Eg er òg sjølv veldig engasjert i å sikre at institusjonane våre klarer å ta betre vare på barn, særleg barn som er utsette for kriminalitet eller sjølve har vore involverte i kriminalitet. Da er det nokon tiltak me òg kjem til å kome med no som handlar om å beskytte barna mot anten å skade seg sjølve eller andre, der barna vil vere ueinige i det. Eg opplever at Framstegspartiet i stor grad òg har både støtta og etterspurt at me sikrar institusjonane betre verktøy for å beskytte ungane. Då vil det i nokon situasjonar vere i strid med det barnet sjølv ønskjer. Eit eksempel: Viss vi veit at eit barn f.eks. er i kontakt med eit kriminelt nettverk, kan det vere at institusjonen vurderer det som riktig f.eks. å låse ei dør, sjølv om barnet kan vere ueinig i det. Det er den vanskelege balansegangen tilsette i barnevernsinstitusjonar står i.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Gustavsen (Fremskrittspartiet) — innlegg · 11. feb 2026 — OverStortinget